søndag 11. juli 2010

Mannsfett oppsummerer fleskeveka

Sidan du truleg ikkje har tid å surfe rundt på nettet heile tida, så har eg tatt på meg å samle dei viktigaste nyheitene om feite folk, fedme, overvekt og slanking. Slik at du er oppdatert.

1.Prinsesse Beatrice rasar ned i vekt.
TV2 melder at Prinsesse Beatrice er på ferie i i St. Tropez. Dei skriv vidare at ho er tilsynelatande slank. Det er er noko usikker på kva betyr. Tilsynelatande slank er vel sånn at du ser slank ut, men eigentleg ikkje er det?

2. Jessica Simpson er slank igjen.
Jepp. Ho har gitt kroppen sin eit sjokk. Eit sjokk med vegandiett og Pu-erh te. Jepp. Så mykje er det å sei om den saka.

3. Jaktar på overvektige.
Private klinikkar jaktar på overvektige. Dei kan med andre ord kallast Chubby chaseres. Dei vil opererere dei og betre livskvaliteten deira. For det sug hard balle å vere tjukk. Nokon sure damer syns dette er stusseleg, og vil stikke kjeppar i hjula for både klinikkar og tjukke.

4. Maten har skylda.
Nokon har funne ut at grunnen til at folk vert feite er fordi dei et for mykje og feil mat. Er det agurktid, så er det agurktid.

5. Halsen avslører om du er tjukk.
Nokre andre smartingar har funne ut at BMI er ein unøyaktig metode å måle om du er for tjukk eller ikkje. No vil dei måle halsen for å finne det ut. Eg foreslår at dei kanskje berre ser seg i speilet og går på vekta. Om ein mann har mage, men tynn hals så vert han vel ikkje slank sjølv om halsen er tynn?

6. Maten langs landevegen er for feit.
Min gamle sjef, som no er underdirektør i Forbrukarrådet syns at det er fysjom fy og bæsj æsj med pølser og boller når ho skal kjøpe mat på bensinstasjonen. Ho vil kjøpe salat, kildevatn og bakverk med frø og grovt grovt mel. Jepp der har du ho - handa opp av godteskåla, Fru Underdirektør.

Og det var vekas viktigaste fleskenyheiter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar