mandag 26. juli 2010

Mannsfett reality: Jakta på ein tjukkas

Hausten nærmar seg diverre med stormskritt. Det regnar, feriepengane er svidd av og ikkje minst - ein fekk ikkje den ønska strandkroppen i år heller. Men på den lyse sida, det er berre eit lite år til det igjen er sumar. Og nye gleder og skuffingar. Til neste år skal ein være i toppform. Eg har tenkt å være med å redde ein eller to tjukkasar frå ein ny fleskesumar. Eg ser på meg sjølv som slankeindustriens Mor Teresa. Ein slags Far Kristianfj. For eg eg har sjølvsagt tenkt å gjere det heilt gratis.

Snart byrjar og hausten på fjernsynet. Og ein kan ta seg i ræva på at det kjem til å vere ei rekkje nye "røyndomsprogram" der dumme mennesker skal ha seg på eit fint hotell, bu jævla stusseleg på ei øde øy eller jakte på kjærleiken med glisekjerringa Kathrine Moholt. Eg har nemmeleg tenkt å ha min eigen realityserie her på bloggen. Namnet er noko usikkert endå, men eg er altså byrja å jakte på ein eller to deltakrar til denne bloggrealityen. Eg har ikkje medisinsk kompetanse, ikkje fysiologisk kompetanse eller anna fagleg kompetanse - men mykje realkompetanse.

Så altså - kan du være ein aktuell deltakar i Mannsfett reality? Her er krava til dei eller deg som ynskjer å være med. Og om du ikkje er aktuell, så er det kanskje andre i venekretsen din. Det er det nok ganske sikkert iogmed at 30% av den norske befolkninga er overvektige.

1. Du skal være skikkeleg feit eller tjukk, med eit ganske så heilhjarta ynskje om å fjerne flesket du har på kroppen din.
2. Du må være villjug til å fylgje eit kosthaldsopplegg og eit treningsopplegg tilpassa tjukkasar.
3. Det er ei føremon om du røykjer - om ikkje kan det hende du byrjer å røyke i løpet av prosessen.
4. Din prosess vil verte dokumentert her på bloggen med bileter og tekst. Andlete ditt kan sladdast om du syns det er flaut.
5. Du må være litt uhøgtideleg og glad. Men tjukke folk er stort sett det, så eg reknar med at det ikkje er eit problem.
6. Du bør bu i Oslo. Og det er eit problem, her er statistisk sett færre tjukke enn i resten av landet.

Faktorar som at du ikkje er tjukk nok eller at eg ikkje liker deg kan diskvalifisere deg frå programmet. Men tenk så fint å verte diskvalifisert fordi du ikkje er tjukk nok?

Du kan sende ein e-post til Mannsfett eller legge igjen ein kommentar i kommentarfeltet, så tek eg kontakt. Eg startar programmet straks eg har fått fatt i ein eller to deltakakar.


Åsgeir Almvik har knipsa meg mens eg ser etter tjukkasar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar