lørdag 30. januar 2010

Intervju

Idag har eg vore å snakka med Andre Oktay Dahl om menn og kropp. Og den guten (trass i partibakgrunn) er ingen tosk. God og inspirerande samtale. Du kan følgje han på Twitter for å få med deg kva han meiner om ulike saker og ting.

I dag kjenner eg meg omlag slik



Bloggurat

Ting som irriterer meg grenselaust

Dette er nok eit av mange innlegg på denne bloggen om ting som irriterer meg grenselaust. Idag har eg surfa litt på nettet etter artiklar om kropp, fedme, trening, overvekt - og andre artiklar som kan gje meg inspirasjon til å trene - og å skrive ferdig boka mi. Men når eg finn side som Line Marion blogger om Fitness, kjenner eg at får lyst å smelte ein heil Norwegiaost og ete den. For smelta ost er Guds gåve til mannen.

Har du sett noko meir irriterande enn gymprat?

Januarsprekken

Etter å ha halde nyttårsforsettet i 29 dagar, gjekk eg på ein smell. Ein stjernesmell. Eller rettare sagt ein smågodt, popcorn, peanøtt og pizzasmell.

Når ein i fire lange veker ikkjer har trøkt i seg anna enn knekkebrød, salat, kokte grønnsaker, rå grønnsaker, fibertilskot, kosttilskot og andre ting, så jævla tungt fordøyeleg at magen skrik etter fett for å få det heile til å gå rundt - så det går gale. Dei aller fleste har gode nyttårsforsett, meir trening, mindre mat, mindre sigarettar, mindre alkohol- eg har klart tre av desse. Sigaretter er på ein måte min slankekur. Får ein lyst på mat - fyr opp ein sigg.

Men i dag etter mykje merkelege opplevingar på jobb, møter i øst og vest samt at eg framleis har halde fram med nærare 100 minutt trening kvar dag - så var suget etter noko godt for stort.

Pizza til middag. Smågodt og anna kaloririkmat til kvelds. Dei fire kiloane med fett som har sluppe taket den siste månaden, kjennes ut som dei er attende. Midt på magen. Kor mykje er det fysisk mulig å legge på seg på ein kveld? Det skal eg beint fram forske litt på.

I morgon er det på nytt tilbake til havrelefse (knekkebrød) og striskjorte (trening, trim og trivsel)

Heldigvis berre 2 dagar av denne jævla måneden. Fettvest månaden.

fredag 29. januar 2010

Fettvesten

Det er same leksa kvart einaste år. Frå og med byrjinga i november, er det eit julebord uansett kor du snur deg. Eg trur knapt promillen var under 0.2 på noko tidspunkt gjennom heile dei to sokalla julemånadane. Og verre skal det bli.

Etter gjennomførte julebord, juleavslutningar, midtvekefyll, juletrefestar, julelunsjar og førjulskveldar i november og desember, var det på tide å sette snuten heimatt til vestlandet og sjølve julefeiringa. Frå den augneblinken ein set foten innanfor døra vert ein nærmast fora med delfiakaker, lefser, julekaker, julepølser, ribbe, rein fløyte, meir kake, steik, kalkun, blaut svor, hard svor, svidd svor og alt anna som ein kan tenke seg. Det heile kulminerer på sjølvaste julekvelden, der ein et seg i stabilt sideleie – og går inn i ein tilstand som kronisk mett og full, til kvardagen ubarmhjartig dundrer tilbake, so nyvunne valkar og slappe musklar dissar i rein frykt.

Ein har pådratt seg januarsyndromet – Fettvesten.

Denne dissinga er heilt klart eit signal på eit ein må ta skeia i ei anna hand – eller aller helst, legge den i frå seg. To månadar med hemingslaus nyting, skal av att. Det krev ekstraordinære tiltak. Korleis skal ein fyre opp motivasjonen for å dra si glade julerompe opp av sofaen – og omforme den til ei langt mindre glad, men og langt mindre og strammare strandrompe.

Ingenting er meir motiverande enn konkurranse. Når eg er på påskefjellet, så spelar me kort til eg vinn. Me spelar aldri til 100 eller 500 – men til eg ledar. Då er det greitt å gje oss med kortspelet. Når ein god ven av meg, fortalte meg om sida Fjellgeitene, vart eg i fyr og flamme. Både moglegheit for å logge aktivitet og konkurranse. Det å ligge øvst på ei liste over kven som har hatt flest timar i aktivitet, gjer meg ein motivasjon – som kan få det til å lyse vondskap ut av auga mine. Eg vil vinne. Og eg skal gjere alt som står i mi makt for å få det til. Spørsmålet er meir kva trening som skal gjennomførast.

No er eg ikkje eit menneske som syns treningsstudio er noko særleg. Perfekte menneske med siste skrik innan treningsklede, som gjer øvingar som mest av alt minner om gynekologi i staden for trening. Då set eg heller min lit til Oslo sine skumle bakgater, eksosfulle luft og isete fortau.

Med på turane gatelangs har eg vesle Liv. Ho er om muleg, i dårlegare januarform enn eg er. Det er jo og ein ekstra motivasjon at eg kan gjere livet surt for henne med å berre gå litt for fort, dei timane turane varar. Ho er ganske blid i det me går, men ganske sur når me er framme. Eigentlig ei ganske god kjensle – om eg skal være heilt ærleg.

Kampen mot fettvesten skal vinnast - hansken er kasta!