torsdag 8. juli 2010

Terror og fedme

Heldigvis for norsk presse, er det slått full terroralarm i dag. Agurksesongen er i full gang og det er den eine meingslause artikkelen etter den andre på framsida av Dagbladet og VG. Men idag så smalt det. 3 personar i vesle Noreg planlegg bomber og granatar. Sjølvsagt er dette skremande, men terror er i følge ein britisk forskar, ikkje berre noko skumle muslimar driv på med.

I VG i ein artikkel heilt tilbake frå 2008, kan ein nemmeleg lese. "En av Storbritannias fremste kostholdseksperter mener fedmeepidemien utgjør en like stor trussel mot landet som terrorisme".

25% av britar er er sjukeleg overvektig i dag. Og er det rart. Alle som har vore på ein helgetur til London, har sett kva mat dette folket glefser i seg. Det er frityr over ein låg sko, potetgull til alt, søte kjeks og øl til kvardags. Om ein fortsett slik, så vil det i følge forskaren gå på same måte med britane som amerikanarane. I USA vil 100% av innbyggjarane vere overvektig i 2050 om ein ikkje strammar seg opp.

Mon tru korleis det går med oss?

Ein tjukkasterrorist. Kanskje?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar