søndag 14. august 2011

Treningstips til valkampfolk

Altså. I dag har eg følt meg som verdas mest overlegne menneske. Frisk og rask våkna eg klokka halv ni. Eg var korkje fyllesjuk, plaga av fylleangst eller denslags svineri. Eg var regelrett SuperKristian. Så eg tok på meg joggeskoa og raska med meg eit par flygeblad  med SuperKristin på framsida og tok ein joggetur før frukost.

Der eg var sprek, rask og svett, var andre på veg heim frå gårsdagens "one night stand". Og eg min spreke jævel - smilte mitt finaste smil og delte ut løpesedlar til skamfulle menn og kvinner (med skjorta knappa feil og skjørtet bakfram). Og alle var regelrett så fyllesjuke at dei tok i mot flygebladet uten motstand. Ein perfekt start på dagen.

For det er jo viktig å hugse på den fysiske fostringa no i valkampen. Ein skal jo halde eit høgt tempo i dei neste vekene, og sikre eit best mogleg resultat for oss snille  - og på den måten syte for at Venstre ikkje får nok stemmer til å syte for at Framstegspartiet beheldt makta til dømes. Så difor  har eg laga 3 treningstips til deg. Slik at at du heldt koken. Og arbeider jamnt og trutt heilt inn til valet 12.september.

-----

200 meter flygeblad
Ta på deg egna treningsutstyr. Og ein fin bunke med flygeblad. Så finn du deg ein bakke, eller eit fortau eller ein anna egna stad med litt folk. Så spring du som faen i 200 meter. Full fart. Då får du masse merksemd. Alle snur seg og lurer på kvifor eit menneske spring så fort. Så snur du deg, og langsomt går tilbake til utgangspunktet ditt - og deler ut flygeblad på vegen tilbake. Alle tek i mot, avdi alle er nyskjerrige. Så gjentek du dette omlag 10 gonger. Og vips så har du sikkert skaffa 10 nye stemmer og forbrent masse kalorier.

Roleg tur med bollar og flygeblad
Hadde alle gått ein tur på 30 minutt kvar dag, så hadde verda blitt ein sunnare stad. Så det kan du gjere. Og være nøgd med deg sjølv. Men før du går. Bak ein porsjon med boller, ta på masse vaniljekrem og  melis. Ta dei i ei korg, ta med deg ei bunke flygeblad og legg i veg. Du deler flygeblada ut til dei du treff som er opne for nye impulsar, for andre sine tankar og dei som meiner at andre og kan ha rett. Bollane deler du ut til dei som ikkje fell inn under denne kategorien - med andre ord medlemmer i Venstre. Då får du trim og dei får vom. Ein vinn-vinn situasjon.

Klin med ein veljar som er på gjerde 
Dette er nok det treningstipset som forbenn minst kalorier, men truleg det mest koselege. Om dei veljarane som ikkje har bestemt seg endå, seier ein gjerne at dei sit på gjerde. Og desse må du finne, sjarmere dei - og kline med dei. Heftig klining forbrenn ein del kalorier - og dessutan er jo klinings stas. Og det skaffer garantert stemmer om du gjer det rett. Om du er dårleg på å kline kan dette virke mot si hensikt. Test dine eigne ferdigheiter på ei partifelle før du gjennomfører denne øvinga. Og om du treng bistand til å få klint, så kan du søke bistand i Erik Solheim sine sjekketriks. 

------
Så om du no la formen forfalle, får dårlegare kondis - og får valflesket festa til kroppen, så kan du iallefall ikkje skylde på meg. No er det opp til deg. Og ein siste ting - når du gjennomfører desse øvingane, så tar du sjølvsagt på deg di finaste t-skjorte. Slik som denne. God valkamp!