Stein Eriksen er på slankekur. Og drøymer om å bli modell for Dressmann. Du kan lese bloggen hans her. I dag når eg gjekk forbi Dressman, så sto glaset til utstillingsvinduga ope. Då tenkte eg på Stein, hoppa inn - og fekk ein svensk servitør til å ta bilete av meg. Så vonar eg at det er Stein Eriksen som vert klistra opp på Dressmannveggen om kort tid.
mandag 4. juli 2011
søndag 3. juli 2011
I storfint selskap
Feit er plukka ut til å bli ei av 16 bøker som er med i årets Rein tekst-aksjon. Rein tekst er den største landsdekkjande leselystaksjonen i Noreg, og målet er å gi ungdom mellom 16 og 19 år gode lesaropplevingar.
Det er Foreininga !les som står bak denne aksjonen. Dei lagar ein antologi med 16 ulike bøker som er gitt ut det siste året. Denne aksjonen når ut til omlag 60.000 ungdommar over heile landet.
Blant forfattarane som er med finn ein mellom anna Carl Frode Tiller, Lars Kepler, Marie Amelie og meg. Stor stas. Heile lista kan du lese her.

lørdag 2. juli 2011
Besøk hos Handel og Kontor
For nokre veker sidan, var eg å snakka for 100 ungdommar som var samla på Handel og Kontor sin sumarleir. I medlemsbladet deira kan du lese om besøket. Dessutan hadde dei kjøpt inn Feit til alle som var på leir. Eg signerte bøker som ein helt. Og snakka med tynne, tjukke og flinke folk. Gode saker.
fredag 1. juli 2011
Jan Thomas har tatt av sju kilo
I dag på nettstaden Twitter, kunne kjendisstylist Jan Thomas fortelje at han har tatt av sju kilo. Skal sei. Spent på om ein om ikkje så lenge, vil sjå programmet, boka, dvden og cden "Slank med Jan Thomas". For makan til gode slanketips, skal ein leite lenge etter.
Abonner på:
Innlegg (Atom)