tirsdag 27. juli 2010

Moskva-Marit har fjerna tarmen.

Dog ikkje heile. Men halvannan meter. Og 80% av magesekken. Den tidlegare korpulente, for å ikkje seie brælfeite dama har då fjerna 90 kilo fett (pluss litt tarm) etter ein slankeoperasjon. - Eg kunne døydd om eg ikkje tok av, seier hos. Vel det burde ho vel tenkt på litt før ho stappa i seg med Borsjtsj, Sjasjlyk og Blini medan ho susa rundt i Russland.

Operasjonen er sikker dekt av dine og mine skattepenger - syns du det er greit? Eller syns du kjerringa burde byrja å gå tur og ete mindre mat?


Tarm som ein lagar pølse med.

-----
Oppdatering 14.49

mandag 26. juli 2010

Mannsfett reality: Jakta på ein tjukkas

Hausten nærmar seg diverre med stormskritt. Det regnar, feriepengane er svidd av og ikkje minst - ein fekk ikkje den ønska strandkroppen i år heller. Men på den lyse sida, det er berre eit lite år til det igjen er sumar. Og nye gleder og skuffingar. Til neste år skal ein være i toppform. Eg har tenkt å være med å redde ein eller to tjukkasar frå ein ny fleskesumar. Eg ser på meg sjølv som slankeindustriens Mor Teresa. Ein slags Far Kristianfj. For eg eg har sjølvsagt tenkt å gjere det heilt gratis.

Snart byrjar og hausten på fjernsynet. Og ein kan ta seg i ræva på at det kjem til å vere ei rekkje nye "røyndomsprogram" der dumme mennesker skal ha seg på eit fint hotell, bu jævla stusseleg på ei øde øy eller jakte på kjærleiken med glisekjerringa Kathrine Moholt. Eg har nemmeleg tenkt å ha min eigen realityserie her på bloggen. Namnet er noko usikkert endå, men eg er altså byrja å jakte på ein eller to deltakrar til denne bloggrealityen. Eg har ikkje medisinsk kompetanse, ikkje fysiologisk kompetanse eller anna fagleg kompetanse - men mykje realkompetanse.

Så altså - kan du være ein aktuell deltakar i Mannsfett reality? Her er krava til dei eller deg som ynskjer å være med. Og om du ikkje er aktuell, så er det kanskje andre i venekretsen din. Det er det nok ganske sikkert iogmed at 30% av den norske befolkninga er overvektige.

1. Du skal være skikkeleg feit eller tjukk, med eit ganske så heilhjarta ynskje om å fjerne flesket du har på kroppen din.
2. Du må være villjug til å fylgje eit kosthaldsopplegg og eit treningsopplegg tilpassa tjukkasar.
3. Det er ei føremon om du røykjer - om ikkje kan det hende du byrjer å røyke i løpet av prosessen.
4. Din prosess vil verte dokumentert her på bloggen med bileter og tekst. Andlete ditt kan sladdast om du syns det er flaut.
5. Du må være litt uhøgtideleg og glad. Men tjukke folk er stort sett det, så eg reknar med at det ikkje er eit problem.
6. Du bør bu i Oslo. Og det er eit problem, her er statistisk sett færre tjukke enn i resten av landet.

Faktorar som at du ikkje er tjukk nok eller at eg ikkje liker deg kan diskvalifisere deg frå programmet. Men tenk så fint å verte diskvalifisert fordi du ikkje er tjukk nok?

Du kan sende ein e-post til Mannsfett eller legge igjen ein kommentar i kommentarfeltet, så tek eg kontakt. Eg startar programmet straks eg har fått fatt i ein eller to deltakakar.


Åsgeir Almvik har knipsa meg mens eg ser etter tjukkasar.

søndag 25. juli 2010

Personar som twitrar om fett og denslags.

Twitter vert stadig meir og meir brukt. Iallefall av nokon få. Som meiner dei har mykje smart å seie. VG skreiv i går ei liste over 100 mennesker som er på Twitter, som dei meiner du bør fylgje. Om du syns både at Bjørn Eidsvåg og Perez Hilton er verdt å fylgje, så er vel dette lista for deg. Eg har funne nokre mennesker som blogger om fett, fedme, flesk og anna. Om dei er vert å fylgje, er ein heilt annan sak.

1. @Kristianfj
Eg byrjer sjølvsagt med meg sjølv. Mann som bloggar om fett og menn og denslags.
Siste tweet: @TV2Sturla Irrgrønn av misunnelse. Ryddet i kjelleren og fant mine 517 @SamFoxcom plakater. Min første store forelskelse(okei då, twitrar vel kanskje lite om fett)

2.@MrGym
Twitrar fakta om helse og fedme. Gratis tips og greier. Slå til.
Siste tweet: It is also estimated that 15% to 20% of our nation’s children are overweight, with almost 1/3rd of those being obese!

3. @dietpatch
Endå meir tips og tant. Om du bruker den kuren hennar, så vert du garantert slank. Så det så.
Siste tweet: Marks and Spencer has started to sell over-sized school uniforms for overweight #children as young as four. http://bit.ly/dbaN7e #m&s #obese

4.
@MensHealth_OW
Truleg menn i tøflar. Som kjem med gode råd. Jævlig med gode råd her.
Siste tweet: Danish Study: Obese Men Face Higher Death Risk - Health News Story - WPBF West Palm Beach: STOCKHOLM -- A Danish s... http://bit.ly/dAzF1h

5.
@PerezHilton
Han blogger ikkje om fett. Men er ganske feit sjølv.
Siste tweet: Attention gays in West Hollywood! #ChristinaAguilera is at Here Lounge RIGHT NOW!


6.
Weight_Mngement
En eller annen som spyr ut fakta om fedme.
Siste tweet: #Weightloss Resveratrol Helps Improve the Fitness of Your Fat (source: Wellness Resource): The health of your http://url4.eu/6MUTJ


Og det var vel strengt tatt dei som eg har funne som twitrar om fett. Med andre ord - ikkje særleg spanande. Søndagar er kjedelige dagar.

Eg er fysen.

Og for dei som ikkje veit det, så er fysen det same som må ha lyst på noko godt. Kanskje så lyst på noko godt at ein byrjer å gnage på sin eigen arm, eller at ein et nugatti rett utav boksen. Med gaffel. Etter ei veke med fleskeferie, så skal ikkje eg gå på ein sundagssmell, men heller laste inn nokre nye sanger på Ipoden og bevege meg ute. Eg vel heller låtar om godis. Så kan eg fantasere litt om mat på vegen. Har du forslag til andre låtar som handlar om mat?





fredag 16. juli 2010

Fleskeferie

Då skal det skeiast ut. Alle dei mila som er jogga og gått, alle dei metra som er svømd, alle dei vekter som er løfta og alle dei forsakelsane som har blitt tatt gjennom våren - skal brytast ned. Det er sommarferie. Då skal det fleskast til med grillmat, is, øl og anna stas som høyrer sommaren til. Eg er ganske godt førebudd til ferien, ikkje skal eg til Thailand, ikkje skal eg ta med heim medisinar og fisk frå utlandet - og med campingtips så er eg vel førebudd.

Forsakingas tid er ute - flesket si tid er inne.

Hurra for sommer!

torsdag 15. juli 2010

Kvapsete kjerring på tur til Latvia

Når eg reiser på ferie, så er eg mest oppteken av å sjå nye ting, kjøpe nye ting, drikke alkohol på nye stadar, ete mat og ikkje minst få med meg kvote heim. Eg er då nordmann. Det eg sjelden har ynska å få med meg heim er operasjonssår og kanskje ein infeksjon frå eit sjukehus i Lativa. Men det er altså det nye hippe. Før reiste ein til Baltikum for billig sprit, spa, horer og rav. No er det fleskereduksjon som er det hippe.

Og om du altså ser på bilde av den kjerringa som er i saken til NRK. Ho er altså ikkje så feit. Litt rund, litt mage - men inga krise. Eg tenkjer at 3 veker med trening, endra kosthold og meir fysisk aktivitet - så hadde resultata våre store. Istadenfor vel ho å operere seg i Latvia. Eit land som kanskje har bruk for å nytte legane sine til noko anna enn å fikse kvapsete, egoistiske kjerringer frå Norge. Som strengt tatt i ein alder av 23 år - kunne ha gymma litt istaden.



Men altså - om du ikkje gidd å trene fleskekroppen din, eller ta handa opp av godteskåla - så kan du reise til Lativa og fikse deg. Fiks ferdig.

mandag 12. juli 2010

Stup med den kroppen du har

No er det sommar. I allefall nesten. Været er så som så, men ein får no gjere det beste utav det. Og hugs - stup med den kroppen du har.

søndag 11. juli 2010

Mannsfett oppsummerer fleskeveka

Sidan du truleg ikkje har tid å surfe rundt på nettet heile tida, så har eg tatt på meg å samle dei viktigaste nyheitene om feite folk, fedme, overvekt og slanking. Slik at du er oppdatert.

1.Prinsesse Beatrice rasar ned i vekt.
TV2 melder at Prinsesse Beatrice er på ferie i i St. Tropez. Dei skriv vidare at ho er tilsynelatande slank. Det er er noko usikker på kva betyr. Tilsynelatande slank er vel sånn at du ser slank ut, men eigentleg ikkje er det?

2. Jessica Simpson er slank igjen.
Jepp. Ho har gitt kroppen sin eit sjokk. Eit sjokk med vegandiett og Pu-erh te. Jepp. Så mykje er det å sei om den saka.

3. Jaktar på overvektige.
Private klinikkar jaktar på overvektige. Dei kan med andre ord kallast Chubby chaseres. Dei vil opererere dei og betre livskvaliteten deira. For det sug hard balle å vere tjukk. Nokon sure damer syns dette er stusseleg, og vil stikke kjeppar i hjula for både klinikkar og tjukke.

4. Maten har skylda.
Nokon har funne ut at grunnen til at folk vert feite er fordi dei et for mykje og feil mat. Er det agurktid, så er det agurktid.

5. Halsen avslører om du er tjukk.
Nokre andre smartingar har funne ut at BMI er ein unøyaktig metode å måle om du er for tjukk eller ikkje. No vil dei måle halsen for å finne det ut. Eg foreslår at dei kanskje berre ser seg i speilet og går på vekta. Om ein mann har mage, men tynn hals så vert han vel ikkje slank sjølv om halsen er tynn?

6. Maten langs landevegen er for feit.
Min gamle sjef, som no er underdirektør i Forbrukarrådet syns at det er fysjom fy og bæsj æsj med pølser og boller når ho skal kjøpe mat på bensinstasjonen. Ho vil kjøpe salat, kildevatn og bakverk med frø og grovt grovt mel. Jepp der har du ho - handa opp av godteskåla, Fru Underdirektør.

Og det var vekas viktigaste fleskenyheiter.

lørdag 10. juli 2010

Korsett til menn

Det å gå rundt med ølmagen sin, er no så som så. Magen disser og hoppar opp og ned når ein går langs gata. Førti, feit og ferdig. Men det kan fiksast. På ein enkel måte. Med eit tradisjonelt kvinneplagg. Korsettet. Dette er jo nærmast eit torturinstrument som vart nytta for å gje kvinner ein smal midje heilt sidan middelalderen.

Men no er det menn som nyttar dette. Norske menn storhandlar korsett frå Danmark. Firmaet just2men leverer store mengder korsett til Noreg. Jan Klarskov som er dagleg leiar i firmat seier at mange menn kjøper korsett fordi dei skal i bryllup eller skal holde foredrag for mange mennesker - og ynskjer å sjå så bra ut som mulig.

Heildekkande korsett

Klarskov fortel vidare at forfengeligheit er naturleg, og for menn, og at han syns det er flott av notske menn vil nytte korsett. Han forsikrar at korsetta hans ikkje er ubehagelige. - De er faktisk veldig gode å ha på, eg pustar heilt normalt i dei, seier Jan Klarsko.

Sjølv kjenner eg meg skeptisk. Eg trur heller at eg tek meg ein joggetur. Og ein røyk. Vil du bruke korsett?

fredag 9. juli 2010

Gladnyheit for småtjukke

Det å være tjukk og feit er ei elende for folk flest. Det er ikkje måte på kor mange sjukdommar og anna satanskap som skal råka dei som slit med ein liten eller stor fleskevalk. Men endeleg så kjem det ei gladsak. "Moderat overvekt kan forlenge livet"

Eg syns eg kan høyre 1/3 av landets befolkning trekk eit lettelsens sukk. Alle elendigheitspropganda er gjort til skamme - du skal leve lenge. Du kan fleske deg med kake, is og cava. Og gå opp ein buksestørrelse. Å berre gje faen.

Men - her er jo sjølvsagt eit stor men. For sjølv om du skal leve lengre, så vil det ikkje nødvendigvis seie at du ska ha det supert. For tenk å leve til du er 100 år - utan å få deg noko. For tjukke folk vert jo ikkje meir attraktive sjølv om dei skal leve lenge. Eller driv med intimbarbering. Og er det noko alle veit, så er det at tjukke folk ikkje er attraktive. Så spørsmålet er då - tren i sommar og dø ung - eller et ein is og bli gamal.

torsdag 8. juli 2010

Terror og fedme

Heldigvis for norsk presse, er det slått full terroralarm i dag. Agurksesongen er i full gang og det er den eine meingslause artikkelen etter den andre på framsida av Dagbladet og VG. Men idag så smalt det. 3 personar i vesle Noreg planlegg bomber og granatar. Sjølvsagt er dette skremande, men terror er i følge ein britisk forskar, ikkje berre noko skumle muslimar driv på med.

I VG i ein artikkel heilt tilbake frå 2008, kan ein nemmeleg lese. "En av Storbritannias fremste kostholdseksperter mener fedmeepidemien utgjør en like stor trussel mot landet som terrorisme".

25% av britar er er sjukeleg overvektig i dag. Og er det rart. Alle som har vore på ein helgetur til London, har sett kva mat dette folket glefser i seg. Det er frityr over ein låg sko, potetgull til alt, søte kjeks og øl til kvardags. Om ein fortsett slik, så vil det i følge forskaren gå på same måte med britane som amerikanarane. I USA vil 100% av innbyggjarane vere overvektig i 2050 om ein ikkje strammar seg opp.

Mon tru korleis det går med oss?

Ein tjukkasterrorist. Kanskje?

Langtidseffekter av trening

Det vert forska på alt. Det er jo ein grunn til at ein finn ut dei mest utrulege ting. Ein forskar sjølvsagt og på trening. Trening er jo eit relativt nytt fenomen. Eit behov me fekk, når pølser, øl og smågodt frå Sverige vart ein naturleg del av eit næringsrikt og balansert koshold. Men er det nokon som har forska på langtidseffektene av trening? Ein har forska på langtidseffektene av røyking og det er jo ganske stusselege framtidsutsikter ein har der. Men det tok jo ganske lang tid frå ein byrja å røyke, til at ein kom fram til at det var skadeleg. Og tenk då - om 10 år, så har forskarar kome fram til at det er skadeleg med trening. Du får ikkje lengre beinhinnebetennelse av å jogge - du får regelrett beinhinnekreft?

Og ein kan jo stille seg spørsmål om trening i det heile teke, er viktig ( for det handlar jo om utsjånad - ikkje noko anna) - no når også supernerder kan verte supermodellar.

Så kanskje ein skal vurdere dette med trening på nytt. Gjere ei god og brei vurdering, medan ein drikk øl, et hamburger og tek ein røyk. Dei tre tinga er ein iallefall heilt sikre på er skadelege - sånn på lang sikt.

Dette kan umuleg vere bra på lang sikt?

onsdag 7. juli 2010

Vil du ha ein perfekt kropp - bruk surrogatmor

Ein kan jo ikkje vere lukkeleg om ein ikkje har ein perfekt kropp. For har ein ikkje ein perfekt kropp, så kan det liksom berre vere med resten. Det er kroppen din som definerer om du er ein suksess eller ikkje. Og i dag har eit godt råd til kvinner - i forhold til korleis dei skal halde på sin vakre utsjånad. Det som øydelegg kroppane til mange kvinner er å få barn. Så difor, ikkje høyr på folk som fraråder bruk av surrogatmødre eller som går hardt ut mot det.

Etter ei kvinne får eit born så kan ho gjerne sjå slik ut. Og kven vil sjå slik ut. Då er ein jo ikkje lukkeleg. For ein er ikkje perfekt.



Så difor frys ned egg og sæd, send det til India, kjør greiene inn i ein fattig stakkar, og vent i ni månedar - og vips så har du ein baby. Og framleis ein perfekt kropp. Dette er ein vinn - vinn situasjon for alle. Den fattige dama, som lar deg bruke kroppen hennar, får nokre kroner, du har framleis perfekt kropp og kan spele rolla som lukkeleg mor. Du må ikkje bry deg om, at nokon kallar deg grunn, umoralsk eller egoistisk. Du har jo heilt sikkert betre kropp ein dei som kjem med skuldingane. Hurra for enkle løysningar!

-----

Oppdatering 16.juli.
Audun Lysbakken veit du. Han er og i mot. Berre så du veit det.

tirsdag 6. juli 2010

Fatwatch

Dei siste ettermiddagene så har eg kleska legeme ned i sofaen og sett Baywatch. Og det er verkeleg nokre ting som har tålt tidas tann, mindre enn andre ting. Sjølv om dei framleis er godt trente, og truleg ikkje treng gode tips for å komme inn i bikinien. Men då for lenge sidan, så på byrjinga av nittitalet var dette ein fantastisk tv-serie. Kven kan gløyme Pamela, Nicole, Erika og Yasmine som sprang bortetter stranda i badeklede. O`lukke. Omlag slik såg dei ut.



Kan du tenkje deg korleis denne serien hadde vore dersom det hadde vore tjukke damer som sprang? Det slepp du - for det er sjølvsagt nokon som har laga ein film som gjer at du slepp å tenkje på det - du kan sjå det med dine eigne augo. Enjoy!

Tevlingar - no også for tjukke

Når ein er tjukk, er sport noko ein helst ser på tv medan ein har den eine handa langt nedi potetgullbollen og jekkar opp ein øl med den andre. Men det fins løysningar for deg som er tjukk. Og som vil delta i eit mesterskap. Du kan sjølvsagt være med i etemeisterskap. Sånn som denne mannen her. Han har då ete 54 pølser på ti minutt. I snitt har ei pølse om lag 250 kalorier. Det vil med andre ord seie at denne mannen pressa ned 13.500 kalorier på ti minutt. Eit normalt inntak av kalorier ligg vel på omlag 2000 - 2500 for ein vaksen mann per dag. Han har då ete for 5 dagar. På ti minutt. Veddar på neste gong han går på do, så luktar det ikkje akkurat blomar.


Et pølsa di far. Et!

Northug jr - på kanten av fleskestupet

Skipetter. Eller pokerpetter. Kjær Petter har mange namn. Petter Northug jr er jo som oftast å finne i sporet. Med sikkel og gørr rundt kjeften, susar han rundt den eine skiløypa etter den andre, i trikoten sin. No speler han poker. Og ein veit kva som skjer med menn som sett seg ned å speler poker. Dei bryjar å drikke brunt brennevin. Og røyke. Og det er jo forsåvidt morosame ting begge delar, men det vert fort til at ein sit der. Og sit der. Og får pokermage. Istadenfor pokerfjes. Og då kan skjære seg med skia. Og då må han finne andre ting å gjere.


"Faen i helvete, genseren er for trang"


For vips så vert han ein liten tjukk mann, som kommenterer andre sportsutvøarar. Som tildømes Jan Ivar Jacobsen. Stutt & tjukk.

søndag 4. juli 2010

Mannsfett har forska på tjukkasar i badeklede

Som ei oppkjøring til sommar,sol og badeliv, har eg på bloggen gjort ei undersøkjing på kva folk flest syns om tjukkasar i badeklede. Og no er resultata klare. I VG kan ein idag lese om badetøy for normale folk. Eller normale kvinner då. Her kan ein mellom anna lese.

Velg strandtøy som du selv synes er fint. Det handler mye om å tro på seg selv. Det viktigste er hvordan man har det inni seg. Tenk på hvor flott du blir med litt farge på kroppen. Ingenting er som ekte solbrun hud!


Hmmm. Eg veit ikkje om eg trur på det. Og artikkelen seier ingenting om normale eller tjukke menn. Kva bør dei ha på seg? Dette?



eller dette?



Uansett. 11% syns det er sexy med tjukke folk i badeklede. Dei om det. Eg trur ikkje så mykje på det. Eg trur dei berre vil vere politisk korrekt. Fett er fint liksom. Shitbradpitt.

17 % syns det er unødvendig at tjukke folk går i badeklede, medan heile 16 % av folket vert kvalme av tjukkasar i badeklede. Det er ein ekstrem stor grunn til å oppmode alle tjukkasar om å kaste kleda i sommar og fleske til på stranda.

Over 50 % syns likevel at det er heilt greit at tjukke folk går i badeklede. Og kvifor skulle det ikkje vere greit. Folk flest er då altså ikkje så grunne som enkelte skal ha det til. Fram med fettet og flesk til.

Trening for folket

Altså. No skal eg vise deg noko skikkelig ekkelt. Stortåa mi.Nokon må ha nye joggesko. For tru meg det er ikkje det einaste gnagsåret eg har.



Eg har nemmeleg vore i Bergen. Noregs vakraste by. Der har eg vore på Folkedansfestival. Og dansa. Litt iallefall.



Samt at eg har sprunge opp og ned Noregs vakraste fjell nokre gonger. Fløien har fine vegar som ein kan ta seg ut på. Og belønninga er utsikt over denne vakre byen.

Men snakk om gnagsår. I dag begynner Tour de France. Her skal dei sykle meir eller mindre rundt heile Europa. Vår gullgutt i dette sykkeløpet er Thor Hushovd. Og sjølv om han no ikkje startar så bra, så varar jo dette løpet i månadsvis. Men tekn på dei gnagsåra han får. Og det er jo ikkje vanlege stadar han får gnagsår. Mil etter mil, skal han ha ræva si på eit sykkelsete. Han kjem til å få same huden under ræva, som oss vanlege har under beina. Vonar han har pakka sinksalve og babypudder i bagen.


Sånn kan kanskje rompa til Thor Hushovd sjå ut i slutten av juli

torsdag 1. juli 2010

Dagbladet lar seg provosere av Ida Wulff

For nokre dagar sidan, kjende eg på raseriet over Ida Wulff si skamlause promotering av Restylane. Eit middel som gjer ein større lepper. Slik at ein får kjempelepper. Og sikkert vert betre til å kline. Eg har ganske store lepper i utgangspunktet.

Dagbladet har og latt seg provosere. Og ja, det er eg som er sitert på denne saken. Så godt langt nedi sjelen. At fleire syns ho er dryg og skamlaus. Ida Wulff er ein rosabloggar. Det er ein type bloggar som skriv om glade, fine og rosa ting. Men det må gå grenser og for rosabloggaarar. Eg går for å verte ein svartbloggar. Eg skal skrive om sure, stygge og svarte ting.

Håpar ho tar seg litt sommarferie, og tenkjer seg nøye om. For eg trur Ida Wulff er snill, sånn innerst inne.


Store kjøsselepper utan ekstra fyll