onsdag 30. juni 2010

Enten kan du ete biff eller så kan du røyke

Denne mannen et meir biff for å få ein perfekt kropp. I tillegg til mykje trening då. Biff og styrketrening. Uslåeleg, men akk så kjedelig kombinasjon. Eg slår heller eit slag for den danske metoden. Dei fyrer opp ein røyk i staden. Overalt, og gjer faen i røykeloven. Danskane ass. Dei er så bra folk.

Når ein røyker så stig forbrenninga. Derfor er røyking ein triveleg metode for å miste nokre kilo. Fyr opp - gutar og jenter!

søndag 27. juni 2010

Ein tjukk mann tek revansj

Argentina grusa ned all motstand å gjekk vidare i fotball-VM etter kveldens kamp. Og det som er det gøyaste er at det er ein vaskeekte tjukkas som er sjef. Fleskeberget Diego Maradona er liksom sjefen over alle sjefar når det gjeld fotball i Argentina. Ein tjukkas som tek revansj. Piskar supertrente tynningar rundt omkring på bana. Eg syns fleire tjukkasar bør bli trenarar. Ein slags grusom hevn for gymtimane på ungdomsskulen - når ein var sistemann til å bli plukka ut på laget. Ein tjukkasrevolusjon. Hurra!

Feit fest - tjukke lommebøker

Eg trives på Oslo øst. Men avogtil, når ting er gratis kan ein reise til Oslo vest.Og i går var eg undercover på Oslo vest. Og festa med Olav Thon. På ein hagefest. Som eg strengt tatt ikkje var invitert til. Men det er detaljar. Olav Thon altså. Den tjukkaste lommeboka eg har festa med.

lørdag 26. juni 2010

Tynne mennesker er dummere enn tjukke

Kvart år skal ein kåre den penaste jenta i landet. For skjønnhet er viktig. Viktigare enn alt anna. I år har deltakarane fått ein missequiz av avisa VG. Mellom anna kven som sit i regjering og kva som er den lengste elva i Noreg. Svara deira er det endelege beviset på at tynne og vakre folk er dummare enn tjukke. Så eg trur at ein kan slå to fluer i ein smekk her. Truleg er grafen over kor vakker du er proporsjonal med grafen over kor dum du er. Så Miss Norway og Miss Stupid kan kårast i ein eingong. Og når ein i tillegg har fått ein tidlegare deltakar i Paradise Hotel til å leie opplegget - då vert det heile ein stor IQ-fest. Hurra!



Blonde jenter som prøver å springe beint fram.

Nesten ferdig

I morgon skal eg sende teksten til forlaget for bearbering. Eg er glad for å være ferdig - og gruer meg til attendemeldingar. Tenk om heile greia sug hard balle?

fredag 25. juni 2010

Burde ein byrje med strippetrening?

Ein skal jo ikkje vere negativ til å freiste nye ting. Likevel kjenner eg meg særs skeptisk til trening med strippestenger. Og endå meir skeptisk er eg til at 14 åringar skal trene på ein slik måte. Mest skeptisk likevel - til eit eventuelt forsøk frå meg til å prøve. For som bilete under syner, dette er ikkje ei treningsform for alle.



Med ein koordinasjon som er sviktande når eg skal røyke, lese avisa og drikke kaffi på ein gong - er eg særs skeptisk til korleis dette vil kunne gå. Inni hovudet mitt har eg bilete av meg sjølv i ein glinsande outfit, der eg gnir meg rundt ei strippestang. Eg lovar deg - det ser ikkje bra ut.

torsdag 24. juni 2010

Mannsfett lar seg provosere over Ida Wulff

I ei undersøkjing som vart gjort i 2008, føler 49,7 % av alle jenter i alderen 15-16 års alderen at dei er for tjukke. Venleikspresset når man er i dei sårbare tenåra (både jenter og gutar) er enormt - og langt hardare enn me "vaksne" kan forestille oss. Ein kan lese denne artikkelen, som fortel mykje om korleis enkelte har det i forhold til utsjånad og perfeksjonisme.

Og jente er jente verst. Det er ei sannheit som har levd lenge. Og jenter kan også provosere gutar Og ein av dei verste jentene eg veit om i dag er "kjendisblogger" Ida Wulff. Som "kjendisbloggar" får ho slengt etter seg den eine gratis greia etter den andre, slik at ho kan reklamere for produkta på bloggen sin - og på ein billig måte nå ut til mange tusen lettpåverkeleg unge kvar dag. Denne jenta er rundt 20 år gamal. Og i dette blogginnlegget prøver ho Restylane. For å få større lepper - og bli endå meir perfekt. Og skryt av det. Og nærmast oppfordrer andre unge til å gjere det same. Og når slike mennesker som Ida Wulff - som av ein eller annan grunn faktisk er ein helt for unge jenter, skamlaust promoterer slike inngrep - vert eg lett provosert.Nokon burde nekta ho tillgang på nett ei stund - og gitt ho ein lang tenkepause.



Kjendisblogger som har fått gratis Restylane i leppene, gratis trikkebilett, gratis jakke fra Cubus - og gratis sjampis, på veg heim.

onsdag 23. juni 2010

My boobs are ok

Det legendariske popmesterverket My boobs are ok med supersmarte og lynende intelligente Lene Alexandra er no blitt skodespelar Ingar Helge Gimle si nye signaturlåt. TV2 kan i dag melde at skodespelaren har fått tilbake sine gode gamle hengepuppar, etter å ha vært skralande tynn ein periode for å gjere ei rolle i ein dårleg norsk film. Her er eit bilde av korleis puppane til Ingar Helge Gimle kan sjå ut.


Men han er slettes ikkje åleine. I og med at folk flest vert tjukkare, så får og fleire menn pupper. Fettsuging av mannepupper ein av dei mest vanlege plastiske operasjonane som vert gjort. Og nett no er det fleire menn enn kvinner - som vurdere å legge seg under kniven for å fikse litt på puppestellet.

Nokon gjer og faen. Og kosar seg med puppane sine. Som han karen her. Enjoy!

mandag 21. juni 2010

Sjokoladekakesmellen

I går var eg i grunnen ganske happy med den nye slankemetoden - sjå på eit matberg - mistmatlysta her på landsmøte til Sosialistisk Ungdom. Men så gjekk eg på ein smell. Sjokoladesmell. Dei som er samla her, er jo veldig mange sinte ungdommar. Rasande på verda og på seg sjølv. "Me vil ha radikal endring - og me vil ha det no - ellers så går me i demonstrasjonstog eller tek eit protestmåltid"

Så då tenkte eg, at la meg muntre dei opp med litt sjokoladekake. Som tenkt så gjort, me på kjøkenet baka og sto i. Sjokoladekake til over 150 mennesker. Stor glede. Men diverre også stor glede for meg. Eg slafsa og åt sjokoladekake. Til det var tomt. VG skriv i dag om at du ikkje bør droppe sjokoladen. Fordi når du først smell - så smell du skikkelig. Om du då ikkje har ein vilje av stål. Som eg var sikker på at eg hadde. Men viljestyrken min er no omtrent like hard som ein Snickers som har lagt i sola.

Eg måtte få ein slutt på denne sjokoladekakeetinga, så eg satt det siste brettet med sjokoladekake på ein godt synleg stad. Gjekk å jogga i Hamar sentrum. Og vips - når eg var attende, hadde dei vesle sosialistiske tjuvraddane glefst i seg resten av kaka. Ute av syne - ute av sinn - og snart forbrent.


Dette er det som er igjen av kake.

søndag 20. juni 2010

Tjukk i hovudet

Den tidlegare idolkisen Aleksander Denstad With er i harnisk. I harnisk over dårleg hygiene i landet Egypt. Heile Egypt er pur rottent. I følge han Aleksander. Fysjom. Han slakter de hygieniske forholdene i Afrika. Tenke seg til. At ein ekstremt falmende idolkis får renneræv på chartertur. Kanskje det ikkje var pengene det var bassilusker på, men at vesle Aleksander kanskje proppa seg litt masse med afrikanske godsaker og sterkt i glaset.



Denne kommentaren handlar berre om menn. Ikkje så mykje om fett. Men eg følte eg dersom eg skreiv tjukk i hovudet kunne eg likevel klare å lage ein fettrelatert sak. Fordi eg syns at Aleksander Denstad With virkar omtrent like intelligent som ei flaske med Antibac. Og eg syns ein skal hetse dumme folk. Skremme dei bort frå media.

Det spørsmålet eg sit attende med er - dersom han får renneræv i Noreg - er det han eller landet det er noko gale med?

Gamle kunstar - nye slankemetodar

Mens svenske tjukkasar gifta seg, er denne tjukkasen på landsmøte i Sosialistisk Ungdom og styrer kjøkkenet. For no er det slik at for omtrent hundre år sidan så utdanna eg meg som kokk. Eg har aldri jobba særleg mykje som kokk, men eg glimtar til innimellom. Men det er og ein god måte å halde vekta. For etter ein har steika 30 kilo kjøtt - så får ein lyst på alt anna enn mat. Og det å lage mat til nokre hundre mennesker er også relativ god trening. Tøy, bøy, styrke og uthaldenheit.

Og dessutan kan ein jo plage ungkommunistane med å være skikkeleg politisk ukorrekt. Det kan ein gjere ved tildømes å la vær med å kildesortere, sei at du kjøper aksjer for sparepengane dine eller dra ein vits om at kvinna bør tilbake til kjøkkenbenken. Alle dei tre tinga - går rett heim.

torsdag 17. juni 2010

Kompisen min vart knivstukket- og eg ser tjukk ut på bilde i avisa

Altså. På tysdag var det dramatikk. Ein god kompis av meg vart stukke med kniv. Midt i Oslo sentrum. Stor dramatikk. Politi og greier. Høgt leven. Men det går bra med han. Berre så det er sagt altså.

Så over til det som er verkeleg opprørande. I same sekund som politiet kom - kom og ein stutt & tjukk journalist frå Aftenposten. Han knipsa laus i dramatikken. Og resultatet var publisert på nettutgåva til Aftenposten, før nokon kunne rekke å sei sterilt kompress eller bandasje. Og kompisen min, som ligg på båra er sladda - men eg er der. Uten sladd, i dårleg vinkel med mage.



Kor ufint er det ikkje å berre knipse laus på opprørte folk. Han kunne sagt - Inn med magen, rett i ryggen - no tek eg bilde. Men neida. Jævlen berre slår seg laus med kamera. Det burde ha vore ein lov mot at folk kan halde på slik. Ta bilete av totalt uskyldige menneske.

Det er ikkje lett å være menneske når ein vert utsett for slike ting som lite flatterande bilte i avisa. Eg kan faktisk ikkje tenkje meg noko verre. Livet er tøft.

tirsdag 15. juni 2010

Om ein ikkje orkar å jogge - så er det moglegheiter

Eg er ekstrem stolt og nøgd av mi eiga jogging . Du kan sjekke på Fjellgeitene om du vil ha full oversikt over treninga mi (om det er noko du faktisk vil - så har du kanskje ein eller annan vill fetish). Om ein vil gå meir forsiktig ut, kan ein simulere jogging. Litt slik som denne gutten her. Han går veldig forsiktig ut, og berre simulerer jogging med magen. Og han bør kanskje holde på en stund. For det er ein del å simulere. Evtentuelt stimulere.



Om ein ikkje vil simulere jogging, kan ein byrje med å plukke opp driten sin sjølv. Mykje god trening i gamal drit.

mandag 14. juni 2010

Ny lærdom og såre brystvorter

Eg er ein fersk joggar. Og eg oppdager stadig ny og smertefull ondskap denne aktivteten fører med seg. Eg har smerter så sterke at ei kvinne ikkje ville kunne forstå den smerta eg kjenner no. Eg er sikker på at ein fødsel ikkje kan måle seg litt ein gong. Smerta riv og slit - og eg er nesten døden nær. Men berre nesten. Og det som ikkje tek livet av ein - må ein ta lærdom av. Og det eg har lært er at det er ein ting som er heilt vesentleg når ein joggar. Vaselin. Eller plasterlappar. Eg vrir meg i smerte.

søndag 13. juni 2010

Eit fett VM-tips

At menn er mange menn som er oppteken av sport og idrett er ei kjennsgjerning. Og i desse VM-tider så eksploderer jo intressa. Menn som normalt sett ikkje bryr seg så mykje om sport, benkar seg rundt fjernsynet for å halde rede på scoringar, feite taklingar og kven som stikk av med sigeren. Men der det er ein vinnar - er det og ein tapar. Mannen i gata. Eller rettare sagt, mannen i sofaen. Eg vil tru at under denne fotballfesten, vert det konsumert så mykje pizza, hamburgarar, øl, snacks og anna - at ein kunne sytt for at alle i eit middels stort afrikansk land var mette i eit år. Så medan fotballspelarene vert betre og betre trent, vert norske menn tjukkare og tjukkare. Og det er jo snart badesesong - og då kan ein angre.



Men heldigvis er Mannsfett på plass med eit godt treningstips til deg. Kjøp deg eit heimegymapparat. Sett det framfor fjernsynet. Og bruk det - gjennom begge omgangane og eventuelle ekstraomgangar. Og vips - når VM er over, så er du sprek som ein fole. Og badebuksa vil sitte som eit skudd. Eller så kan du gje faen - og heller gå på stranda slik som du er. Det funkar det også.


Pust pes.Pust pes. Stønn. Pust pes.

lørdag 12. juni 2010

Den svenske hevnaren.

Etter 48 timer i Sveriges nest største by, Gøteborg har eg fått litt betre forståing om korleis ting heng saman her i verden. Særleg etter ein har ete seg igjennom frityrgrytene i byen - og etterpå gått gatelangs i denne vesle rare byen.

Alle veit jo at Sverige på mange måtar er Skandinavias eget u-land. Dei har gjennom generasjonar vore kulturfattige - og då sett seg nødt til å erobre og kolonisere både Dannmark og Noreg. Sverige sin kultur er tufta på vår kultur. Det dei kan fleske til med er ABBA, billig smågodt og Liseberg. Dessuten er me rikare enn dei - og det dei litt skamfulle for.

Og den måten dei tek hevn på - er å være Europas tynnaste folkeslag. Her ser du ein Åke, Jonas, Ulf, Niklas eller den slags svenskklingande namn. Han er ein typisk svensk gut. Han har ikkje ete sidan konfirmasjonen.


Når det er så kaldt at han må kle på seg - så tek han sjølvsagt på seg jentebukser, slik at han skal få dei trange nok. Når han har fått på seg buksa - så pakkar han dei få usle ting han har - og flyttar til oslo for å jobbe på ein resturant eller bar. Det er så mange av dei, at det faen ikkje er mogleg å få kjøpt gulrotkake i Oslo lengre - her må du tinge mårrottåra. Det er sånn at du mister matlysta. Og det er kanskje like greit, for kven som helst kan jo føle seg som Michelin-mannen ved sidan av dei svenske ekle gutane.

Når dei ikkje jobber - så går dei rundt i Oslo, og er tynne. Irriterande tynne. Og blonde. Og jævla irriterande tynne. Me andre - går berre rundt og er vanlege. I bukser laga for gutar. Og vips - så har dei tatt hevn fordi dei føler seg underlegne oss andre i Skandinavia.

Ei fattig trøyst er likevel at den nye prinsen i Sverige, har lagt seg godt ut - før bryllupet. Det er vel ein skjorteknapp eller to som stønnar i smerte når han skal trekke i finstasen neste laurdag.

onsdag 9. juni 2010

Advarsel til småbarnsforeldre

No i desse dagar er det mange born som ikkje går på skule eller i barnehage, sidan det er streik. Dette har jo skapt utfordringar for mange småbarnsforeldre over heile landet - og truleg er mange besteforeldre satt i sving som barnevaktar. Men det er farleg. I følge ei undersøkjing har born som er fulltid hjå besteforeldre 34% større moglegheit enn andre til å utvikle fedme. Dette pågrunn av vaflar, fløyte i sausen,dessert kvar dag og anna svineri.

Om ikkje KS tar til vettet, så vert gata full av tjukke born. Og fysjom fy. Me vil ikkje ha tjukke ungar. Heller radmagre born som ser ut som små vaksne. Tjukke lukkelege born er ut - tynne perfekte ulukkeleg born er inn.

tirsdag 8. juni 2010

Eg har alltid rett - også om dette.


Eit av mine beste kostholdstips er å begynne å røyke. Det smakar godt, ser kult ut og er fullstendig kalorifritt. Kvar gong ein er sulten, så kan ein fyre opp ein sigg i staden. Det er jo eit enormt mas om røykeslutt i alle kanalar. Dette maset før jo til at nokre personer slutter å røyke - og det igjen fører til fleire tjukke folk. Min store morgonkjærleik Signe Tynning - har no slutta å røyke. Sjølvsagt på direktesendt fjernsyn. Røykeslutt med Signe. Og har klart det. Mannsfett gratulerer. Og i dag så seier ho at ho at ho har lagt på seg ein del kilo. Med andre ord så har eg rett. Røykeslutt fører til fleskeræv.

Eg trur at ein ny programpost på God Morgon Norge til hausten er - Slank deg med Signe. Eg melder meg til å slanke deg Signe.


Flekker litt hud for å sjarmere Signe i senk.

mandag 7. juni 2010

Helse til alle!

I dei siste dagane har helsedirektør Bjørn-Inge Larsen vore ute å sagt at nokon kan få behandling - og nokon ikkje kjem til å få behandling i framtida. Ein kan i Aftenposten lese kva han meiner i om framtidas helse-Noreg.

"Vi må begynne å snakke høyt om at vi ikke kan behandle alle med alt som er tilgjengelig. Dette er et tema som er så vondt å snakke om at det er blitt tiet ned i lang tid. Norske pasienter får gode helsetjenester og skal fortsatt få det. Men vi må nå være ærlige. Vi må våge å diskutere offentlig at vi allerede sier nei til god, men svært dyr behandling. Og vi må se i øynene at også i Norge vil gapet mellom hva vi kan gjøre og hva vi har råd til å gjøre, øke betydelig fremover"

Kva vil dette sei for alle dei tjukkasane som treng hjelp med å få ein betre kvardag? I 2008 vart det gjennomført over 1000 slankeoperasjonar. Og dette talet berre aukar. I tillegg så er det jo mange andre som får hjelp med sine vektproblem. For forskning syner jo at omlag 30% av befolkninga i Noreg er overvektige eller lir av fedme. Når ein er på eit legekontor, så er det jo flust av fleskeræver å sjå.

Kven skal prioriterast av ein kreftsjuk og ein overvektig i høve til behandling? Er begge situasjonane eins egen feil på grunn av livsstil? Eller er kreft ein meir stoverein situasjon å bruke felleskapet sine pengar på? Eller er dette i det heiletatt spørsmål som ikkje burde vore drøfta i eit av verdens rikaste land?

Eg meiner Bjørn-Inge Larsen bør ta seg ei god runde meg seg sjølv - ei runde som gjerne endar med at han tek sin hatt og går ut døra si for godt. I eit land der dei allerfleste lever i ein slik overflod som strengt tatt burde fått oss til å innimellom bøye hovudet i skam - så er ikkje dette ei problemstilling som burde få sett dagens lys.

Alle mennesker er like mykje verdt. Og alle skal ha eit fullverdig helsetilbod. Om me ikkje har pengar til det - så får me alle bidra meir til felleskapet, gjennom høgare skatt. Litt mindre luksus - og litt meir felleskap.

lørdag 5. juni 2010

Kvifor blogge?

Kvifor skal ein bruke tid på å blogge? Kven les det ein gnir ut av seg, og gjer det noko forskjell frå eller til?

Eg les ein del bloggar som berre irriterer meg noko jævlig. Side opp og side ned med nye negler, den og den festen, ny bukse og anna pissprat som verda godt kunne klart seg utan. No er det no sånn at verden ikkje hadde gått under, om eg ikkje hadde hatt ein blogg - men eg har iallefall freista å tenke igjennom kvifor eg ynskjer å blogge.

Eg bloggar primært fordi eg ynskjer å reise fleire debattar om menn, kropp,overvekt, etevegring og helse. Dette er eit feltr ein drøfter lite i offentligheita, og som ein veit lite om. For ei lita stund sida var det arrangert ein konferanse om menn og etevegring. Tilogmed sjølvaste kronprisen syns at dette er ei viktig sak. Det er ganske mange gutar og menn som lir av etevegring. I tillegg er fedme et stort problem blant menn . Dette samstundes som ein skal tilpasse seg nye mannsroller, være tøff, mjuk, maskulin, finne si indre kvinne - og både kunne gjere seg nytte av pudder og skiftenøklar. Går menn mot ei stor eksestensiell krise? Korleis har guten på 19 år med etevegring det - og korleis har mannen i 40 åra som veg 130 kilo? Er boleguten på Sats eit offer for skjønnhetstyraniet eller er han et offer? Uansett det er desse temane eg ynskjer å sette fokus på.

I tillegg så ynskjer eg sjølvsagt å skape merksemd om boka mi "Tjukkas" som kjem på Manifest forlag til hausten. Helvete heller, eg vil jo selge bøker - å bli rik. Alvorleg talt.


Eg prøver her å sjå streng ut - og snakke litt alvor i toskeskallen din.

fredag 4. juni 2010

Nok ein ting ein virkeleg ikkje treng å gjere når ein er tjukk

Om du no ser fram til helga - for då skal du verkeleg kose deg, så vil eg freiste stikke kjeppar i hjula for det. Grillpølser, is og øl - kan få fatale konsekvenser for deg. Eg har freista å finne ein illustrasjon som syner korleis.

Det største spørsmålet med denne illustrasjonen er likevel. Kvifor? Kvifor vel ein mann å filme seg sjølv mens han leikar med den enormt store magen sin - for å så legge det ut på internett. Det forstår eg ikkje. Men uansett - du er helgeadvart.

torsdag 3. juni 2010

Meningsmåling: Kan tjukke menn gå i badeklede?

Det er snart sumar. Enten ein skal tru prognosane om at det er 54 % moglegheit for at det vert ein varm sumar, eller om ein skal fly avgårde til ein annan varm stad.

Stikkordet er uansett varme. Det feite folk i grunnen fryktar mest. Feite folk vert svette og ekle i varmen. Svette valkar og store svetteringar under armane. Dei har truleg ikkje lyst å kle av seg, fordi dei ikkje synlege magemusklar og stramme leggmusklar . Derfor har dei på seg meir klede enn dei bør.

For alvorleg talt. Eg trur ikkje du finn ein tjukk mann som vil føle seg vel i badebukse ved siden av utspjåka, egosentriske dumme menn som foreksempel Petter Pulgård (som her også innrømmer at han er lett dum). Men kvifor skal vanlege smarte og flinke menn - la seg kue av dumme og tomme menn?

Eg ynskjer å slå eit slag for at tjukke menn bør kaste kleda og strutte med den magen dei har. Fram med badebuksa eller deg kom deg på naturiststranda og flekk fleskeræva di til verda.

Kva syns du om tjukke menn i badeklede? Du kan sei di mening ved å røyste øverst oppe til høgre. Under finn du nokre eksempel på korleis me menn - kan sjå ut når me kastar kleda. Røyst i veg.










onsdag 2. juni 2010

Mannsfett flesker til med statistikk

Eg lurte tidlegare på kven som las denne bloggen. Og då særleg korleis dei såg ut. Sånn kroppsmessig. Eller rettare sagt - korleis dei sjølv tenkjer at dei ser ut. For det bilete ein har av seg sjølv, stemmer jo ikkje alltid med røynda. Så eg satt i gang ei meningsmåling om akkurat dette. Det er jo det ein skal gjere, om ein vil vite ting. Som denne meningsmålinga syner - så kan ein jo få dårleg nytt. Jævlig dårlig nytt i grunnen. Men det er heldigvis lenge til valg. Men nok om det. Eg stilte spørsmålet - Vil du sei at du er slank, lubben, tjukk eller smellfeit. I dag er resultata klare og anlysert.

23% av dei som les denne bloggen syns sjølv dei er slanke og fine. Basert på kor besøkstalet på denne bloggen stig når eg skriv om dumme mennesker i Paradise Hotel, så trur eg dette talet er noko lågt. Særleg når ein ser på kor mange som oppfattar seg sjølv som lubne. Heile 51 % av dei som les Mannsfett meiner sjølv dei er lubne. Truleg er er det mange jenter inni dette talet - som har eit forvrengt syn på sin eigen utsjånad etter at jenter som dette vert presentert som idealet. Eg er meir usikker på om gutar har eit forvrengt syn på eigen kropp - eller om dette bare er jenter? Kva trur du?

15 % meiner at dei er tjukke, mens 5 % meiner at dei er smellfeite. Vel kva skal eg seie - ta med deg fleskeræva di opp av sofaen og tren litt. Det er berre du som kan gjere noko med det. Det at du i staden for å trene sit her å stemmer på meingslause undersøkjingar på ein blogg, gjer deg ikkje ein veltrent kropp. Opp av sofaen no!

Endeleg!

Me har lest fleire nyhetssaker om at tjukke folk får sparken, vert satt til andre oppgåver fordi dei er for tjukke. Som blant anna denne karen her. Men i dag kom gladnyheiten om at Megan Fox faktisk er sparka fordi ho er for tynn.

Tjukkasrevansj!



Denne dama feier gladsaken med ein Cola Light.