onsdag 31. mars 2010

Heller lubben enn tjukk i hovudet

Draumedama Sigrid Bonde Tusvik skal få eit stort påskeegg i år. Ho seier det akkurat som det er. Gutta i Paradise Hotel er tjukke i hovudet. Etter å ha hatt Peter Pulgård springande rundt kvar einaste tabloid i ei altfor lang stund, skal ein no skape tilsvarande udugeleg kjendis.

Eg lurar på korleis Paradise Hotel hadde vert dersom det hadde vore med folk som var normale. Altså ein valk her og der, kvise i panna og nokre fungerande hjerneceller. Hadde det blitt side opp og side ned i avisene om to normale mennesker hadde hatt sex på tv? Eller hadde folk flest syns det var ekkelt?

Eg håpar alle desse guttane et skamlaust mykje i påsken. Og legg på seg. Og vert småfeite. Det hadde gjort godt langt inn i sjelen.



Orkar ikkje å legge inn eit bilde av dei dumme gutane, så legg inn eit bilde av kule og morosame Sigrid Bonde Tusvik istaden.

tirsdag 30. mars 2010

Ting ein kan spare seg for når ein er tjukk

Eg tenkjer å byrje ein ny spalte her på Mansfett. Ting ein berre kan spare seg for. Først ut er denne mannen som dansar. Hjelpes.

Tortur på høglys dag

Mange former for trening er fint og kjekt. Det å gå tur, eller svømme eller kanskje tilogmed ein lett jogg - er god fin oppbyggeleg aktivitet. Med fare for å høyre ut som ein jævla friskus, du får tilogmed litt ekstra energi.

Men i går prøvde eg eit torturinstrument av verste sort. Eg fann han når eg var nede på søstra mi sitt rom. Ein polstra, knudrete rockering på 1,7 kilo. Innersvingen rockering. Som ein då skal rocke med. Rundt sideflesket. Dette tunge torturinstrumentet som smell gjenntatte gonger i flesket når ein lite grasiøst står å rockar. Eg trur kanskje rockering er den treningsmetoden du ser mest ut som du ber på store psykiske og fysiske problem når du gjennomfører. Korleis MonicaFjellgeitene klarer å sjå på tv, medan ho gjer dette - er umogeleg for meg å forstå.

I dag er er eg gul og blå rundt magen og sidene. Tortur regelrett. Ikkje var eg flink heller. Når denne kjerringa gjer det så ser det lett ut, men eg garanterer deg - korkje lett eller godt. Gå ein tur i staden.


Eit vaskeekte torturinstrument

mandag 29. mars 2010

Den gode kjensla

Eg trur knapt det finnast ei betre kjensle enn å få sydd inn sin eigen bunad. Og ein innsydd bunad er den vakraste i verden, uansett kva andre tevlingar påstår.



Så får det heller verte ein fiberpromp i ny og ne.

Påskeegg

Altså. Som tidlegare blogga om, så meiner eg jo at påske er verdens verste høgtid. Ein kan nærmast sjå valkane formere seg. Men sånn er det no berre - og ein får berre forhalde seg til det.

Men vips. Så kjem ein eller annan ernæringsekspert og skal lage eit sunt påskeegg. Nøtter, tørka frukt og kjeks? Makan til kjip kjerring. Og som om ikkje det er nok, så foreslår ho at du kan legge ein tannkost i påskeegget. For då vert det ekstra gøy å pusse tenna. Kjempegøy. Ingenting er gøyare enn å pusse tenna med en tannkost frå eit påskeegg.

Du må heller ikkje ha p-piller eller ibux i påskeegget, då går det gale. Skal det vere, så skal det vere. Flesk til. Kjøp deg ein god pose med belgisk sjokolade og kjenn på at valken veks.


Liten lubben mann fra Belgia som sikkert et belgisk sjokolade.

fredag 26. mars 2010

Den verste høgtida

Etter at kristendomen kom til Noreg, har det blitt langt vanskelegare å halde sideflesket under kontroll. Det er ikkje meir enn nokre månadar sidan me langa innpå med ribbe, pinnekjøtt og uendelege mengder kaker og akevitt. Då var det Jesus sin fødsel me feira. No er det faen i meg på an igjen. I dag sett folk seg på fly, i bil og på tog heim, for feire påske og Jesus sin død og oppstandelse. Felles for desse høgtidene er at ein feirar dei med ubegrensa mengder med mat og godsaker. Det har vore påskeoppkjøring i dagevis allereie. Påskelam, påskevin, påskesnop, trafikkaos, påskequiz, strålefare og artiklar om påskevær i hytt og pine.

Påska er ekstremt lang. Heile fem meir eller mindre heilage dagar på rad. Desse fem dagane vert for mange menneske – og for meg tilbragt på hytta. Sjølv om det no har vore fint vær i vekevis, vêrmeldinga er god – så kan du ta deg i ræva på, at i det påsken rullar i gong – så opnar himmelens sluser seg. Regn i fem trausteslause dagar. Då går det jo så det må gå. Ein set inne på hytta å et. Og et. Og spelar kort. Og et. Ikkje ein ekstraordinær kalori vert forbrent – og mange ekstraordinære kaloriar finn vegen inn i gapet og ned på sideflesket. I jula så går ein iallefall mellom dei ulike husa og et. No sit ein berre inne. Fleskemessig sett er dette den verste høgtida.

Når ein legg på seg, er det greitt å ha nokon å skulde på. Eg skuldar på dei som kristna Noreg – og vil krevje min del av kollekten, til personleg trenar rett over påske.

søndag 21. mars 2010

Forbod mot reklame for sjokolade anna kalorihaldig jævelskap.

Eg tykkjer det er på sin plass å ta ein debatt om det skal det vere lov å reklamere for sukkerhaldige produkt eller nye variantar av potetgull? Dette er berre tomme kaloriar og styggedom, og det einaste det fører til er nye glade valkar – og meir fedmerelaterte helseutgifter for samfunnet .

Det er ingen grunn til at det skal være lov til å reklame for sjokolade, når det ikkje er lov å reklamere for sigarettar. Ein treng ikkje sjokolade, på same måte, som ein ikkje treng sigarettar. I Oslo sentrum ser ein reklame for McDonalds, Burger King (som og no skal byrje å annonsere på Spotify) og andre snøggmatkjedar over alt. Snøggmat er ein av fleire grunnar til at folk vert feite er ein stor grunn til at fleire personar ver overvektige.


Bør dette være lov? Det er ingenting bra med å ete ein hamburgar, feil fett, mange karbohydratar og om lag 600 kaloriar i 7 jafs. Og når ein veit at me står ovanfor ei fedmekrise – så burde eit forbod mot denne forma for reklame, vere eit enkelt og greitt tiltak. I Storbritania, som er eit land der dei endå er tjukkare enn oss - er dei allerede i gong med eit reklameforbod for snøggmat.

Forby driten.

lørdag 20. mars 2010

Noregs beste tjukkas

Ein blogg er ikkje ein blogg utan ei meningsmåling seier eit gamalt jungelordtak. Sjølvsagt har eg og hatt meningsmåling over kven som er Noregs beste og feitaste tjukkas. Om dei bevisst har freista bli tjukke og glade, slik som denne dama er usikkert, men gode folk er dei alle.

Her er resultatlista

På fjerdeplass med 7% av røystene er Bjarne Håkon Hansen. Glad mann som liker pølser.



På ein god bronsesplass (og min eigen favoritt) finn ein Tom Nordlie. Ein tjukkas som piskar tynne krek rundtomkring på fotballbana.



På andreplass med 26% av røystene er rehabliterte Hank Von Helvete. Tidlegare satanrockar, og no nyfrelst skodespelar på Det Norske Teateret.



Den udiskutabelt beste tjukkasen i heile Noreg er vår alles kjære Knut Borge. Norges beste tjukkas. Han har faktisk fått heile 50% av røystene i meninigsmålinga. Mannsfett gratulerer.



Folk som ikkje nådde opp er mellom anna Christer Tromsdal, Bjørnstjerne Bjørnson og Mullah Krekar. Dei får prøve igjen seinare.

torsdag 18. mars 2010

Barnearbeid og sjokolade

At du ikkje bør ete sjokolade, er valken på sida di eit sikkert teikn på. Den vert ikkje mindre av sjokolade. I dei siste dagane har det kome fleire gode grunnar til å ikkje ete sjokolade. For å produsere sjokolade i norge, treng ein kakaobønner. Og i dag seier norske sjokoladeprodusenter det garantert er små barnehender som har plukka kakaobønnene som gjer det mogleg for deg å slafse i deg sjokolade. Dette vert også synt i dokumentaren Sjokoladens mørke bakside

Så neste gang du vurderer å legge innpå ein svær sjokolade så kan du vite at den er produsert med barnehender - og at den gjer deg feit. Så då syns eg heller du kan bruke pengane dine på å gje eit tilskot til Redd Barna sitt arbeid mot barnearbeid.

Snusfornuft er bedre enn ingen fornuft.