fredag 9. juli 2010

Gladnyheit for småtjukke

Det å være tjukk og feit er ei elende for folk flest. Det er ikkje måte på kor mange sjukdommar og anna satanskap som skal råka dei som slit med ein liten eller stor fleskevalk. Men endeleg så kjem det ei gladsak. "Moderat overvekt kan forlenge livet"

Eg syns eg kan høyre 1/3 av landets befolkning trekk eit lettelsens sukk. Alle elendigheitspropganda er gjort til skamme - du skal leve lenge. Du kan fleske deg med kake, is og cava. Og gå opp ein buksestørrelse. Å berre gje faen.

Men - her er jo sjølvsagt eit stor men. For sjølv om du skal leve lengre, så vil det ikkje nødvendigvis seie at du ska ha det supert. For tenk å leve til du er 100 år - utan å få deg noko. For tjukke folk vert jo ikkje meir attraktive sjølv om dei skal leve lenge. Eller driv med intimbarbering. Og er det noko alle veit, så er det at tjukke folk ikkje er attraktive. Så spørsmålet er då - tren i sommar og dø ung - eller et ein is og bli gamal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar