fredag 23. desember 2011

Juleflesk

Altså. Det er eit lite helvete å finne ut kor mykje ein kan ete og kor mykje ein ikkje kan ete i jula, for å være sikker på å komme i dressen på nyttårsafta. Eg freistar å oppsummere dei ulike råda som vert gitt - slik at du ikkje må kjøpe nye undikar på 4.juledag fordi ræva di er blitt for stor.

For altså. Visste du at dersom du meskar deg med ein kokosmakron og tre fiken så må du i følge ho Grete. Ja altså ho Grete Roede jogge eller gå på ski i heile 23 minuttar for å forbrenne det. Så mitt råd til deg er då - et noko anna enn fiken og kokosmakron. Skal du først ete julegodis så må du sørge for å ete noko som er skikkelig godt. Og ikkje noko så nasty som ein fiken. Følg lenken for å sjå heile tabellen.

Vidare så er jo jula på mange måtar dei jævla lågkarbofolka si høgtid. Det er fett så langt auge kan sjå - og me kan berre takka vår skapar for at me har belgisk smør i butikken. Så dei er sikkert lukkelege - og det er sikkert flust med lågkarbobøker under juletreet. Men varsko her. Ny forskning syner at lågakarbokost både kan gje depresjonar, kreft samt ein del andre sjukdommar. Så det er best å halde seg unna. Eg syns ein skal høyre på juledronninga, Ingrid Espelid Hovig sitt manta: Litt av alt. 

Så er det slankelegen som seier at du må berre ete i vei. For du legg ikkje så mykje på deg. Sånn eigentleg. Gladmeldinga frå han er at du kan ete meir enn du trur for å legge på deg ein kilo juleflesk. Så det så.

Og om du i tillegg har ønska deg noko av dei produkta i denne artikkelen så får du sikkert enorm motivasjon til å trene - og då kjem du slank og smekker ut av jula. For ingenting er jo meir inspirerande enn nokre jævla perfekte zumbasko.

Men om du har tenkt å gjere som meg. Gje fullstendig faen - og ete til du får kjøttsvette - og heller trene det av deg igjen i den lange kjipe januarmånaden, så er det eit råd som er det beste. Finn den tjukkaste i familien eller på festen - og klistre deg på det menneske. Då ser du alltid tynnast ut uansett. Sjå eksempel under. Ha ei feit og god jul

torsdag 15. desember 2011

Til helvete på første klasse - med Dr.Hexeberg bak rattet

Altså. Det skal ganske mykje til for å gjere meg flau. Eg skjemmer meg som oftast ut ganske kraftig sjølv. Men no altså. No er eg flau. Over oss som bur her i dette landet - og årsaken er sjølvsagt denne jævla smørkrisa. Eg raudnar når eg ser internasjonale nyhende, der dei omtalar krisa vår.

No er det jo sikkert ulike grunnar til at me har ei smørkrise. Lite produksjon av melk og så vidare. Men ein av årsakene er og denne lågkarbogalskapen. Og er skjønner ikkje heilt denne greia. Du sit der og er feit og full av valkar, meiner sjølv du har freista alle ting for å miste vekt - sånn bortsett frå trening og mindre mat. Så kva gjer ein då - ein sit på fleskeræva si og et smør og bacon for å gå ned i vekt. I følge Sofie Hexeberg så er denne lågkarboen den einste vegen til saligheita og ein fantastisk sixpack.

Bacon og smør for å bli tynn er det er det same som at eg går på nachspiel å drikk vin for å bli edru. Og det kan eg love deg - eg vert aldri edru på nachspiel. Det er eit eller anna som er heilt sjukt vulgært med lågkarbo. Kan ikkje berre folk gå seg ein tur? Eller ete litt mindre av normal mat?

VG melder og i dag at me no styrer på ein sikker avgrunn. Det vert biffkrise fordi kyrene skal melkast lengre i staden for å slaktast. Helvete. Dette går aldri bra. Biff er jo og særdeles sentralt i lågkarbokostholdet. Dette er ei heilt vannvittig krise.

For det er jo klart at det ikkje så viktig for norske medier, lågkarboentusiastar og fortvilte julekakebakere at det er ei langt større krise når det gjeld mat i verda. For trass i at det vert produsert nok mat i verda til å mette oss alle, så går ein av sju personar sulten til sengs om kvelden. Fordi det er for lite mat. Og sjølv om ein med jamne mellomrom ser bilete av underernærte og feilernærte ungar så er det jo klårt at julekaker utan skikkeleg smør er så jævlig at ein ikkje kan tenke seg noko verre. Samstundes vert heile 70 % av landbruksarealet i verda vert brukt til kjøttproduksjon - utan at det på nokon måte gjev tilsvarande energi. Men berre for at me kan ete så mykje kjøtt me berre vil. For kva er lågkarbodiett utan bacon og biff? Eller ein dag utan kjøtt for andre?

Så her sit me. I eit land der 30 % er overvektige. Og sutrar over smørkrisa. Og ventar på biffkrisa. Og slankar oss på fett. Etter råd fra sjølvaste lågkarbodronninga. Medan born går sultne andre stadar i verda. Me burde skamme oss. Kraftig. Og om du er ein av dei som har tenkt at dette med smøret er ei krise - så kan du gjere opp for deg moralsk sett, ved å gå inn på Unicef sine sider og gje ein skjerv.  Det har du faen i meg råd til.

Liten gut som sender sine varmaste tankar til Noreg - eit land i smørkrise

mandag 28. november 2011

Bygdefolk meir positive til lavkarbo

Fleire medier melder i dag om folk flest no er dritalei av preiket om lågkarbokurar og denslags. Heile 86 % av befolkninga syns at nok er nok. I Oslo er heile 91 % lei av dette. Altså  ni av ti personar. Blant folk på bygda, så er talet berre 81 %. Så det vil sei at langt fleire bygdetullingar går framleis rundt i ketose og har ikkje fått med seg at det er veldig oktober å være på lågakarbodiett.

Dette er jo dårleg nytt for meg, som fortvilt freister å knipe ut nokre kroner av lågkarbogalskapen. For no er då eigentleg marknaden min 19% overvektige kvinner på landsbygda. Sjølv om annonsa er sett over 1300 gongar så har eg framleis ikkje fått seld smør. Vil du kjøpe smør? Sjekk annonsa på Finn

søndag 27. november 2011

Smør fra Sverige til salgs

Altså. Ein tener faen ikkje mykje pengar på å gje ut bøker om slanking på den gamle måten. Med trening, knekkebrød og vanleg sunn kost. Nei, skal ein tene penger på bøker så må ein gje ut bøker om lågakarbo, ketose og dennslags sinnsjuke påfunn. Så her sit eg no då - og tenkjer korleis skal eg få min del av kaka. Grafse til meg nokre av dei pengane som vert lagt i |lågkarbohysteriet i Noreg.

Og i går slo det meg. Der eg sto på Nordby Senteret framfor hyllemeter på hyllemeter med smør. Eg skal ta med meg smør til Noreg - og selga da for blodpris. Sidan no lågkarbogalningane har kjøpt så mykje smør at det ikkje er ein fettflekk att å oppdrive. Så no skal eg teste forretningsideen min. I dag har eg lagt ut annonse på Finn, der eg tilbyr 500 gram smør til hundre kroner.

Du kan sjå annonsen her. 

No sit eg her å ventar i spenning på at det svenske smøret skal gjere meg rik.Lågkarbo til folket!

fredag 18. november 2011

Fem om dagen eller pizza?

Du har kanskje sett dei to damene i reklamen, som viser deg korleis ein kan få til fem om dagen. Eit glass juice, eit eple og grønnsaker til middag - så er du i boks. For oss i normalt oppegåande land så er jo ikkje dette noko problem. Dei har langt større problem i mindre siviliserte land. Som USA til dømes. Der har no kongressen vedteke at pizza skal klassifiserast som ein grønsak. Ei slice med pizza, er meir eller mindre det same som ei gulrot. Sånn nesten i allefall.

Forskning syner at dersom amerikananar legg på seg i same takt som no - vil 100 % av innbyggarane i USA vere overvektige eller smellfeite i 2050.

No slepp han å ete druer - pizza gjer same nytten. Så lenge ein bur i USA vel og merke

tirsdag 8. november 2011

Fetthjelp fra Lysbakken

Altså. No har eg halde kjeft så lenge, at no må eg seie noko. Nokon må forklare folk kva som skjer. Og det ver nok meg.  Du trur kanskje at Audun Lysbakken bare arbeider for at kvinner skal verte meir likestilte og denslags gamaldagse ting, men der tek du feil. Han driv ein hemmeleg kamp for menn. For at menn som gjennom mange år har vore gjenstand for kvinner sitt kritiske blikk og hånelege auge - endeleg skal få si salige hevn. Lysbakken har vore kraftig i vinden dei siste vekene med bok, amming og seinast i dag med trillegrupper for menn. Og dette er ikkje utan grunn. Det skal eg fortelle deg alt om, men først litt bakgrunn.

At kvinner legg på seg når dei er gravide er jo ikkje akkurat ei hemmelegheit, men det som er eit langt mindre fokus på, er at og menn legg på seg gjennom ei svangerskap. (Eg veit det godt  - har delt kontor med to gravide og fekk med meg sympativekt frå begge). Ei lita undersøking blant vener og kjende, syner at i gjennomsnitt så legg menn på seg seks kilo gjennom eit svangerskap. Og det er berre fordi ein i løpet av denne tida, at mannen skal gjere så godt han kan - lage god mat og denslags.

Etter eit gjennomført svangerskap, begynner kvinna og amme. Ogmed amming så sug bornet ut kilo på kilo med fett frå kvinna - gjennom puppen. Mens mannen sit og ser på.  Gro Nylander er ikkje berre ammedronning, ho er og slankedronning.

Når borna vert eldre, så er det bevist gjennom forskning at vaksne med born -vert feitare enn vaksne utan born. Så mens kvinna då vart sugd tom for fett gjennom amminga -sit mannen der. Og får kjeft av kjerringa fordi han er for feit.  Denne sjikanen vil Lysbakken til livs, med sine siste tiltak.

1. Ammestopp
Lysbakken vil ikkje at kvinner skal amme så lenge, og dessuten skal far vere heime lengre. Dette er strålande. Då får ikkje ho så mykje fettsuging som før, og far får meir jobb - som gjer at han forbrenner fleire kalorier. Og ho må småblubbete tilbake til jobben. Puppestriden er vunne - og menn vert tynnare.

2. Papparinger
Lysbakken vil at menn skal samlast å gå tur. Dette vert sjølvsagt kamuflert som eit "menn manglar nettverk i permisjonen", men det eigentleg eit slankeprosjekt for menn. Menn skal organiserast til å gå med vogn saman. Som eit lågterskel slanketilbod. FRP sin sjarmerande og alltid like konstruktive Stortingsrepresentant Solveig Horne, sa i dag på TV2 Nyhetene, at Lysbakken sitt forslag var dustete. Eg tenker at alle som såg på nyheitene fekk bakoversveis over den tungtveiande argumentasjonen hennar og ble einig med ho med ein gong. Flaks dei er for opptekne med utukt og gladrasisme til å drive drive så mykje politikk. For dette er vitkig. Men måta skeia i ei anna hand -og verte tynnare. Ellers vert det berre gneldring i åra som kjem. Hurra for Lysbakken.

Truleg har Lysbakken sjølv kjend at det stramma litt rundt livet, når han skulle ta på seg statsrådsdressen igjen, og tenkt at -"bedre føre var enn etter snar". Det er guten sin ass. Han tek menn og slanking på alvor.

På lanseringsfesten for boka til Audn Lysbakken. Eg syner treningsøvelsar ein kan gjere med borna. Det var ingen born der, så eg nytta ein statssekretær i staden.

søndag 14. august 2011

Treningstips til valkampfolk

Altså. I dag har eg følt meg som verdas mest overlegne menneske. Frisk og rask våkna eg klokka halv ni. Eg var korkje fyllesjuk, plaga av fylleangst eller denslags svineri. Eg var regelrett SuperKristian. Så eg tok på meg joggeskoa og raska med meg eit par flygeblad  med SuperKristin på framsida og tok ein joggetur før frukost.

Der eg var sprek, rask og svett, var andre på veg heim frå gårsdagens "one night stand". Og eg min spreke jævel - smilte mitt finaste smil og delte ut løpesedlar til skamfulle menn og kvinner (med skjorta knappa feil og skjørtet bakfram). Og alle var regelrett så fyllesjuke at dei tok i mot flygebladet uten motstand. Ein perfekt start på dagen.

For det er jo viktig å hugse på den fysiske fostringa no i valkampen. Ein skal jo halde eit høgt tempo i dei neste vekene, og sikre eit best mogleg resultat for oss snille  - og på den måten syte for at Venstre ikkje får nok stemmer til å syte for at Framstegspartiet beheldt makta til dømes. Så difor  har eg laga 3 treningstips til deg. Slik at at du heldt koken. Og arbeider jamnt og trutt heilt inn til valet 12.september.

-----

200 meter flygeblad
Ta på deg egna treningsutstyr. Og ein fin bunke med flygeblad. Så finn du deg ein bakke, eller eit fortau eller ein anna egna stad med litt folk. Så spring du som faen i 200 meter. Full fart. Då får du masse merksemd. Alle snur seg og lurer på kvifor eit menneske spring så fort. Så snur du deg, og langsomt går tilbake til utgangspunktet ditt - og deler ut flygeblad på vegen tilbake. Alle tek i mot, avdi alle er nyskjerrige. Så gjentek du dette omlag 10 gonger. Og vips så har du sikkert skaffa 10 nye stemmer og forbrent masse kalorier.

Roleg tur med bollar og flygeblad
Hadde alle gått ein tur på 30 minutt kvar dag, så hadde verda blitt ein sunnare stad. Så det kan du gjere. Og være nøgd med deg sjølv. Men før du går. Bak ein porsjon med boller, ta på masse vaniljekrem og  melis. Ta dei i ei korg, ta med deg ei bunke flygeblad og legg i veg. Du deler flygeblada ut til dei du treff som er opne for nye impulsar, for andre sine tankar og dei som meiner at andre og kan ha rett. Bollane deler du ut til dei som ikkje fell inn under denne kategorien - med andre ord medlemmer i Venstre. Då får du trim og dei får vom. Ein vinn-vinn situasjon.

Klin med ein veljar som er på gjerde 
Dette er nok det treningstipset som forbenn minst kalorier, men truleg det mest koselege. Om dei veljarane som ikkje har bestemt seg endå, seier ein gjerne at dei sit på gjerde. Og desse må du finne, sjarmere dei - og kline med dei. Heftig klining forbrenn ein del kalorier - og dessutan er jo klinings stas. Og det skaffer garantert stemmer om du gjer det rett. Om du er dårleg på å kline kan dette virke mot si hensikt. Test dine eigne ferdigheiter på ei partifelle før du gjennomfører denne øvinga. Og om du treng bistand til å få klint, så kan du søke bistand i Erik Solheim sine sjekketriks. 

------
Så om du no la formen forfalle, får dårlegare kondis - og får valflesket festa til kroppen, så kan du iallefall ikkje skylde på meg. No er det opp til deg. Og ein siste ting - når du gjennomfører desse øvingane, så tar du sjølvsagt på deg di finaste t-skjorte. Slik som denne. God valkamp!


mandag 4. juli 2011

Ei helsing til Stein Eriksen

Stein Eriksen er på slankekur. Og drøymer om å bli modell for Dressmann. Du kan lese bloggen hans her. I dag når eg gjekk forbi Dressman, så sto glaset til utstillingsvinduga ope. Då tenkte eg på Stein, hoppa inn - og fekk ein svensk servitør til å ta bilete av meg. Så vonar eg at det er Stein Eriksen som vert klistra opp på Dressmannveggen om kort tid.

søndag 3. juli 2011

I storfint selskap

Feit er plukka ut til å bli ei av 16 bøker som er med i årets Rein tekst-aksjon. Rein tekst er den største landsdekkjande leselystaksjonen i Noreg, og målet er å gi ungdom mellom 16 og 19 år gode lesaropplevingar.

Det er
Foreininga !les som står bak denne aksjonen. Dei lagar ein antologi med 16 ulike bøker som er gitt ut det siste året. Denne aksjonen når ut til omlag 60.000 ungdommar over heile landet.

Blant forfattarane som er med finn ein mellom anna Carl Frode Tiller, Lars Kepler, Marie Amelie og meg. Stor stas. Heile lista kan du lese her.




lørdag 2. juli 2011

Besøk hos Handel og Kontor

For nokre veker sidan, var eg å snakka for 100 ungdommar som var samla på Handel og Kontor sin sumarleir. I medlemsbladet deira kan du lese om besøket. Dessutan hadde dei kjøpt inn Feit til alle som var på leir. Eg signerte bøker som ein helt. Og snakka med tynne, tjukke og flinke folk. Gode saker.

fredag 1. juli 2011

Jan Thomas har tatt av sju kilo

I dag på nettstaden Twitter, kunne kjendisstylist Jan Thomas fortelje at han har tatt av sju kilo. Skal sei. Spent på om ein om ikkje så lenge, vil sjå programmet, boka, dvden og cden "Slank med Jan Thomas". For makan til gode slanketips, skal ein leite lenge etter.

torsdag 30. juni 2011

Fett- og fylleangst?

Feite folk må og få lov til å drikke seg skikkelig fulle. Livet er jo best når ein er full. Eg har som oftast mest fylleangst for kva tekstmeldingar eg kan ha sendt i fylla. Og kva eg kan ha slumpa til å seie. Denne fyren her derimot, trur eg må ha meir angst enn eg nokon sinne har hatt.

Så ein viktig regel til deg som er feit. Ikkje drikk deg superfull, ta på deg dameundertøy - og for all del, ikkje film driten. Det er alltid meir gøy å sjå fulle feite menn med dameundertøy - enn tynne fulle menne med dameundertøy.

Kronikk i Dagbladet i dag

Tjukke ungar er noko som engasjerer. I løpet av eit døgn har eg hatt over 5000 treff på bloggen etter eg skreiv innlegg om det i går. Og innlegget er i dag kronikk i Dagbladet.

Kva meiner du er den beste måten å sørge for at born ikkje vert overvektige?

Den gode enkle løysninga.

Den finns ikkje. For alvorleg talt, om dei tinga som er på markedet av piller, pulver, supper- papayapiller og kapsler med olje hadde virke - kvifor er det då framleis feite folk igjen i landet? Hadde det funka, så hadde alle feite folk brukt det. Og då hadde ingen vert tjukke. Me hadde vore eit land med slanke, vakre og lukkelege mennesker.

Og ingen skal seie at forskarane ikkje prøve å få oss slik. Det siste eg har lese om er Raudåteolje. Det er det nye "hot shit" i slankeverda.

Raudåte er altså då ein hoppkreps-art, som er viktig føde for fiskeyngel. Og no har dei altso tynt denne krepsessaken for olje. Putta det inn i ein kapsel, og ventar spent på om nokon har lyst å teste det.

For det har altså funka på mus. Dei musene som har gurgla olja, har fått mindre bukfett - og planen er no at det skal du og eg også få. Med å gnaske på kapslar. Det er nesten for godt til å vere sant.

Eg trur heller ein bør kutte ut smøret på brødskjeva og begynne å gå av bussen ein stopp for tidleg. For om noko er for godt til å være sant - så er det truleg ikkje sant.



onsdag 29. juni 2011

Bygdefolket tjukkare enn byfolket

No er det djevelsk lenge sidan eg har blogga. Regelrett fordi eg har gjort andre ting. Og det har vore heilt greit. Men no har det liksom bygd seg litt opp. Med ting eg må rive ut av meg. Og raljere med. Og først. Feite ungar på bygda.

Kvar femte 8-åring i Noreg er overvektig, og faren for å blir tjukk kan vere størst på bygda. Det har aldri vore fleire overvektige ungar her i landet. Ein barnevektsstudie av Folkehelseinstituttet viser at talet på overvektige åtteåringar har auka med tre prosentpoeng på to år, frå 16 prosent i 2008 til 19 prosent i fjor.

Sidan eg er sjølverklært ekspert på tjukkasar, vil eg sjølvsagt tolke desse resultata for deg. På den eine sida så er jo folk i byen, meir oppteken av korleis dei ser ut. Og sjølvsagt smittar foreldra sin utsjånadsgalskap over på ungane. Ungar i byar, begynner jo å slanke seg allereie frå dei er små. Fordi  alle vaksne slankar seg. Og då heldt dei jo seg slanke og fine. Og kostnadane samfunnet får fordi desse ungane må ha hjelp til å takle etevegring og manglande sjølvtillit, når dei vert vaksne - dei får me heller leve med.

På bygda derimot, så er dei ikkje så nøye på det. Dei går i plastkloggar og klede frå Ellos. Og et kake og kosar seg. Fordi dei skal ikkje ut på snertene utestadar i helga, dei skal i beste fall på den lokale puben. Difor vert dei nok tjukkare enn andre. Fordi dei gjer litt faen. Og då vert ungane tjukkare og.

Og ein kan jo då spørre seg - kva for ungar som eigentleg har det best? Om ein skal slå saman ulike faktorar innan helse.

Folkehelseinstituttet trur ei av årsakene til stadig fleire overvektige born kan vere at dei blir køyrde til skulen, fordi dei bur usentralt. I byane er det jo ingen som bur usentralt. Ja, om ein ikkje bur i Trondheim. Den byen er jo per definisjon usentral. Men løysninga kan jo vere enkel.

Ikkje la det være mogleg å parkere heilt inntil skulen. La dei feite smårollingane vagge seg dei siste 500 metra fram til skulen. Og tilbake. Då har dei i allefall gått ein kilometer den dagen. Og ein kilometer er betre ingenting. Eller la dei springe etter bilen. Slik som dette.

fredag 22. april 2011

Den nye fedmekrisa: Småbarnsfedre

Daglig kan ein lese med krigstypar om ulike kriser som kjem i samanheng med fett og flesk. Ungar beveger seg ikkje, sunn mat er dyrt og parforhold gjer deg tjukk. Men ei fedmekrise er veldig undekommunisert. Nemmeleg småbarnsfedre.Tjukke småbarnsfedre. Ein ser dei oftare og oftare. Menn med barnvogn - og vom. 

Etter at ein velukka kjekkas har sjekka opp ei nødende kvinne på byen, så skjer det som ofte kan skje. Når man hygger seg. Og man ikkje passer på. Kvinna vert gravid. Og det er jo kjekt. Eller, det er iallefall politisk korrekt å synast det er kjekt. Ni månader svangerskap set preg på kvinna, men det set ofte meir preg på mannen. Han vert like tjukk som kjerringa i løpet av dei ni månadane. Og i motsetning til kjerringa, så skal ikkje han føde. Så når kjerringa i løpet av eit døgn vrir av seg 6-7 kilo, så er mannen sine kilo festa som om dei var limt på med gaffateip. 

Etter superduperminister Audun Lysbakken kom på plass, så har fedre fått meir permisjon. Og det er jo bra. På ein måte. Og på ein måte ikkje. For dei går dei der då. Og trillar. Og et. Og vert tjukke. Og får vom.

I tillegg  vil mange småbarnsfedre lage kjappe middagar som innheldt masse kalorier. Vidare så skrik jo dette krapylet om natta. Og søvnmangel gjer og at ein legg på seg.  Kvinna ho ammar, så ho forbruker jo kalorier som berre det. Men det gjer ikkje mannen. Så i løpet av permisjonen kjem det nokre kilo til. Som legg seg over magen.

Så veks ungen seg til. Og far skal smøre skive til ungen. Og etter han har smørt på Nugatti på skiva, så drar han gjerne fingeren over kniven og slafsar i seg 100 kalorier. Sånn utan å tenke over det. Og truleg er også ungen din jævla kresen. Så den vil berre ha pizza og denslags til middag. Og småbarnsfaren er svak - og bøyer av. For å unngå hyling og skriking. Og far vert endå tjukkare. Så medan ungen er blitt 15 kilo - er småbarnsfaren blitt 15 kilo overvektig. Og dei allerfleste får jo 2 ungar. Så ein kan altså doble dette og då slå fast at to ungar fører til 30 kilo overvekt på småbarnsfedre.

Det er med andre ord  på tide å sette inn nokre kraftige tiltak for å hindre ein ny fedmeepedemi blandt småbarnsfedre. Det kan til dømes vere tvungen trening i permisjonen, forbod for småbarnsforeldre å tinge pizza på Peppes eller kjevelås. Om ein ikkje innfører nokre tiltak no - så må ein berre vente til midtlivskrisa kjem - og at småbarnsfaren skal gjere seg klar til Birken. For den tida kjem jo før eller seinare uansett.

onsdag 13. april 2011

Ta beina fatt

Nyheitssaker om bensinprisar kjem kvart einaste år. Sutrete nordmenn hyler og skrik om den dyre bensinen - og det verste av alt, dette skjer i verdens rikaste land. Det er jo klart at staten burde hatt eigne bensinsubsidier for tjukke nordmenn som kjører uansett kor dei skal.

Det er ikkje tvil om at mange bruker bilen meir enn dei treng - og no har du ein moglegheit til å spare pengar og miljøet samstundes som du kjem i form. Du kan begynne å gå på butikken. Eller til jobben. Kjøp deg ein sykkel. For om du les kommenatar på VG, så kan ein tru at ein sykkel kostar det same som 5 usle liter bensin.

Så. Mi snusfornuftige oppfordring til deg. Ta beina fatt din late sytekopp.

fredag 8. april 2011

Onkel reisende BigMac

Hola!

Altså. No er det lenge sidan eg har blogga. Men sånn er det. Eg har regelrett hatt viktigare ting å drive på med enn å mase om fett. Men no er eg attende. Med nyvunnen internasjonal inspirasjon. Eg har nemmeleg vore ein svipptur i Barcelona. Og drukke litt Cava og freista å ete salat. Men det var mest Cava. Store mengder av det faktisk. Fordi salat har dei lite av.

Og det kunne ein sjå. Påfallande mange personar kom dissande med ei vom. Ikkje superstor vom, men likevel - ei slapp og dissande vom. Og det er freistande å nytte begrepet hummer på mange av desse folka - altså mest kjøt i bakdelen. Eg hadde liksom trudd at alle var supertrente og supersunne, men det var dei altså ikkje.

Eg har gjort litt undersøkingar om Spania og fedme. Og for spanjolane er det ikkje god lesning. Dei er no verdas tredje feitaste land. Og det er ikkje rart.Og det faktum at det ikkje er rart baserer eg då på feltstudier:

1. Frityr er overalt. Det er knapt den ting som ikkje vert fritert. Og det er jo ikkje akkurat sunt.

2. Velg mellom pommes frit eller grønsaker til kjøttet ditt. Hæ? Det var ei standard val ein måtte ta. Og grønsakene dei kunne servere var ikkje noko å klaske fleskeræva i taket for.

3. Ikkje eit treningssenter i mils omkrets. No treng ein ikkje det for å trene, men det var og påfallande få sportsbutikkar.

4. Loff. Overalt. Til ei kvar tid.

5.Lite bevgelse. Dei set og et til ei kvar tid.

Eg har og sett litt etter kva tiltak dei prøver å sette i verk. Og dei vil slanke befolkninga med hasj og tv-serier. Kanskje ikkje verdas beste tiltak. Me får sende nedover vår Helseminister og så kan ho samhandle dei. Til dei vert like smekre som ein tenkjer at strandlfolket i Spania er.

Adios.

tirsdag 29. mars 2011

Juks og bedrag

Slankeregle nummer ein kan vere greit å ta med seg når di skal i gang med å daske rundt på ditt eige flesk - og få mindre av det.

Er noko for godt til å vere sant - så er det nok det. Så ikkje bruk denne pilla - gå deg heller ein tur. Og kast godisen. Og tenn deg ein sigg.

Tjukkebollefeita

Altså. Kven seier at tjukke folk ikkje kan vere sexy? Sjekk denne dama her. I bunn og grunn er ho meir sexy enn alle damene i Top Model tilsaman. Woff!

søndag 13. mars 2011

Stjel Kristian Fjellanger sin treningsstil

Etter inspirasjon frå denne bloggen, der ein kan stele Rachel Nordtømme sin treningsstil, tenkte eg at eg skulle gje deg moglegheit til å kopiere min treningsstil. Ja ikkje øvelsar, omfang og denslags - men klesstilen liksom. Sånn at du kan være like tøff som meg når du står der svett og jævlig. Mannsfett - no og som moteblogg.


Ei gammal blå superundertøytrøyr som eg har stelt hjå pappa
Restar frå valkampen i 2009.
Eit par godt brukte Ulvangsokkar.
Boxeren eg trente i på torsdag
Eit par skikkelig slitte joggesko som er litt små slik at dei gjer meg gnagsår
Bukse frå Nordbysenteret. Kosta 99 svenske.

fredag 11. mars 2011

Slankepolitisk plattform

Altså. I morgon så skal eg fleske til. Å legge fram ein slankepolitisk plattform. For Oslo Sv. På årsmøte deira. Og eg er jo listefyll. På Grunerløkka SV si liste.  Og alle veit at fyllet i bollen eller kaka er det som smakar best. Og då er det jo naturleg, at eg som den konfekten eg er legg fram ein slik plattform. Eg vil mellom anna avsløre - kva fagforbund som er det tjukkaste fagforbundet - og som me må ha eit samarbeid med.

Framlegginga mi tek til klokka 13.00 og møter er i god sosialistisk ånd - åpent for alle.

torsdag 10. mars 2011

Livsfarlig for lettlurte

Altså. Om du er feit og vil gå ned i vekt, så kan ein verte ganske desperat. Ein vil være like slank og fin som dei andre. Og då er lett å la seg lure av slankepiller og anna satansskap som pulver, kapsler og anna piss.

Men altså. Om det hadde virka. Og om du kan få drøymekroppen for 5000 kroner i piller. Kvifor trur du då at 25% av folka i Noreg er overvektige?Og dessuten er det farleg.

Vil du bli slank, gå deg ein tur i dag. Og i morgon. Og gjer det i ein månad. Når det er blitt ei vane - kan du legge om andre vanar. Og då tek du av. Litt etter litt. Fakta faen.

Ein kjøss til Mia

Ho er sikkert snill altså. Tone Damlie Aaberge. Men ho er litt, ja, kva skal ein seie - ubetenksom. Særskild i høve til å sette grillar i hovudet på unge jenter som er usikker på eigen kropp. Med mellom anna og oppmode til å google ordet supermodell for å få inspirasjon til trening.

For det er jo på ingen måte nok kroppshysteri om ikkje Tone skal helle bensin på bålet. Så derfor sender eg ein våt kyss til Mia. Weee!

 ----
Oppdatering dagen derpå
Ho vert no kraftig forsvara av glade kjendisvennar. Lurar på om foreldra til dei jentene slit med etevegring pågrunn av media og rollemodellar sittt fokus på kropp og skjønnheit også stille seg fremst i linja av folk som forsvarer dette.

Kreativ bruk av negative tanker

Jannike Reymert som er fastlege og annmelder i Den norske legeforening har annmeldt boka mi. Sånn for legar og denslags. Og ho virkar fornøgd. Ho skriv mellom anna dette i annmleldelsen som ho har kalla "Kreativ bruk av negative tanker":

Tross sin fedme og alle hans negative tanker om seg selv som feit, er boken humoristisk. Vi værer ingen klinisk depresjon. Han faller ikke for fristelsen til å sette seg selv i en offerrolle og krever ingen medlidenhet. Han har mange gode refleksjoner som utfordrer våre fordommer mot feite mennesker, bare å bruke ordet feit er jo grenseoverskridende for de av oss som tror på egen dannelse. Han har mange gode beskrivelser av sine motstridende følelser rundt egen kropp og andres utsagn om kiloene som renner av ham. Han både ønsker og ønsker ikke kommentarer. Selv de mest velmente utsagnene blir tolket negativt fordi han innerst inne er så var på temaet overvekt – et av de mest skambelagte temaene i det moderne samfunnet. Forfatteren har for øvrig et interessant søkelys på at overvektige menn er doble tapere på dette kvinnedominerte feltet.

Vil jeg anbefale denne boken til mine overvektige pasienter? Svaret er ja dersom de har sans for humor og tåler provoserende utsagn om det å være feit. Svaret er nei for alle dem som signaliserer lav selvfølelse og sterk skamfølelse over sin overvekt. Det hviler et ansvar på den som anbefaler en bok, og det ansvaret må man faktisk være seg bevisst når det gjelder denne boken, særlig siden vi leger beveger oss langt inn på våre medmenneskers mest sårbare områder. Som fagperson vil man derimot ha stort utbytte av å lese denne lettleste boken!


Og dessutan. Om du vil ha ein kikk på mine muskuløse leggar, så vil eg anbefale å kjøpe Norsk Ukeblad denne veka - å sjå bilder av meg svinge meg rundt strippestanga. 


Dette er eit bilde frå eit bibliotek på sørlandet, som Lesehesten har tatt.

onsdag 9. mars 2011

Eg og! Eg og! Eg og!

Altså. Eg har berre blogga to gangar førre veke. Men no er eg i gong att. Sjølv om eg ikkje har hatt ein like lang pause som andre - så syns eg nesten det fortener ein sak i VG. Er du ikkje einig?

Rosablogging

Eg bloggar mest om fett. Og flesk. Og denslags mørke ting. Men i dag skal eg blogge om mote, fashion og kjendisar. Eg skal ta steget ut å vere ein rosabloggar. Fordi eg har noko rosa å blogge om. Eg har vore på åpninga av den nye HM-butikken i Oslo. Eit sokalla flaggskip.Weeee!

Eg og den andre utskremte kom taslande til Majorstua med litt våte sko. Og der var kø som eit vondt år. Av glade, blonde, utspjåka mennesker. Som gledde seg villt til ein ny HM  butikk skulle opne. Og her må eg stille første spørsmål, kvifor denne enorme gleda over Hennes & Mauriz? Det er jo berre ein vanleg kjedebutikk.

Kø. Og Blitzlampar. Weee!

Vel inne på opninga var det heldigvis gratis alkohol. Og eg er ein rev på gratis alkohol. Eg karra sikkert til meg nærmare to flasker sprudlevatn og då vart det straks morosamare på opning. Då kunne ein med litt mindre skam le litt i munnviken av magre skjelett, med trutmunn og høge helar - av begge kjønn. Som føler at dei er på innsida av fashionbransjen ein gong for alle - sidan dei no er på åpninga av dette flaggskipet.

Det var og rabatt. 25 % på alt. Weeee! (rosabloggingsutrykk) Eg var sjølvsagt då fornuftig og kjøpte meg ei jakke. Og 3 par solbriller. Fordi det er jo greit å ha solbriller frå HM når ein skal ha parkfylla til sumaren.Og jakken altså, sidan eg bloggar om fashion og mote, den var blå. Og ganske fin.

Etter jakkekjøpet gjekk me på kjendisjakt. Me fann ein som me begge trur var med i Idol for nokre år sidan, helste på ein journalist me kjende - og dessuten har jo eg gitt ut bok. Og eg var jo der. Og eg er jo iallefall ein F-kjendis. Minst. Men det var såpass kleint med alle trutmunnane at eg og reisefølge UnniPunni valgte å gå lett på fylla i staden. På ein tysdag. På Kvinnedagen og feitetirsdag. Idag er det onsdag - og i dag skal det trenast.


Weeee!
Drikk masse gratis - latar som eg ser på klede


mandag 7. mars 2011

Opp med fleskeræva - gå ut og demonster

Altså. No har du vel lagt i sofaen i vekesvis Sett på VM, spist kollenpølser og drukke øl. Du har truleg lagt på deg, medan andre då har forbrent tusenvis av kalorier.Så no er det på tida at du og kjem deg ut. Ikkje på beinhard trening, men ein rusletur.

Og skal du rusle så kan du like godt rusle saman med andre i demonstrasjonstog. Eller eit fakkeltog då. Mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Då får du mosjonert litt, samstundes som du får støtta opp om ei viktig sak. Dei vert jo fleire fluer i smekken, som brura sa. Du kan møte opp på Jernbanetorget i Oslo på onsdag klokka seks. Les meir om mosjoneringsfakkeltoget her. 

For det er jo viktig at det ikkje vert oljeboring der. Ikkje berre for å verne naturen, matfatet vårt og for at Oslofolk skal ha ein fin plass å reise på ferie til  samt andre politisk korrekte greier - men kor skal Noman Mubashir og Tommy Sharif få symjetrening om dei må symje mellom oljeplattformar? Alle skjøner at det ikkje går.

Foto: Natur og Ungdom

torsdag 24. februar 2011

Gratis forslag til Åfjord Kommune

Åfjord Kommune vil ha fleire ungar. Ordføraren har fleire tiltak for å få folk til å ha seg meir - for å få fleire ungar. Mellom anna vil ha jevnleg straumstans, registrering av single, stogge informasjonsprosjekt om prevansjon i skulen og ei eiga sexveke i Åfjord Kommune.

Men det som manglar er ein plan for korleis folk skal verte meir attraktive. For det er ingen hemmeligheit at tynne folk får pula meir enn tjukke. Ikkje veit eg korleis det er i Åfjord Kommune, men det er jo på bygda - og folk er tjukkare på bygda enn i byen. Og ein kan seie at begge delar er fordommar - men om du sjekker på deg sjølv - så stemmer det sikkert.

Så om kommunen lager treningsprogram for å få folk i shape og bli meir attraktive - så vil ordføraren nok sjå at det vert fart i pulinga. Kanskje tilogmed i dusjen etter trening?

onsdag 23. februar 2011

Kven skal ein tru på?

Idag melder VG at lubne mennesker lever lengst. Dersom du har nokre kilo ekstra så lev du nokre år meir. Men det er ikkje lenge sidan DN meldte av lett overvekt også er farleg. Du dauar av valkane dine. Kven skal ein tru på? Kva trur du? Lever du fett med fett, eller vert du kvelt av dine eigne valkar?

tirsdag 22. februar 2011

Hurra for Japp!

Du veit det kjem plutseleg. Det er som eit sug som sprer seg fra magen, til hovudet, til sjela - og tilslutt til munnen. Sjokoladesuget. Denne djævelsk gode saken som er lukke, fest, farge og fyrverkeri på ein og same gong. Einaste som sug hard balle - er at det er så mange kalorier i den at du må trene i dagesvis for å kvitte deg med ei lita plate.

Men i dag er det ein liten gladnyheit. Ein liten, men dog glad. Dagbladet har ikkje andre ting å skrive om - for det skjer så lite i verda - så dei har testa sjokolade. Og Japp gjekk sigrande ut av testen. Iallefall som den sjokoladen som har minst kalorier i seg. Så altså. Om du kjenner det fantastiske suget - så gå for Japp.

søndag 20. februar 2011

Ein spade er ein spade

I dag har VG eit oppslag,  om korleis du kan fortelle kjærasten eller sambuaren din at han eller ho bør gå ned i vekt. Samlivsterapeut Frode Thuen har mange gode råd om korleis du kan sei alt, utan å såre. Ikkje bruk ironi, ikkje gjer det ein eller det andre.

Eg syns du skal seie det som det er. Kalle ein spade for ein spade. Du kan tildømes spørre om vedkommande syns det er kult å være tjukk? Får du eit ja - så er det vel fett nok, men då kan du true med at du kjem til å være utru. Fordi du ikkje vil bange på ein tjukkas. Om vedkommande seier ja - kan de begynne å gå tur saman. Det har du sikkert ikkje vondt av du heller. Og alle veit jo at ein blir tjukk av å ha kjærast. Då er det så mykje matkos og vaflar.

Vil du halde deg slank - så får du halde deg singel.

lørdag 19. februar 2011

Baconrelatert dødsfall?

I dag er det laurdag. Og det er jo liksom sjølvaste kosedagen. I dag er alt lov. Smør, rosa gelefisker, øl i store mengder, tilfeldig sex, sjokolade,  røyking til du hostar tjære og ikkje minst laurdagskosematen. Om du er tom for ideer for korleis du skal synde med mat - så er her ein. Denne retten innheldt truleg like mange kaloriar som bør ete på ei heil veke - og kan truleg også føre til eit baconrelatert dødsfall. Men det ser godt ut - på ein motbydeleg måte.



torsdag 17. februar 2011

Det er for mange tjukke personar på tv

Altså. No er eg berre så lei av at det er så mange tjukke folk på tv. Eirin Hagstrøm i Top Model foreksempel. Ho er så tjukk at dersom eg hadde sett Top Model , så måtte eg ha satt på vidvinkel for å klare å få heile ræva hennar inn i skjermen. Kva for forbilde er denne blubba for barn og unge som slit med eigen kropp? Dei får liksom eit inntrykk av at det er greit å være så tjukk og lubben som Hagstrøm. Nei fysjom. Det kan ikkje vere slik at så tjukke folk som Hagstrøm skal få gå fritt vilt. Ho burde heller vore med i Tjukkholmen og fått trimma flesket sitt litt.

Christer Falck som er den fornuftige og sylslanke dommaren som påpeika for heile verda Hagstrøm sin ubegripelige fedme bør få sitt eige tv-program i belønning. Til dømes kan titlane vere - Lobotomiskolen, Bakerste Benk, Dummaste guten i klassen eller regelrett Fat Camp.

Fleskekjerringa - foto:TV3

onsdag 16. februar 2011

Senk prisen på sunn mat

I dag melder Rema 1000 at dei må auke prisane på mat. Kanskje dei skal vurdere ei diffransiert prisauke? Auk pris på sjokolade, potetgull og anna usunne greier - og senk prisen på sunn mat. Slik at alle har råd til å leve sunt. For eit sunt kosthold handlar og om økonomi for eindel personar i landet. For det er jo galskap at nesten ein kilo med kjeks - kostar det same som ein liten bunt med Brokkoli?

Og om du då treng hjelp til å lage sunn og god mat, kan du få ein kokk på besøk. 

Innlegg i Dagbladet i dag

Innimellom vert eg litt provosert. Av mange ting. Men i det siste er eg blitt litt provosert av kvinna sitt monopol på offerrolla. Så då måtte eg sette meg ned å skrive litt. Og har dette innlegget på trykk i Dagbladet idag.


Menn har også ein kropp

Det vart tidlegare denne veka publisert ein rapport om menn og sal av sex i Bergen. Dette er den mest omfattande undersøkinga som er gjort av prostitusjon blant menn i Noreg. Kunnskapen om dette feltet er skremmande liten.

I fleire saker dei siste vekene har ein og kunne lese om raudgrøne kvinner som mellom anna ynskjer å forby stripping. Dette i følge ei av damene fordi ”stripping er med på å gjøre kvinnen til et objekt og en salgsvare”

Dette kan ein meine mykje og mangt om. Utan at eg meiner så mykje om akkurat det. Men det eg meiner noko om er dei raudgrøne kvinnene og andre si manglande evne til å tenke på at begge kjønn opplever det å være offer. I følgje Pro-senteret viser fleire undersøkingar at blant dei unge, er det fleire unge gutar enn unge jenter som oppgjer å ha solgt sex.

På lik linje med andre felt der kvinner har ”monopol på å være offer”, har ein og på området mannleg prostititusjon lite kunnskap og kompetanse. Men det ein veit er at eit ungt utsjånad og ein ung alder er ettertrakta. Noko som bringer ein vidare til eit anna område som jenter har eit monopol på offerrolla – kroppspress og venleikstyraniet.

I ei britisk undersøking som vart gjort for nokre år sidan, ser ein at det er ei kraftig auke i talet på menn som lir av etevegring og eit forstyrra syn på eigen kropp. Kropp og utsjånad er eit tema på ein meir omfattande måte blant gutar og menn enn det var tidlegare. Ein av dei tinga som er med på dette fokuset er at mannsidealet er å være slank og muskulaus – og ha ein bra og perfekt kropp.

I følgje same undersøkinga kan ein og sjå at menn i langt mindre grad enn kvinner søkjer hjelp for problema sine. Dette fordi det å ha ei etevegring er ein sjukdom som vanlegvis assosierast med kvinner – og det vert ein tabu og noko som er særs skambelagt. Ein veit ikkje mykje om gutar og etevegring, av di det vært forska svært lite på dette – og er svært lite i fokus. Ei lita ringerunde til senter i Noreg, som rådgjev personar med etevegring, viser at berre ein stad har dei eit tilbod til menn. Og der er det typisk nok, berre kvinner som arbeider.

Det er viktig at ein gjer rom for at menn også har ein kropp. Ein kropp som ein og kan kjenne skam for, som vert vurdert, som vert tolka og som må få like mykje merksemd som kvinnekroppen.  Også når ein vert offer for eigen kropp.

For likestilling handlar ikkje berre om jenter – og søstersolidaritet. Det handlar om at alle skal kunne leve og delta i samfunnet på like vilkår – og få den hjelpa dei treng. Uavhengig om ein har pikk eller ikkje.



søndag 13. februar 2011

Feite tankar

Dersom du eller dykk ynskjer å høyre meg bable i veg om fett, slanking, skam, heimegymapparat så kan eg suse avgårde med foredraget "Feite tankar". Det tar omlag 40 minutt og passar både som eit fagleg foredrag om korleis det er å være tjukk og feit, samstundes som eg trur eg evnar å få deg til å le - av både meg og sjølv. Ta kontakt på Facebook

Bilde frå Sigridkongressen

Foredragshaldarar og konfransier

Etter foredrag

Fantastisk publikum

torsdag 10. februar 2011

Slanketips for menn

Nye tal syner at heile 60 - 70 % av menn i 40 åra er overvektig. 1 av 5 har sjukeleg overvekt.Assisterende helsedirektør Bjørn Guldvog er bekymra over tala i følge VG. Og er det eigentleg rart han er bekymra over dette? For det er jo all grunn til å være bekymra. Og sidan eg er ein superduperslankesuksess - skal eg knekkande gratis dele mine beste råd med deg. Det er i alle fall ein start.
  • Kast alt av sjokolade, potetgull og andre fristelser. Når du då ”voldtar” kjøleskåpet på natta – så er det berre gulrot i skapet.
  • Gå ein tur i dag. På 30 minutt. Og så kan du være fornøgd med at du har gjort det. Og så ser du om du ikkje skal gjere det same i morgon.
  • Begynn å røyke. Det døyver når sulten gneg noko innforjævlig og dessuten ser du kul ut. 
Og hugs - målet er ikkje å demme opp for diabetes og andre livstilsjukdommar. Det er sjølvsagt å ha meir sex. For tynne har meir sex enn tjukke. Banna bein. 


Forskningsfjas 2

Altså. Ein får heile tida høre at me er så feite. Og at feite folk levere kortare enn tynne. Og no er omlag 30 % av befolkinga tjukke. Men samstundes så lever me som nasjon lengre. Det får eg ikkje heilt til å gå opp? Lever dei tynne menneska sjukt mykje lengre enn tjukkasane?

Ikkje bare vert du tjukk - du vert dum og

NRK melder i dag at dersom du et junkfood så vert du i tillegg til tjukk - dummare enn andre. Likevel er det lov å reklame for junkfood overalt. Utan begrensing. Kvifor skal hamburgerkjedene og andre få lov til å feite oss opp - og gjere oss dummare, utan at dei må betale ein viss prosent av helsebudsjettet til A/S Noreg?

Slappfiskar

I Agder så vert ein altså sjukemeldt i vekesvis på grunn av slappheit. Om ein er slapp og dvask - så bør ein gå seg ein tur. Om ein slappfisk går i 30 minuttar kvar dag - så veddar eg på at han ikkje er så slapp lengre. Eg innser at eg er blitt ein jævla friskus, men likevel - fysisk aktivitet hjelper på det meste. Men ikkje kall det for trening. Då er det kjipt. Opp og ut - kameratar.

Kosdrit

Altså. Det er ikkje det at eg ikkje syns at ein skal jobbe for å ha mindre mobbing i skule og andre arenaer. Det er vont for dei som opplever det - som eg og gjorde når eg var unge. Fordi eg var tjukk. Tjukkebollefeita. Men eg kjenner at no er eg  lei av mobbesaker - og den der helsikens Framsnakkinga. Eg har det ikkje i meg. Eg skal gje fine ord når dei er behov for - men faen om eg orkar den der jævla gnålinga om Framsnakking.

Så eg vil slå eit slag for Kosdrit. Og det er når ein snakkar om mennesker ein eigentleg er veldig glad i, men som avogtil fortjener ein god baksnakk. Litt usikker på om tonen i KRF er baksnakk eller Kosdrit Då snakker ein ikkje ondskapsfullt, men baksnakk med kjærligheit. Så Kosdrit. Eg går for Kosdrit.

onsdag 9. februar 2011

Feit - on tour

Altså. Eg er på turne i Nord-Noreg. Eller turne og turne. Eg har to stoppestadar. Men i Nord-Norge er jo ting så langt frå kvarandre, at det vert som ein turne. I dag har eg vore på konferanse saman med Fresk Bodø. Og snakka om fleskevalker og omkringliggande hærlegheiter. Bra steming og gode spørsmål i etterkant.

Leser frå Feit i Bodø.
I morgon sett eg kursen mot Sandnessjøen og Sigridkongressen. Og alvorleg talt. Når eg endeleg skal relativt normalvektig og gått frå tjukkas til smukkas - kven er det bilde av ved sidan av meg. Joda. Kjendis hunkyhunk Jan Thomas. Og ved sidan av han ser jo alle ut som takras. Helvete heller.

Lille spegel på veggen der -

Kven er venast i landet her?

Vert Obama ein tjukkas?

VG meldte i helga at Sturla Berg Johansen hadde lagt på seg 16 kilo etter at han slutta å røyke. I dag melder VG at sjølvaste president Obama har stumpa røyken. Det store spørsmålet er om han no kjem til å verte ein tjukkas? Og fleske seg ut. Og då får han garantert kjerringa på nakken. Ho har sitt eige opplegg for å trene tjukke ungar. Så ho lar seg sikkert ikkje be to gongar for å trene mannen og.

tirsdag 8. februar 2011

Mannsfett i Bodø

Altså. Eg er på tur. Og skal snakke om feit folk. Eller om meg om du vil. No er eg komen til Bodø, og skal i morgon delta på møte i nettverket Freskt Bodø, som har ein folkehelsekonferanse her i byen. Det er bikkjekaldt og den sukkerfrie brusen er dyr.  Så det er i bunn og grunn like greit å gå å legge seg, før ein vert frista til å nafse i minibaren.

Det er så kaldt at eg har så stive brystvorter.