tirsdag 31. august 2010

Aktivitetsplikt for arbeidslause

Ein skikkeleg smart forskar har funne ut at dersom det vert meir gym i skulen - så kan det vere med på å førebygge fedme. Faen. Eg skulle ringt inn for ei stund sidan og sagt det same. Så kunne eg fått forskarpengane i staden. Men iallefall - no er det svart på kvitt at slik er det.

Men kvifor skal ein stoppe der. Det er tydeleg at folk flest treng hjelp til å halde vekta innanfor det som er akseptabelt. (altså under 25 i BMI - og BMI er Gud og Jesus i ett - og har alltid rett). Ein har og i dag lese om denne mannen, som har tatt ein slankeoperasjon og blitt for tynn. Kan ein gå inn å stogge slike ting tidlegare - før folk vert feite. Og før ein treng å gå til det drastiske steget å ta ein fedmeoperasjon.

Kanskje staten skulle sørge for meir aktivitet. Kan hende ein skulle vurdere å ha aktivitetsplikt for til dømes arbeidslause. For å kvalifisere til å motta ledigheitspengar, så må ein gjennomføre minst 60 minuttar med fysisk aktivitet kvar dag. Ellers så få ein ikkje pengar. Det å verte arbeidslaus kan jo sende deg rett i sofaen og vidare rett ut i fedmen. På same måten så kan ein jo vurdere om ein kan få skattelette om ein trenar.

Mon tru om feite og fæle Fredriksen då ville holde seg i Noreg. Då kunne han både få lågare skatt og bli kvitt vomma si.

Det viktigaste er uansett at alle må bli så tynne som mogleg. For satan ass, det er ikkje bra å vere tjukk.


Sett krav - Nav

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar