fredag 30. april 2010

Reformert

Eg jobba no altså med denne boka. Straks ferdig faktisk. Planen er å få den ut i oktober. Og eg voner det går etter planenen. Denne veka har eg vore på møte saman med redaktøren min Håkon, hjå Reform. Reform er altså eit ressurssenter for menn. Dei jobbar for menn som er i vanskelege livssituasjonar og denslags. Og dei ville gjerne samarbeide med oss om eit ulike prosjekt knytt til boka mi. Og det er jo bra. Trur eg. For dette er jo ei bok for tjukke. Og er dei i ein vanskeleg livssituasjon. Eller er dei berre glade og tjukke?



Her er Håkon. Redaktøren min. Utanfor Refom. Han er sprek. Dritsprek faktisk. Han skal springe Oslo Maraton.

tirsdag 27. april 2010

Kongeleg slankekjendis

Hald inne magen og hald pusten. Verdas einaste kongelege slankekjendis kjem til Noreg. Fleskefia sjølv. Sarah Ferguson. Tidlegare prinsesse, lett laus på tråden - og ikkje minst talsperson for ein av dei største slankemerka i verda, Weight Watchers. Dette vert utruleg spanande. Tynn prinsesse. Tjukk fråskild åleinemor. Hmmm. Korleis kan eg tene penger. Eg tek ei fettsuging og seier at det var Weight Watchers som fiksa det heile. Smart kjerring. Og i morgon skal den smarte kjerringa på God Morgon Norge. Onsdagen ass - det vert ein super dag.



Fleskefia kjem.

Nye ting som alle veit

TV2 kan i dag melde at dei som et mykje sjokolade er meir deprimerte enn andre. Sjølvsagt. Et du mykje sjokolade vert du tjukk. Vert du for tjukk er det ingen som vil ligge med deg. Er det ingen som vil ligge med deg, vert du deprimert. Vert du deprimert så et du meir sjokolade. Et du meir sjokolade vert du endå tjukkare. Vert du endå tjukkare så døyr du. For det som skjer i bileta under, skjer berre i pornofilmar.



torsdag 22. april 2010

Han tjukke frå Idol

Eg har jo vore på jakt etter tjukke mannlege kjendisar. Dess tjukkare dess betre. Men eg fann ikkje så mange. Nokre få lubne b-kjendisar var liksom det eg fann. Men idag er det ein som er blitt erklært som tjukk. Idolguten Aleksander With er no for tjukk. Herregud ass - glad eg ikkje er like tjukk som han. For tenk å vere like tjukk som Aleksander With. Rart han i heile tatt får lov å gi ut plate, så tjukk som han er. Fysjom. Under ser Aleksander With slafsar i seg mat og vert endå tjukkare.



Er det rart at folk får etevegring?

onsdag 21. april 2010

Rompeløftet

Eg driv på å tek bilde til landsmøte til Noregs Ungdomslag som er i helga. Mellom anna skulle eg ha eit bilete bakifrå, for å lage eit retorisk poeng om sidrompa organisasjonar. Men når eg skulle sjekke litt rundt dette med å være sidrumpa, kom det i staden ganske mange artiklar om at ræva di sig.

Ei kvinnerompe sig 17 centimeter i løpet av livet. Det er her uvisst om ei mannsræv sig like mykje. Og eg tenkjer. Tenk om ræva mi skal sige 17 centimeter. Eg har ganske kort bein, og vil då ha ræv bakpå kneea. Her må noko gjerast. Og det i ein helvets fart.Dagbladet som hjelper til med alt, har også nokre øvingar som kan hindre utviklinga og løfte rompa. Dette skal eg prioritere hardt framover.

Eg hever høgre hånda, og sverger på at eg skal halde rompeløftet.


Sjå godt - om nokre år vil ræva være 17 cm lengre nede.

tirsdag 20. april 2010

Eksistensiell krise

Idag har eg ei lita eksistensiell fettkrise. Alt eg trur på kan gå opp i røyk. Eg har heile tida tenkt at den beste måten å gå ned i vekt på er å røyke. Mykje. Kvar gong ein har lyst på mat - så tenner ein seg ein røyk. Røyking er tøft og kult. Eg har og heile tida tenkt at alkohol og øl spesielt gjer til at ein får mannevom. Den gang ei.

Ein mann. Som er vist ein veldig flink forskar, har forska seg fram til at øl ikkje gjer vom. Det er det røyken som ein tek til ølet som gjer deg. Samt stress og lite søvn. Øl som inneheldt mange kalorier, legg du altså ikkje på deg av. Eg trur dette er godt gamaldags nonsens.

Eg trur denne undersøkjinga er kjøpt og betalt av Dagfinn Høybråten. No er han lei av ho nakne nestleiaren sin og vil ha fokus tilbake på det gøyaste han veit, fanatisk motstand av røyk og røykarar.

Mi eiga forskning syner at sigaretter er ein god måte å gå ned i vekt. Tenn opp - og sug inn. Og vips er du klar for speedosesongen.


Snart er det røyk og speedo.

mandag 19. april 2010

Flesk til med ein halling

I tillegg til å være manisk opptatt av fett og denslags, er eg styreleiar i den største folkedansorganisasjonen her i landet - Noregs Ungdomslag. Ikkje det at eg dansar så mykje folkedans - eg er helst veggpryd, men eg har i dag tenkt å slå eit slag for denne vidunderleg, rare og fantastiske kulturforma. Som og ristar og slenger flesket ditt rundt - slik at det trulg vert mindre av det. Og like bra som å hoppe med hoppetau - og truleg noko meir elegant. Kanskje du ikkje veit så mykje om folkedans - då skal eg på lekmansvis freiste å forklare deg kva det er. Sjølvsagt i ein fettkontekst.

Det er viktig å byrje med dei enkle dansane. To steg fram og eit tilbake i ein ring. Alle som er i ringen kan 176 vers av ei vise som Hulda Garborg henta frå Færøyane. Det er berre du som ikkje kan denne visa. Kunnskap er makt, god miming gjer samme nytta. I sjølve verset berre beveger du leppene litt, slik at det ser ut som du syng - og så kjem det eit omkvad som truleg er Suddelida Suddelidei eller Trallala lalala hei serru serru hatten. Det lærer du fort - og då smell du til å syng for full hals. Denne forma for dans heiter stordans, og minner kanskje mest om lett gange. Då forbrenn du omlag 173 kaloriar på ein time.

Så er det runddans, turdans og songdans. Dette er når to og to dansar saman. Her er ofte tempoet hurtigare og langt meir fysisk krevjande. Ein går ofte fram, så tilbake - så går ein rundt, snur, går eit åttetal før ein kneler og spør den ein dansar med om ein vil gifte seg. Då syng ein til dømes "Det står ein friar uti garden". Og skal det kome ei kjekk jente å fri til deg - så må du nok vere ganske slank og kjekk. Då er det lurt å ha dansa mykje folkedans. Dette kan nok samaliknast med symjing eller lett jogg, og du forbrenn ganskje mykje meir enn ved stordansen.

Det som er viktig med folkedans er å sjå ut som du kan det. Nesten alle dansar eg veit om har ein lokal vri. Om nokon meiner du er ute av takta eller sviktar feil - så seier du så arrogant du berre greier - det er slik dei har dansa den i mi heimbygd i mange generasjonar. Med andre ord så er det ein tradisjon, og tradisjonar er noko folkedansarar set pris på.

Så kjem det som verkeleg sett susen på forbrenninga. Bunaden. Eg til dømes, har snart ein Nordhordlandsbunad. Dette plagget kan på mange måtar samanliknast med ein sauna. Ein sauna i bevegelse. Dansar du folkedans og har på deg ein bunad - så er det faktisk ikkje ein flekk på kroppen du ikkje svettar på, etter ei økt på dansegolvet.

Så for å komme i form til speedosesongen, så er altså oppsummeringa slik: Skaff deg bunad, meld deg inn i Noregs Ungdomslag - og flesk til med ein halling.


Snart ny bunad på plass.

lørdag 17. april 2010

Støvsugar, husvask og trening

På torsdagskveld ringte dei ei dame til meg, å lurte på om eg ville ha vitjing av ei dame som reingjorde leiligheita mi og samstundes synte fram ein heilt fantastisk, vindunderleg og unik støvsugar. Eg gjekk beint i fella.

Fredags ettermiddag var eg full av forventing til dette fantastisk instrumentet og gratis vaskehjelp. Som det meste i reklamen, er det visse forskjellar mellom forventingar og den reelle opplevinga. For det første kom det ein gut, sidan dame var sjuk. Ein tynn jypling frå Oslo vest. For det andre så var det ikkje snakk om reingjering av heile leiligheita, meir punktreingjering av ymse stadar i stova. For det tredje kosta denne avanserte støvsugaren 32000. Altså trettitotusenføkkingsspenn for ein støvsugar? Eg takka høfleg nei, og sendte den tynne guten på dør. Før han gjekk så fekk eg ein pakke med konfekt - som takk for at han fekk komme.

Dårlig deal.Eg får helle nytte den gamle støvsugaren eg har. Kanskje litt oftare enn vanleg. For det er trening i husarbeid. Berre sjå på denne oversikta.

*Lett husarbeid - 144 kaloriar i timen
*Lage mat - 144 kaloriar i timen
*Skrubbe golvet - 330 kaloriar i timen
*Vaske bil eller vinduer, eller slå plenen - 270 kaloriar i timen
*Handlinghg med vogn - 216 kaloriar i timen


Med andre ord så var det jo heilt greit at han ikkje vaska heile leiligheita - og at ein har litt dårleg vaskeutstyr, då må ein legge meir kraft i det heile - og på den måten forbrenn ein jo meir kaloriar og. Så pytt.

Det verste er no sjokoladen. Den står på bordet og skrik: Kristian, et meg, et meg. Jævla greie

fredag 16. april 2010

Klasseskille og fleskeskille

Kven trur du er statistisk sett, er tjukkast av ein forretningsmann som sit stille heile dagen, eller ein mann som arbeider på fabrikk og er i rørsle heile dagen? Til tross for at industriarbeidaren er i bevegelsen langt meir enn forretningsmannen er i løpet av ein arbeidsdag, så er nok forretningsmannen den tynnaste. Iallefall sånn statistisk sett.


Tynn og pinglete forretningsmann

Dess høgare utdanning du har og dess meir penger du tener, dess meir aktiv er du. Av dei som er lågtlønna og tener 200.000 kroner i året, er det berre 12% som er aktive. Av dei som tener fett, det vil seie over ein halv million og meir, er det omlag 23% som trener jamnleg. Klasseskillet er med andre ord, også eit fleskeskille.

Er det å få ein fin kropp overklassen sitt nådestøt, mot underklassen? Ikkje berre er dei rikare, dei har og betre kroppar enn underklassen. Bør industriarbeidarar og andre låglønna få fri med løn for å trene? Kva meiner du?


Klede for lågtløna menn.

Oppdatering:
I følge TV2 fryktar ekspertar for born i si helse fordi dei sit mykje i ro. Men med tanke på at dataguttar vert forretningsmenn - så er det nok ikkje noko å bekymre seg over.

torsdag 15. april 2010

Sunn livstil på flyplassen

Etter Siv Jensen var på Island tidlegare i år, har vulkanane på Island for alvor byrja å bevege på seg. Dette har ført til at heile luftrommet over Noreg er stengd i dag. Og dette er dårleg nytt for flesket. Der sit ein på flyplassen. I ro utan å bevege seg. Og kjøper ein bolle her, og en sjokolade der - og vips så er det tid for ein bedre lunsj. Difor har eg laga nokre tips til deg som sit på flyplassen og forbannar vergudane, flyselskapa og Siv Jensen.



1.Kondisjonstrening. Om du er på Gardermoen, så begynner du på gate 30 og går heile vegen ut til gate 13.Ikkje bruk rullefortaua eller la deg freiste til ein sparkesykkel. Hugs på å sjå heilt naturleg ut - slik at du ikkje vert tatt for å være ein terrorist Det er også viktig at du ikkje stoppar på Pizza Hut eller tilsvarende jævelskap på vegen. Gjenta dette i ein time. Kjøp deg eventuelt ein skritteljar.

2.Styrketrening. Det er garantert mange småbarnsforeldre på flyplassen - og ingenting gjer desse meir fornøgde enn om andre syns at ungen deira er fin. Gå bort til dei, skryt av ungen og spør om du kan få halde den litt. Du tek ungen opp av vogna, løfter opp, heldt i 5 sekunder, og tek den sakte ned. Hugs på å kjenne godt på motstanden. Gjenta denne øvinga heilt til mora eller faren vert panisk - stikk då fort unna eller finn ein ny unge. Glimarende styrkertrening.

3. Kosthold. Dette er det verste på ein flyplass. Ikkje kan du døyve sulten med ein sigarett, det er bollar og pizza over alt, og tilgangen på sunn mat er elendig. No er det med andre ord tid for eit lite ekspriment. Du har sikkert gjort noko syndig dei siste vekene - utan at du har gjort opp for det. Det kan du gjere no - ved å faste. Lag gjerne eit lite skilt - *fastande syndar* Då får du litt merksemd og.

Føl du desse tipsa, så kan du nytte ventetida fornuftig og komme i form til speedosesongen.

onsdag 14. april 2010

Miss Mannsfett 2010

No har dei kjempesmarte og skikkeleg gløgge gutane på Paradise Hotel kåra Miss Paradise etter stripping og intervjurundar. Eg har ikkje sett intervjua, men kan tenke meg at det gjekk slik.

Paradisgutt: Kva er ein pluss ein?
Paradisjente: Eeehhhheee.....nei sei det du
Paradisgutt: Ehhhhh.....nei sei det du
Paradisjente: Ehhhh....nei sei det du
Paradisgutt: Ehhhh.....vis meg puppane dine
Paradisjente: ....oki

Vinnaren er nok sikkert ei smart og grei jente som veit å sette pris på den gode samtalen, indre verdiar og dei nære ting. Ho er sikkert på ingen måte overfladisk og dum.

Men missekåringer er jo flott og bra, og eg vil ha mi eigen missekåring her på Mannsfett. Det har vore fleire nominerte, men her er altså vinnaren. Flott smil, flott krop, god haldning og framfor alt - naturleg vakker. Mannsfett gratulerer med tittelen Miss Mannsfett 2010.

Sjå på svart flekk - fett bli vekk

Som eg melde i dagens værmelding i går, så kunne sol gjere deg superduperslank med ein glad sixpack. I dag melder eg om noko som kan gje deg ein flott anorektisk utsjånad. Slank med hypnose. Sissel som du kan lese om her, gjekk blei kvitt all mulig søtsug etter berre fire behandlingar. Når det er så jævla enkelt - kvifor finns det då tjukke folk? Det lurer eg på. Kan du svare meg på det?

Men for å hjelpe deg på plass i speedoen, så har eg funne dette hypnoseklippet frå Youtube. Så neste gong du har lyst å gnafse litt nedi godteskåla - så ser du på dette - og vips så får du lyst på rå kålrabi.

Fleire ting ein kan spare seg for når ein er tjukk

Eg har litt problem med å forstå kvifor ein vil danse i bar overkropp å legge det ut på Youtube. Men om ein er nøgd med sin eigen utsjånad så er det vel flott. Eller ikkje.


Gladnyheit om fleece

Det er ikkje ofte eg syslar med gladnyheiter. Trives best med å skrive om saker og ting som irriterer meg. Som tildømes dumme mennesker i Paradise Hotel. Men det er grenser for kor mange paraleller til menn og fedme eg kan trekke til Paradise Hotel. Men eg syns berre dei er så dumme.

Men til saka. I motsetning til folka i Paradise Hotel, som berre er tjukke i hovudet - så er det jo eindel andre som er tjukke. Og avogtil så vert ein så tjukk at ein ein ikkje klarer å bli slank (for det å verte slank er jo det ultimate nirvanamålet for alle) - og då må ein få hjelp.

I dei seinare åra har talet fedmeoperasjonar auka kraftig - og ventelistene er lange. Legar anslår at ein kan verte nødt til å gjennomføre mellom 500 - 1000 fedmeoperasjonar kvart år. Det kostar flesk. Men folk vert som oftast glade og friske etter operasjonen. Og når dei som har vore deltakarar i Paradise Hotel har fått barnetrygd i oppveksten, så syns eg det er heilt greit at me bruker penger på folk som har hatt litt for mykje majones på skjeva.

Førde Sentralsjukehus er eit av sjukehusa som utfører fedmeoperasjoner. Og det og ta i mot tjukkasar er ikkje berre alltid enkelt. Mellom anna så er morgenkåpene på sjukehuset for små for dei tjukke pasientane. Men staute kjerringer veit råd. Audny Sandberg fiksa nemmeleg saka. Saman med Solbjørg kjøpte ho fleecetepper og sydde om til morgonkåper for feite. Snedig. Og eg er ikkje ironisk altså. Kjekt at alle kan få morgonkåpe - for det hadde sikkert ikkje vore overvettanes populært med feite nakne folk i gangen.


Audny med den nysydde morgonkåpa si

Feit bil

Eller eventuelt feite menn i bil. Avisa Laagendalsposten kan melde at det var ein heil bil lasta med tjukke menn. Alle desse tjukke menna førte til fare for trafikktryggleiken.



"Politiet konkluderte derfor med at dårlig lufttrykk, kombinert med at de fire personene i bilen tilhørte vektklasse 100 kg pluss, hadde ført til den vinglete kjøringen."

Det er det eg seier. Tjukke menn bør ta beina fatt.

tirsdag 13. april 2010

Onkel reisende BigMac

Etter å har vore på påskefjellet og fleska meg med alt det ein fleskar seg med på ei hytte i påsken, satt eg kursen mot London på ein liten ekstra påskeferie. Etter påskefleskinga føler ein seg jo kanskje som verdas tjukkaste mann - og sjølvkjensla er på botn. Då er London eigentleg ein god stad å reise. For der er dei tjukke. I følge undersøkjingar som er gjort så er heile 35% av alle barn og unge i Storbritania råka av fedme eller overvekt. Omlag dobbelt så mange som i Noreg. Og det er faen ikkje rart når enn ser på maten som vert servert. For det er fett og frityr over ein låg sko. Og kjøper du ein salat får du potetgull som en siderett.



Med andre ord, ein bra stad å reise for å få opp att sjølvkjensla - ingen fryd er som skadefryd. Du er tjukkare enn meg - og denslags tankar suser lett og muntert gjennom hodet.
Men for meg er det no hardtrening for å stramme inn att påskeflesket, då eg skal ta nye pressebilete neste veke. Om ikkje eg lukkast, så får eg endre etternamn til Spears, og ta ein kraftig retusjering.

Gjesteblogger

Det er kjedelig å gjere alt åleine, og for å unngå å være heilt åleine på denne bloggen - har eg klort meg fast i ein gjesterbloggar. Dette er jo ein blogg om menn og fett - og når eg kom over bloggen til Christer Aleksander som i dette innlegget skriv at han har kjøpt og skal bruke slankeproduktet 30 days så måtte eg jo invitere til gjesteblogging. Og Christer Aleksander har sagt ja. Ein vaskeekte rapport frå slankefelten - og meir mannsfett til folket. Eg ventar i spaning.

Dagens værmelding

O`lukke. Kast alle gode tankar om trening og salat. Skyll slankepulveret ned i do. Kom deg ut i sola. Då vert du tynn som ei sylfide. Sol er det som skal til. Så vert du like slank som denne supersmarte, sympatiske og kloke mannen her.

Det er no berre det at feite folk soler seg jo ikkje. Det er dei for feite til. Det er jo ingen tjukkasar med fornufta i behold som kler av seg på stranda saman med anorektiske strandløver. Det er som å tigge etter dårleg sjølvtillit. Om ein ikkje då finn ein avsidesliggande stad i skogen, ein kan fleske til med å kle av seg. For ingting er jo meir sjarmerande en nakne tjukke menn i skogen.

Å endå er det fleire månadar til badesesongen byrjar. Tenk på alle dei fantastiske slankekurane me skal lese om framover. Side opp og side ned om korleis ein skal ta seg best mogleg ut i bikini og spedoo. Det vert nok ei lukke som beriker oss voldsomt. Men truleg vert me ikkje mindre tjukke av det.


Ta på deg shortsen og kom deg ut i sola. Sjekk været på mi favoritt værside.

torsdag 1. april 2010

Siste nytt om Petter og Kristian

Som ei lita oppfølging av bloggposten om Paradise Hotel i går. Her kjem ei lita nyheitsoppdatering på mitt og Petter Pulgaard sitt liv. Eg er på hytta. Her regnar det, men heldigvis finns her mobilt breiband. Så langt har eg gått på 3 relativt store smellar. Her snakkar me nøtter, rosa gelefisker og popcorn. Fanden. I tilegg har eg tatt italiensk salat på knekkebrødet. Satan. Eg sit å et i regnet. Eg vert tjukkare og kjem aldri meir til å sjå sola.

Petter derimot. Han skal til Beitostølen. Og det gler han seg til i følge VG. "Det blir hyggelig å få litt påsketan i trynet. Det er ikke noe som gir finere farge". Han skal truleg også drikke noko skikkeleg dyrt når han skal på After Ski, og så lenge Petter er på Beitostølen - er det sikker midnattssol der også. Petter vert sikkert tynnare og kjem truleg aldri meir til oppleve regn.

Sånn er det å være kjendis fra Paradise Hotel. Berre lukke. Det er så bra at slike kjendisar finnast. Håpar han får skikkelig fin brunfarge. Det har han fortent.


Håper Petter blir brun og fin