søndag 1. august 2010

Fleskereduserande ferietur?

Altså. Då er eg kome heimatt til vestlandet på ferie. Her regnar det. Kraftig. Sånn regn som ein ikkje har på austlandet. Det regnar nedover og bortover på same tida. Eg sit i sofaen og ser på alt som kan sjåast på når det er sundag. Eg er skikkeleg heldig, og har funne ein ny tv-serie med Anna Anka, intet mindre. Heldigvis kjem iallefall Silje Stang tilbake på tv i løpet av hausten, ei langt betre blondine enn Anna Anka. Men det er ikkje så lenge til eg skal opp av denne sofaen. For saman med en kompis, skal eg om nokre dagar ut på ein slags ekspedisjon. Tur i fjellheimen. For å være heilt eksakt, så skal eg gå turen "Gjennom hjarta av Stølsheimen".


I løpet av fem dagar skal eg og Marius slite oss opp og ned i fjellheimen, bærande på svære sekkar og ete tørr og langtidshaldbar mat. Eg gler meg lett - og gruar meg lett på same tid. Det vert sikkert jævlig fin natur og sikkert gode folk - og truleg bein som ser ut som dette.


Og så er jo dette vestlandet. Ein skal ikkje stikke det under ein stol. Og veret vert truleg deretter. Her ser du værmeldinga. I løpet av dei dagane turen varar, så er det nett no meldt 25 mm nedbør. Og ikkje litt sol i sikte. Denne mannen må ut å kjøpe regnklede i morgon. Og gnagsårplaster.

Uansett utfall av turen så er det iallefall ein god greie med dette. Ein er i aktivitet heile dagen og forbrenn difor mange kalorier. Og eg skal nytte sjangsen til å ete all den sjokoladen eg vil - utan fleskeangst og dårleg samvit. Sjokoladeturen 2010.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar