Og ingen skal seie at forskarane ikkje prøve å få oss slik. Det siste eg har lese om er Raudåteolje. Det er det nye "hot shit" i slankeverda.
Raudåte er altså då ein hoppkreps-art, som er viktig føde for fiskeyngel. Og no har dei altso tynt denne krepsessaken for olje. Putta det inn i ein kapsel, og ventar spent på om nokon har lyst å teste det.
For det har altså funka på mus. Dei musene som har gurgla olja, har fått mindre bukfett - og planen er no at det skal du og eg også få. Med å gnaske på kapslar. Det er nesten for godt til å vere sant.
Skyll pilledritten og Syden-ferien ned i dass, ro ut til fiskeskjær og fisk dykk makrell med omega3! Det er sunn nordisk sumar, dét!
SvarSlettVive le maquereau !