mandag 31. januar 2011

I dag har Noreg halde pusten.

Sjølvsagt i påventa av dei nye kosthaldsråda frå styresmaktene. Men det var ikkje akkurat sprengstoff dei la fram. Ikkje ville dei senda deg på ein fettdiett, ikkje ville dei senda deg på ein lavkarbodiett, ikkje ville dei senda deg på ein papaylimekokosnøttdiett - som tilsutt hadde gjort at du prompa parfyme. Ikkje syns dei at du skal eta meir sjokolade eller is til frokost.

Det dei vil er at du skal eta normalt. Litt mindre av ditt, litt meir av datt - og denslags kjedelige råd. Men det kjedeligste av alt -er at det er nok dette som hjelper om du skal ned i vekt. Og bli der. For det handler jo ikkje om to veker intensiv slankerkur, men å endra livsstil. Om du då vil ned i vekt. For om du elskar valkane dine og får klint nok - så kan du jo berre vere som du er. Det er uansett det beste.

Sjokolade bør også inngå i kostholdet ditt. Du vert sur om du aldri et sjokolade.

søndag 30. januar 2011

Kalorigalskap

Altså. Eg tenkjer at eg skal ete dei kaloriane eg får i meg. Så det vil sei at eg ikkje drikk saft, juice, melk eller anna alkoholfri drikke. Alkoholhaldig drikke tel liksom ikkje. Nokon vil jo seie at det er galskap - men det vert ingenting mot snusekuren. Altså - ikkje at ein snusar, men at ein snusar i seg kalorier. Eit nytt apparat gjer at du kan snuse i deg sjokolade og andre godsaker. Istaden for ete godssakene. Då snakkar ein galskap.

Då foreslår eg heller ein lang tur, nokre situps og ein god sjokolade til kaffien. Så kan du heller snuse på di eiga svettelukt - og være nøgd med at du har vore i fysisk aktivitet. Og etter du har snusa, så kan du la deg inspirere av denne gjengen her. 

Snuseapparat

fredag 28. januar 2011

Pølsa? (blogginnlegg med nakenbilete av kjendis)

Kan nokon forklare meg kvifor denne mannen, som ser ganske veltrent ut - heiter pølsa? Er det fordi han på eit eller anna tidspunkt såg ut som ei pølse stappa av ein ufaglært pølsemakar? At han er pølseforma? At han var ein tjukkas når han var liten? - eller er det fordi han ekstremt stor penis? Eventuelt penis som ser ut som ei pølse?

Dette er spørsmål eg sit å lurer litt på no - istaden for å jobbe. Like greit.

Han ser ganske normalvektig ut spør du meg.

Trening er livsfarlig

Sjå denne stakaras guten her. Han var sikkert tvangssendt på fotballtrening av mora si. Og kva ender det opp med. Rompelukt i ansiktet. Fysjom.

torsdag 27. januar 2011

Prøvetime på strippetrening

Eg er altså i full gang med ny bok. Og mellom anna skal eg teste ulike utradisjonelle treningsformar. Berre for å teste, om dei kan gjere meg perfekt. Og neste veke brakar det laus. Det første eg skal i gong med er strippetrening.

Dette har altså blitt ei særs populær treningsform. Primært for kvinner. Så når eg spurte om eg kunne få ein privat prøvetime, så vart eg møtt med stor glede fordi det endeleg var ein mann som spurte om å få opplæring, i denne noko spesielle forma for trening. For om ikkje norske menn vert perfekte i ein helvets fart, så tek dei svenske gutane over. Det riv meg i sjela, at svenske menn skal sjå betre ut enn norske menn i korpsuniform.

Eg har og gjort eit intervju med Norsk Ukeblad denne veka, for å gje lesarane der gode råd om korleis dei skal te seg for å få bukt med flesket. Og Norsk Ukeblad skal vere med meg på strippetrening. Med andre ord – så vert det heile godt fotodokumentert. Så du kan glede deg til ein stor bildespesial.

Be om at eg får fine magemusklar

Det er no mangt som kan fiksast med bøn. Rusmisbruk, legning og papirlause.

Men denne papegøyen her, som ber og står i - den har eg litt tru på. Eg har sendt eigaren ei melding - og spurt om han kan trene papegøyen sin opp til å be for at eg skal få fine magemusklar. For eg tenker at det er det som må til for at eg skal få desse flotte magemusklane - ei aldri så lite mirakel.

Amen.

onsdag 26. januar 2011

Sex og kaloriforbruk

VG har spesialisert seg på å skrive om viktige saker. Som rører oss og som beveger oss. Som blant anna om mannen så stakk frå si sexgale kone. Han orka ikkje meir. Eg tenkte eg skulle nytte høvet til å fortelje deg at når du har sex forbrenn du 7 kaloriar på 5 minutt. Med andre ord, skal du ta av nokre kilo - så må du ha ein del. Kanskje det var det som var hennar plan?

Puppedans

Puppedans. Det er ikkje stripping. Det er når puppane faktisk dansar. Og attpåtil på ein gut. Eg spør meg sjølv - om du er overvektig og har utvikla mannepupppar, er dette verkeleg naudsynt? Vurder sjølv.

tirsdag 25. januar 2011

Ta ansvar for eigen kropp

Ein representant for det gode, varme og fellskapsorienterte partiet Høgre, har tidlegare satt store spørsmål ved kor mykje dei som er feite kostar samfunnet. Dei som er feite må ta ansvar sjølv. Då er det lett å trekke parallelen til det å sole seg. Alle veit at dei som solar seg, har ein høgare risiko for å få hudkreft enn oss som er bleike og kvite. Så dei tek ein kalkulert risiko. Så om dei får kreft så får dei vel heller betale sjølv då - om ein skal følge det hjertevarme partiet Høgre sine tankar.

Eller så kan ein gjere som regjeringa i dag forslår, og sette ei aldersgrense på 18 år. Slik at færre unge utset seg sjølv for dette. Og bla, bla - gammalt nytt: Gitt kven som er sjokkert og ser raudt?

mandag 24. januar 2011

Ein perfekt kropp

Om ein googlar perfekt kropp, så er den første mannen det kjem bilde av norske Cornelis Elander. Han er då altså frå Noreg, han er Fitness-ekspert, skodespelar og modell. Han bur for tida i Santa Monica, der han trenar på stranda. Slik ser han altså ut.

Hmmm. Tenkjer eg berre. Korleis er det mulig? Utganspunktet mitt og hans er det same, men det ser ikkje heilt slik ut nå eg ser meg i spegelen. Så derfor har eg no intervjua Cornelis. Om kva han tenkjer er den perfekte kroppen, korleis eg skal bli perfekt og hans tankar om venleikshysteri- og press. Om mens du ventar i sitrande spenning i å lese kva han meiner om dette - kan du følge bloggen hans her.

Eg har nett prøvd å trene. Eller det vil sei eg har trent. Men etter akedag på is, så har eg så vondt i ræva at det regelrett var umogleg å ta situps. Det var meir smerte i rævflesket enn i magemusklane. Betre lukke i morgon.

fredag 21. januar 2011

Eit godt forbilde

Håvard Tvedten og nokre av dei andre handballspelarane på det norske landslaget får kritikk. Dei er for tjukke. VG skriv i dag: Norge hang lenge bra med mot Island i går kveld, men tapte til slutt 29-22. Det var ikkje berre Norge som hang, meinte folk - magen hang og, meinte nokre personar. Eg meiner at dei som meiner dette, skal halde kjeften sin. Regelrett.



Eg tenkjer at det er superflott å sjå toppidrettsutøvarar som ser heilt normale ut. Med ein liten sjokolademage etter jula. Supert - og gode forbilder for folk flest.

Eg lurar på kva andre mennesker som ser akkurat slik ut som håndballgutta tenker om at dei er for tjukke? Eg lurer på om slike utspel er med på å betre folkehelsa eller øydelegge den? For ein veit av forskning at det er ei sterk auke i talet på gutar som tek doping for å få den perfekte kroppen. Kva no enn den perfekte kroppen eigentleg er?

torsdag 20. januar 2011

Spar strøm - Kom i fom

Her er eit enkelt tips for deg som vi spare strøm og komme i form. Skru ned varmen, gå på Finn og kjøp brukte treningsapparater til heile famlien. Sett dei framfor fjernsynet og tråkk på. Då heldt du varmen, kjem i form og tar av nokre gram. Ingen problem.

onsdag 19. januar 2011

Kven er mest perfekt?

Altså. Eg har byrja på ny bok. Og eg skal skrive om det perfekte. Og då treng eg di hjelp. Kva er perfekt? Eg har laga ei ny meningsmåling. Der du kan velge mellom fire menn. Kven av desse menna meiner du er mest perfekt? Ja - ein drit sjølvsagt i personlegdom og denslags underordnaheiter. Det er utsjånaden som tel.  Ein av kandidtatane er Kristian Kjelling. Og han ser også ut som han er oppteken av kropp. Her står han og studerer magen til ein av handballkompisane sine. Alle er oppteken av kropp. Så eg vil vite kva du meinar. Sjå på høgre sida på denne bloggen - og stem!

tirsdag 18. januar 2011

Smakebit frå mitt nye bokprosjekt: Mager

Altså. No er det nokre månadar sidan eg gav ut boka Feit. Og i desse månadane har eg opplevd mykje, fått ekstremt mange attendemeldingar, snakka med mange folk og lært mange ting om meg sjølv og andre. Så for nokre veker sidan satt eg meg ned å byrja å skrive på ein oppfølgjar. Den jævla vanskelege andre boka. Men i grunnen så er det ikkje så vanskeleg. For det er så ekstremt mykje å gripe fatt i av saker og ting.

Bokprosjektet heiter Mager. Og er ei aggresiv sjølvhjelpsbok. Sjølvsagt ikkje i tradisjonell forstand. Først og fremst skal eg jo hjelpe meg sjølv. Her er ein liten smakebit frå boka. Har du innspel til ei bok som heiter Mager - bør innehalde?

----
Eg tenker på dei andre. Dei som er rundt meg. Som et boller til lunsj, drikk brus med sukker og sjelden trener. Det eg ikkje kan fatte og begripe er at dei er tynne. Om eg et som dei og trenar like lite - synes eg at eg med ein gong ser ein bul på magen. Og at buksa strammar i låra. Og at ræva klaskar bak meg når eg går. Eg tykkjer det er blodig urettferdig - og forbannar dei i høge tonar mens eg står og trakkar på den helvetes stepmaskina.

Eg lurar på kor mange mil eg har lagt bak meg på denne maskina. Og dei fire andre. Det er ikkje få. Det er keisamt. Sjølv om eg både har ipod, ser ein tv-serie eg har sett før og samstundes ser ut vindauga - for å sjå om eg ser noko som er verdt å sjå på. Sjølv om eg no ikkje ville ha skamma meg så intenst for å gå på eit treningsstudio, byr det meg i mot.

Ein ting er å bli slank. Då har ein eit prosjekt og eit mål. Når ein meir eller mindre er nøgd med vekta, så er det ikkje noko anna enn å halde seg slik. Bare liksom halda seg i stabilt sideleie. Korkje opp eller ned. Litt dårlig samvit når ein har ete litt for godt, som vert oppvegd med litt ekstra trening. Så går ein på ein ny utskeiing, før ein på nytt - sett inn eit treningsstøt. 


Eg treng eit prosjekt. Eit tidsavgrensa mål som eg kan gjennomføre med glans. Som gjer meg ny motivasjon til å halde vekta. I sjakk.

Eg går ned frå stepmaskina, tenner meg ein røyk - og byrjar å lage ein prosjektplan. Prosjekt Perfekt.

-----

mandag 17. januar 2011

Eller ein kan gjere det gratis?

I desse treningstider, då alle skal bli kvitt fettvesten etter jula - er media fulle med gode slanke- og treningstips. I dag har VG tatt for seg kor mykje det kostar å trene av seg flesket på treningsstudio. Og me snakkar ikkje småpengar.

Eg likar ikkje treningsstudio. Eg meiner dei er med på å bygge opp under folk si skamkjensle og frykt. Skamkjensle over å ha nokre kilo for mykje - og frykt for å ikkje vere perfekt. Om ein ser på desse heimesidene dei har, så finn ein berre "perfekte" folk med bleika tenner og solbrun hud. Ikkje at det er noko gale i å være sokalla perfekt - men det er heilt greit å vere som oss andre og. Oss som har nokre skavankar. 

Ein langt billigare og mindre ambesiøs måte å gå fram på, er å ta på deg joggeskoa, og gå deg ein tur på den glatte og holkete veien.  Då brukar du alle musklar du har i beina og ræva heiser seg i rekordfart. Gå ein god time. Du kan eventuelt gå i ditt eige protestog for ein meir human asylpolitikk. Flesker du og til med å ta nokre situps og armhevningar når du kjem heimatt, så kan du klaske flesket på sofaen etterpå. Med godt samvit.

Og sofa med godt samvit, er den beste sofaen.

torsdag 13. januar 2011

Slankehysteriet kjenner ingen grenser

Har du ein kollega du meiner et litt mykje i lunsjen? Som byrjar å få mage og kjærleikshandtak på sida? Då er du ikkje åleine. Men pytt. Det er kvar og ein sin sak. Men det syns ikkje Lyse. Dei har funne ut at ein av dei tillsette et for mykje. Og truleg vert feit og dvask. Så dei gjer han ein advarsel. Et mindre. Tjukkas. Du et oss frå gard og grunn. Er det rart straumen er dyr?

fredag 7. januar 2011

Per Arne Olsen (Frp) slår et slag for lettbrusen

Per Arne Olsen er idag frifunne for snusk og snask. Iallefall så kan dei allefall ikkje bevisa noko.

Ein mann frå Framstegspartiet gjer aldri noko gale. Ein mann frå Framstegspartiet er som oftast eit offer for media og andre personar med ondskapsfulle meningar. Som berre vil menn frå FRP vondt.

Men i dag er det feiring. Og det vert feira med lettbrus. Kanskje han skal kvitta seg med nokre kilo til valkampen.

Tips til gratis trening.

Folk frå Sunnmøre er kjent for å være gnitne på penga. Det skal sparast, vendast og snuast på kvar krone. Sjølvsagt er Kristin Krohn Devold også gnien på gryna. Så ho foreslår at ein skal gå seg ein tur på 30 minuttar for å bli i bedre form og kanskje fjerne litt fett frå kroppen sin. Og så er det jo gratis.

God ide spør du meg. Og du kan jo også vurdere å melde deg inn i Turistforeninga. Så kanskje du kan finne andre tjukkasar å gå på tur med.

torsdag 6. januar 2011

The fat lady sings

Det er mange tjukke damer som synger. Og det er jo bra. Tjukke syngedamer kan ein like. Men eit tips til deg som er tjukk og vil synge. Det går an å synge medan du står på golvet.

Alle slankar seg

Det er jo januar. Då skal ein slanke seg. Ellers så kjem Helsedirektoratet og tek deg. Det har gode gamle PoshSpice tatt på alvor. Ho og slankar seg. Men sjølvsagt ikkje med knekkebrød og joggeturar. Ho har berre vert hos legen og fjerna litt. Fjerna litt pupp.

Haha. Ta den David Becham.

Nei og nei. Puppane er borte. Sukk. Stønn.

onsdag 5. januar 2011

Dette er veldig 2010

Altså. Denne Voe skal slutte å blogge. Og no vil dei at ho skal skrive bok. Altså, det er veldig 2010 og gjort før. Berre så det er sagt altså. Og du kan kjøpe boka mi her. Og eg bloggar framleis. Berre så det og er sagt.

tirsdag 4. januar 2011

Fettrabatt

Oki. No er det salg. Alle spring rundt og kjøper billige klede og gjer januar til ein betre månad på den måten. Det gjer ikkje så mange tjukkasar. Det er sjeldan at det er sal på klede som tjukkasar kan klemme valkane sine inn i. Slik er det berre. Men heldigvis er det ein stad tjukkasane verkeleg kan spare pengar.


TV2 melder i dag at fleire av treningssentra gjer rabatt etter kroppsvekt. - Det nye lokkemiddelet på enkelte treningssentre er at du kan få rabatt etter hvor mye du veier. I tillegg til at det lokkes med halv pris får du din egen kroppsvekt i rabatt på månedsavgiften hos Norges største treningskjeder. 

Sats og Elixia er nokre englar. Dei tenker på alle. Og bryr seg skikkeleg om tjukkasane. Og vil dei vel. Jepp. Eller vil dei ha kundar. Eg tippar at dei vil ha kundar. Eg syns heller du skal spare pengane dine, gå deg turar langs vegen, i skogen eller på ei stepmaskin. Og bruke pengane på å kjøpe noko på sal til neste år. Når det passar. 

Om du trener litt, kan du også unne deg litt sjokolade




Eigen skatt for tjukke?

Den svenske politikaren Stefan Hanna vil ha ein eigen skatt for tjukke. - De överviktiga utsätter det gemensamma systemet för mycket större påfrestningar än de som äter och dricker normalt, seier han til ei svensk avis.


Eg lurer på korleis han har tenkt å rekne ut denne skatten. Kanskje ved hjelp av BMI. Når ein fylle ut likininga, så må ein og fylle inn BMI. Har ein BMI på over 25 så legg ein på 1% og har ein over 30% så legg ein på 2 %. Det same må då gjelde for personar med Anorexi. Har ein BMI under 16 så vert det og ein ekstra prosent skatt - avdi ein truleg må ha hjelp frå det offentlege.

Men kvifor stoppe der. Dei som solar seg for mykje og får hudkreft må også rapportere antall dagar i sola, for å få rekna ut sin ekstraskatt.For ikkje snakke om dei som har usikker sex, og pådrar seg Klamydia eller det som verre er. Dei får ein straffeskatt på 5%.

Ein skal jaggu være glad ein ikkje bur i Sverige. Kanskje det er derfor så mange svenskar bur i Noreg?



Svenske som reknar ut ekstraskatten sin


Hadde det vore fysisk mogleg?

At denne mannen kunne ha sex? Det har han iallefall ikkje hatt på 20 år.
Denne mannen er no 311 kilo tung. Og då har han faktisk slanka seg 127 kilo. Og no er tjukkasen forelska. Det er jo fint. Eg håpar han finn lykka.

På slankekur, forelska og klar for sengekos!

Ting ein som tjukk kan spare seg for 4

Altså. Det er ikkje alt du treng å stille opp på når du er tjukk. Eller tynn. Men alvorlig talt, isen har lettare for å knekke om du er tjukk. Så denne fyren som er lett overvektig og tjukk i hovudet, burde kanskje tatt seg ein skitur i staden.

mandag 3. januar 2011

Inspirerande eller irriterande?

Det er berre til å stålsette seg. Er du overvektig eller feit utan verken ønske eller lyst til å gjere noko med situasjonen, går du tøffe tider i møte. Kvar einaste forbanna dag i vekesvis, kjem du til å sjå artiklar om slanking, supre, slankande, smaksfulle rettar (som truleg smakar som avkok kupiss), folk som tar av supermasse og reklame for vidunderkurar.

Den beste slankesaken i dag, syns eg er denne saka om Jørn Hoel. Han går inn for ei slankare linje no i 2011. Det skal han gjere med ein personleg trenar. Det har han fått i julegåve av dama si. Kanskje ikkje det å "ælske i sneen" var så forlokkande lengre? I tillegg skal han gje ut plate og bli jorunalist og greier. Det er ikkje måte på kva han skal ta seg til med i 2011. Mannsfett skal monitorere denne slankinga til Hoel.

Den alles kjære Kari Jaquesson skal trene Christer Falk. Det vert nok superkjekt. Men trass alt bra, at menn som Christer Falk slankar seg offentleg. Han er jo liksom ein tøff jævel, som eigentleg ikkje burde bry seg om slanking. Så lett kudos. Ikkje for mykje altså, det er jo trass alt måndag.

Men er dette inspirerande eller berre jævla irriterande? Eg er slett ikkje heilt sikker. Eg trur at ynskje om trim, trening og gnafsing av grønsaker kjem liksom frå innsida. Eg vert iallefall ikkje inspirert av glade superdupersmilande trimdamer og menn. Då får eg større behov for å unna eige oppkast. Det er jo ikkje noko morosamt å trene om du er tjukk. Det er eit forbanna slit.  Vert du inspirert av denslags artiklar? 

Denne veka har eg i bunn og grunn nok med meg sjølv. Eg gjorde fullt styreprogram i dag for første gong sidan midten av desember. Og det er med relativt store smerter eg skriv dette blogginnlegget. Så no tek eg meg ein røyk for å nulle ut effekta.

Og vrir meg lett i smerte.

søndag 2. januar 2011

Stønn!

Jepp. Ein kan stille klokka etter det. Iallefall stille kalenderen etter det. Alle aviser, vekeblad og andre medier skal no dei neste vekene tyte oss fulle med korleis me skal få rista av oss juleflesket med den eine meir fantasifulle metoden etter den andre. Spesielt skal kjendisane gje oss sine gode råd.

Anbjørg Sætre Håtun ho melder mellom anna at ho skal kysse av seg ribbefettet. Til hennar informasjon, så er ein vanleg julemiddag omlag 2600 kalorier. Og for å bli kvitt det skal ein ha sprek "sengeaktivitet" i heile 32 timer for å brenne det av seg. Reknar med at dette blir nokre hundre timer med kyssing - og truleg såre kjøsselepper for denne "kjendisen". Ellers er det både yoga, alger og andre fantasifulle påfunn.

Som den jævla flinkisen eg er, så har eg passa på å gå mange turar i jula. Så nå eg høyrte pauker og skummel musikk i hovudet i det eg skulle våge meg på vekta i dag tidleg -så var det ikkje så ille som eg hadde frykta. Faktisk ikkje ille i det heile teke. Så etter årets første joggetur - så fleska eg til med marsipan til kaffien. Og skal fleske meg meir med pinnekjøtt til middag.

Men sidan eg er x-feit, og har gitt ut bok om det å være feit - så føler eg at det er på sin plass at eg og gjer nokre gode livsstilsendringsråd sånn i det nye året.

1. Kast alt av godsaker, kaker og anna kalorrik mat. Eventuelt så kan du gje det vekk til ein ven som du ynskjer skal legge på seg og bli feit. Berre for å vere ondskapsfull.

2. Gå deg euin tur i dag. Sånn ein times tid. Så kan du gjere det same i morgon. Og dagen etter det. Og vips, så har du laga deg ei rutine.

3. Ta deg ein røyk. Det døyver sulten.

Jepp det var mine gode råd for det nye året. Flesk til!



Snart vår og sommar

lørdag 1. januar 2011

Dagsventande

I natt kom nyttårsbornet. Det kom i Tromsø. Eg derimot ser ut som eg er dagsventande. Mon tru om eg er ein medisinsk sensasjon - og ikkje har lagt på meg i jula. Magen struttar som eit trommeskinn - og eg trur det pinnkjøttet som vart til overs frå i går, skal få ligge. Iallefall til i morgon.

Kjenner meg slik i dag.