mandag 18. oktober 2010

Ei pasning til Lysbakken

Vår forbrukarminster heiter Audun Lysbakken. Her er bloggen hans.  Som forbrukarminister er det han som har det overordna ansvaret for forbrukersaker her i landet. Lysbakken er og særdeles oppteken av fotball. Eller meir korrekt å seie, oppteken av Brann. Difor tenkte eg at eg skulle sende han ein pasning. Og eg håpar det vert ein målgjevande pasning. Sånn for å følge opp fedmedebatten.

Sist veke hadde eg eit oppslag i Dagsavisen om mellom anna forbud av reklame for sjokolade og anna kaloririk mat. Det er kanskje å trekke det litt langt, men eg meiner at ein også bør kunne diskutere slike framlegg. I dag var eg å vitja programmet Førkveld på NRK1 og snakka litt med programleiaren der om denne saka. For ein ting er eit generelt forbod mot reklame for sjokolade - ein annan ting er reklame for usunn mat retta mot barn og unge. Sveriges Konsumentråd gjorde ei kartlegging av reklame for usunn mat mot born og unge i Sverige.


Denne undersøkjinga synte at halvparten av all reklame på barnenettsider var reklame for usunne matvarer. Også på fjernsyn og barneblader var det nærmare 30% reklame for usunn mat - med barn og unge som målgruppe - eller som ei av målgruppene. Tenk berre sjølv når du ser på tv. Reklamen for dei kjeksa som er perfekt å dele - ein liten gut saman med hunden sin, reklame for kinderegg - spenning, eit leiketøy og litt sjokolade. Reklame for potetgull, reklame for sjokolade, for kjeks, for brus og anna usunn mat. Og frå forskningshald, ser ein at reklame for usunn mat, er ein av grunnane til at born vert overvektige. Og born ser mykje på tv.



Det er ikkje det at eg skal være ein forbanna sosialist moralist (som enkelte nok vil kalle meg uansett) - eg syns at folk må ete og kose seg. Slafse i seg potetgull og sjokolade til feitet glinsar rundt kjeften.  Men det eg syns ikkje er bra - er at bransjen kynisk rettar reklamen sin for born - for å gje dei vanar. Vanar som dei skal ta med seg til neste generasjon. I dag finns det berre nokon frivlljuge retningslinjer i forhold til reklame frå denne bransjen - i forhold til reklame retta mot born. Dette er ikkje godt nok.

Så difor Audun Lysbakken - sender ei pasning til deg. Eg oppmodar deg om å sjå på regelverk i forhold til reklame for usunn mat - retta mot born og unge. Det er strengt tatt ikkje naudsynt at sukkerbransjen skal tene seg rike på at ungane våre får dårlege vanar. Eg vonar at det er ein målgjevande pasning - og at eg sentrer betre enn dei som speler på Brann.

Audun Lysbakken. Foto: Natt og Dag

5 kommentarer:

  1. du er en forbana kommunist.

    SvarSlett
  2. *forbanna flott kommunist

    SvarSlett
  3. Og hvem i h------ tror du kjøper slafset til en guttunge som han på bildet? Han tjener neppe penger selv! Men du mener kanskje at foreldrene, stakkars, ikke kan klandres?

    SvarSlett
  4. Og kvifor skal det å kose seg alltid henge saman med godteri og søtmat? Kan ein ikkje kose seg saman med ungane sine til dømes, utan å stappe noko i kjeften?

    SvarSlett
  5. Er du og Audun Lysbakken i slekt? Dere ligner.

    SvarSlett