torsdag 15. juli 2010

Kvapsete kjerring på tur til Latvia

Når eg reiser på ferie, så er eg mest oppteken av å sjå nye ting, kjøpe nye ting, drikke alkohol på nye stadar, ete mat og ikkje minst få med meg kvote heim. Eg er då nordmann. Det eg sjelden har ynska å få med meg heim er operasjonssår og kanskje ein infeksjon frå eit sjukehus i Lativa. Men det er altså det nye hippe. Før reiste ein til Baltikum for billig sprit, spa, horer og rav. No er det fleskereduksjon som er det hippe.

Og om du altså ser på bilde av den kjerringa som er i saken til NRK. Ho er altså ikkje så feit. Litt rund, litt mage - men inga krise. Eg tenkjer at 3 veker med trening, endra kosthold og meir fysisk aktivitet - så hadde resultata våre store. Istadenfor vel ho å operere seg i Latvia. Eit land som kanskje har bruk for å nytte legane sine til noko anna enn å fikse kvapsete, egoistiske kjerringer frå Norge. Som strengt tatt i ein alder av 23 år - kunne ha gymma litt istaden.



Men altså - om du ikkje gidd å trene fleskekroppen din, eller ta handa opp av godteskåla - så kan du reise til Lativa og fikse deg. Fiks ferdig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar