torsdag 30. juni 2011

Fett- og fylleangst?

Feite folk må og få lov til å drikke seg skikkelig fulle. Livet er jo best når ein er full. Eg har som oftast mest fylleangst for kva tekstmeldingar eg kan ha sendt i fylla. Og kva eg kan ha slumpa til å seie. Denne fyren her derimot, trur eg må ha meir angst enn eg nokon sinne har hatt.

Så ein viktig regel til deg som er feit. Ikkje drikk deg superfull, ta på deg dameundertøy - og for all del, ikkje film driten. Det er alltid meir gøy å sjå fulle feite menn med dameundertøy - enn tynne fulle menne med dameundertøy.

Kronikk i Dagbladet i dag

Tjukke ungar er noko som engasjerer. I løpet av eit døgn har eg hatt over 5000 treff på bloggen etter eg skreiv innlegg om det i går. Og innlegget er i dag kronikk i Dagbladet.

Kva meiner du er den beste måten å sørge for at born ikkje vert overvektige?

Den gode enkle løysninga.

Den finns ikkje. For alvorleg talt, om dei tinga som er på markedet av piller, pulver, supper- papayapiller og kapsler med olje hadde virke - kvifor er det då framleis feite folk igjen i landet? Hadde det funka, så hadde alle feite folk brukt det. Og då hadde ingen vert tjukke. Me hadde vore eit land med slanke, vakre og lukkelege mennesker.

Og ingen skal seie at forskarane ikkje prøve å få oss slik. Det siste eg har lese om er Raudåteolje. Det er det nye "hot shit" i slankeverda.

Raudåte er altså då ein hoppkreps-art, som er viktig føde for fiskeyngel. Og no har dei altso tynt denne krepsessaken for olje. Putta det inn i ein kapsel, og ventar spent på om nokon har lyst å teste det.

For det har altså funka på mus. Dei musene som har gurgla olja, har fått mindre bukfett - og planen er no at det skal du og eg også få. Med å gnaske på kapslar. Det er nesten for godt til å vere sant.

Eg trur heller ein bør kutte ut smøret på brødskjeva og begynne å gå av bussen ein stopp for tidleg. For om noko er for godt til å være sant - så er det truleg ikkje sant.



onsdag 29. juni 2011

Bygdefolket tjukkare enn byfolket

No er det djevelsk lenge sidan eg har blogga. Regelrett fordi eg har gjort andre ting. Og det har vore heilt greit. Men no har det liksom bygd seg litt opp. Med ting eg må rive ut av meg. Og raljere med. Og først. Feite ungar på bygda.

Kvar femte 8-åring i Noreg er overvektig, og faren for å blir tjukk kan vere størst på bygda. Det har aldri vore fleire overvektige ungar her i landet. Ein barnevektsstudie av Folkehelseinstituttet viser at talet på overvektige åtteåringar har auka med tre prosentpoeng på to år, frå 16 prosent i 2008 til 19 prosent i fjor.

Sidan eg er sjølverklært ekspert på tjukkasar, vil eg sjølvsagt tolke desse resultata for deg. På den eine sida så er jo folk i byen, meir oppteken av korleis dei ser ut. Og sjølvsagt smittar foreldra sin utsjånadsgalskap over på ungane. Ungar i byar, begynner jo å slanke seg allereie frå dei er små. Fordi  alle vaksne slankar seg. Og då heldt dei jo seg slanke og fine. Og kostnadane samfunnet får fordi desse ungane må ha hjelp til å takle etevegring og manglande sjølvtillit, når dei vert vaksne - dei får me heller leve med.

På bygda derimot, så er dei ikkje så nøye på det. Dei går i plastkloggar og klede frå Ellos. Og et kake og kosar seg. Fordi dei skal ikkje ut på snertene utestadar i helga, dei skal i beste fall på den lokale puben. Difor vert dei nok tjukkare enn andre. Fordi dei gjer litt faen. Og då vert ungane tjukkare og.

Og ein kan jo då spørre seg - kva for ungar som eigentleg har det best? Om ein skal slå saman ulike faktorar innan helse.

Folkehelseinstituttet trur ei av årsakene til stadig fleire overvektige born kan vere at dei blir køyrde til skulen, fordi dei bur usentralt. I byane er det jo ingen som bur usentralt. Ja, om ein ikkje bur i Trondheim. Den byen er jo per definisjon usentral. Men løysninga kan jo vere enkel.

Ikkje la det være mogleg å parkere heilt inntil skulen. La dei feite smårollingane vagge seg dei siste 500 metra fram til skulen. Og tilbake. Då har dei i allefall gått ein kilometer den dagen. Og ein kilometer er betre ingenting. Eller la dei springe etter bilen. Slik som dette.