lørdag 10. juli 2010

Korsett til menn

Det å gå rundt med ølmagen sin, er no så som så. Magen disser og hoppar opp og ned når ein går langs gata. Førti, feit og ferdig. Men det kan fiksast. På ein enkel måte. Med eit tradisjonelt kvinneplagg. Korsettet. Dette er jo nærmast eit torturinstrument som vart nytta for å gje kvinner ein smal midje heilt sidan middelalderen.

Men no er det menn som nyttar dette. Norske menn storhandlar korsett frå Danmark. Firmaet just2men leverer store mengder korsett til Noreg. Jan Klarskov som er dagleg leiar i firmat seier at mange menn kjøper korsett fordi dei skal i bryllup eller skal holde foredrag for mange mennesker - og ynskjer å sjå så bra ut som mulig.

Heildekkande korsett

Klarskov fortel vidare at forfengeligheit er naturleg, og for menn, og at han syns det er flott av notske menn vil nytte korsett. Han forsikrar at korsetta hans ikkje er ubehagelige. - De er faktisk veldig gode å ha på, eg pustar heilt normalt i dei, seier Jan Klarsko.

Sjølv kjenner eg meg skeptisk. Eg trur heller at eg tek meg ein joggetur. Og ein røyk. Vil du bruke korsett?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar