tirsdag 30. november 2010

Vil du bli like tynn og skral som Madonna?

Det kan du no. Dama skal trene deg. Ho opna sitt eige studio i dag. Det viktigaste er å drikke kabbalahvann og adoptere born frå Malawi. Då heldt du den smale linja. Og det er sikkert nesten gratis.

Like a virgin
exercising for the very first time

Også tynne kan lese feit

Berre sjå her. Han er tynn og kosar seg. Masse. Ler og greier. Så om du les dette og er tynn, så er det med andre ord ingen grunn for å ikkje kjøpe Feit - mitt liv som tjukkas.

mandag 29. november 2010

Ut i kulda

I rein frykt for å ikkje få nok fysisk aktivitet, går eg fram og tilbake til jobben - berre sånn for å ha litt basis bevegelser før eg tek dagens treningsøkt (sjølv om eg innser at eg ikkje vert overtrent, slik som andre) I dag holdt det hardt. Kulda er bitande, og skal vare lenge. Det er jo så kaldt at håret under armane frys.  Låra var kalde som is, fingrane heilt frosne og humøret på bånn. Eg tenkte at i dag er dagen eg reglerett skal fleske til med ein lett kakao frå Toro med fantastiske 40 kalorier per kopp.

På veg heimatt så gjekk eg forbi ein mann eller gut på min alder eller yngre som sto å solgte =Oslo sitt julemagasin. Uten hanskar og han hutra og fraus med andre rasa forbi. Eg og rasa forbi, for eg ville heim i den varme stova mi for å trene på elipseapparatet mitt. Etter å ha gått i nokre minutt til så stoppa eg. Og så snudde eg. Og gjekk tilbake.

Eg fekk ein samvit som var svart som den svartaste natt. Her går eg og bekymrar meg for at eg skal legge på meg i julebordsesongen, slik at den muskuløse leggen min skal forfalle, medan han står der. Så då tenkte eg at han kunne få kakaoen min i dag. Han trengte den nok meir enn meg. Så då kjøpte eg ein kakao på ein eller annan møkkakiosk, sånn at han kunne varme seg på den. Og han trengte ikkje akkurat å passe vekta - for å seie det sånn. Sånn reint basert på det smilet, blikket og dei orda eg fekk av han - så trur eg at dei 25 kronene er dei best investerte kronene eg har brukt i år.

Så mi iskalde oppfordring til deg, er at neste gang du kjøpe deg noko varmt å drikke, så kan du kjøpe to varme drikker - å gje den eine til den som du kjøper =Oslo si julebok av. Ikkje det at det endrar så mykje her i verden, ikkje det at det vert fred på jord og alle vert lukkelege av det - men for den kalde mannen eller dama ute i gata, så trur eg likevel at det kan bety litt. Og dessuten er du sikkert feit nok frå før - og kan stå over den eine kakaoen. Og heller bruke energien din på å syte og klage over strømregninga. Så få fleskeræva di opp av sofaen - og gjer dagen til nokon andre litt bedre.

søndag 28. november 2010

Møkkasak

Verdens Gang, betre kjend som VG er det medie som skal redde oss alle frå fedme og elendighet. I dagens gladsak fortel dei deg at du kan ete 14 gram ribbe - og få i deg 100 kaloriar.

Jammen, ka faen? I jula skal ein legge på seg. Ein skal ete og kose seg. Om ein ikkje kan skeie ut i jula og kose seg glugg forbanna ihjel utan å være redd for å snuse i seg nokre ekstra kalorier - kortid skal ein gjer det då? Då får ein heller berre ta med den nyvunne fettvesten sin med seg på tur i heile januar og februar. Så glir fettet av igjen. Og når det er så mørkt og jævlig som det er i dei månadane - så er det jo ikkje så mykje anna å ta seg til.

Et! Et! Et!

fredag 26. november 2010

Fjellanger prøver personleg trenar

Min gode ven, Åsgeir er treningsinstruktør. Han jobbar for onde krefter. Også kjend som Elixia. Men Åsgeir er grei. Og i dag har eg fått gratis personleg trening - og mitt eige styrkeprogram som eg skal gjere tre gangar i veka.

Åsgeir gjer seg klar til utføring av ondskap
Åsgeir var ein god ven når me starta treninga - han er litt mindre god no. Eg tvilar på at han får julegåve. Eg vart pressa i alle retningar. Kristian - rett i ryggen. Kristian - syns du ryggen din er rett no? Kristian - ta i! Kristian - gjer ditt - gjer datt - press ned - og hald att.

No set eg litt som ein skjelvande geleklump og har problemer med å lyfte sigaretten til munnen. Lurar på korleis kroppen min er i morgon. Om eg ikkje har meir musklar, så skal eg finne på noko ondskapsfullt. Med Åsgeir. Charterferie til Sør-Korea. Forksempel.

Remedier


Eit lite comeback som kjendistjukkas

Etter fleire veker i ute av rampelyset. Som ein x-feit utan scene, gjer eg eit comeback som tjukkaskjendis i dagens utgåve av Morgenbladet.

– Man skal være forsiktig med å si hva som er en fin nok sykdom til at staten skal betale, og hva som ikke er det, sier Kristian Fjellanger, valgkampsekretær for SV og forfatter av den nylig utgitte boken Feit – mitt liv som tjukkas.

Foto: Morgenbladet

Les heile saka her

Slankande grensehandel

Svenskehandelen aukar igjen. Det kan du lese om i denne saka hjå TV2. Og det er ikkje rart, for det er jo både billeg og meir eller mindre eit sosialantropologisk studie å reise over grensa.

Om du studerer bilde i saka, så ser du at dette menneske som eig bilen (truleg ei overvektig dame frå Østfold) har kjøpt slankedrikke. Cola Light. Men ser og du og nøyare etter, ser du ein pose frå Godisfabrikken. Altså, ein vert ikkje tynn av å drikke Cola Light til smågodt. Berre så de veit det, tjukke folk i Østfold.

torsdag 25. november 2010

Eigen pris til bollepushere

I dag vert den prestisjetunge prisen "årets beste fedmekampanje" utdelt. Og prisen går til dei jævla bollepusharane i Narvesen. Dei meir eller mindre kastar muffines etter tjukke folk. Og tynne. Men dei drit eg i. Så det er ikkje det at ein er lat som gjer at ein er tjukk, ein vert med andre ord utsatt for eit massivt press. Eg berre ventar på same sigarettkampanjen. Betal for ein tjuepakning. Få to. For sigarettar er jo slankande. Og det er jo det som det handlar om. Å bli tynn altså. Ikkje så mykje helse.

onsdag 24. november 2010

Den tjukke årstida

I dag trudde eg regelrett at eg skulle fryse meg forderva når eg trava heim frå jobb. Ikkje nok med at kyrja no vert ein kaldare stad, men ute er det så kaldt at eg frys på meg både dødeleg kuldeeksem og og åreknutar. Det var no ein skulle hatt spekket sitt.

Det gode, varme og isolerande fettet som om sumaren var som ei dvask masse med fettsvette - men som om vinteren gjorde at ein uanstrengt ( i den grad noko var uanstrengt) kunne gå ute i kulda. Og kaldare skal det altså bli.

Så mitt kosthaldsråd denne veka er: Ikkje slank deg nett no. Vent til det vert litt varmare i veret. Et bolle og drikk kakao - og vent på betre tider.

Leita etter eit turbilete, men det fann eg faen ikkje. Så det vert eit frekt discobilete i staden

tirsdag 16. november 2010

Tynn kjendis - gjer retrett

Tidlegare har Mannsfett meldt at ein tjukk kjendis takkar for seg. Og det er synd. Fordi det finns svært få tjukke kjendisar. Christine Koht gjekk frå lett rund og særdeles trivelig - til tynn og sikkert sur. Men no har ho ombestemt seg. Ho vil legge på seg. – Jeg trives best som kraftig, det er mye mer meg, seier ho til TV2. Hurra for Koht - du er verdens beste kjendis. Visste eg kunne stole på deg.

Ukas blomst er med dette virituelt oversendt.


mandag 15. november 2010

Stripp med den kroppen du har

Altså. Ein treng ikkje sixpack og enorme brystmusklar for å strippe. Heilt "normale" Charter-Svein går framfor med eit godt eksempel og flekkar av seg kleda. Dessutan er det jo for ein god sak. Flott. Vonar at fleire normale mennesker vil strippe litt. Det er jo og dessutan god trening. Påstår dei som veit litt om dette. Og det er dessutan blitt så folkeleg at tilogmed bondekoner gjer det. 

Eg personleg trur eg heldt meg til den stepmaskina som har overlevd.

Drit og dra

Det er nokon gode måtar å slanke seg på. Også er det ganske mange dårlege. Ein skikkeleg dårleg ein er avføringsmiddel. Det prøvde eg for dritlenge sidan. Sånn når eg gjekk på ungomsskulen. Og utan å gå inn på nokre detaljar så kan eg seie - "eg trudde eg feis".

No vert dette middelet underlagt resept. Og det er kanskje likegreit. For alle partar.Så no kan du ta fleskeræva di opp av sofaen og gå deg ein tur.

Plumbo kan framleis kjøpast utan resept - og funkar nesten på same måten.

onsdag 10. november 2010

Steikt flesk

Altså. No seier Johan Moan, som er professor og greier at tjukkasar må sole seg. Om ikkje får dei kreft i tillegg. Fordi dei då manglar D-vitamin. Eg trudde soling kunne gje kreft. Det er faen ikkje lett å halde orden på.
Professoren i sola med raggsokker
Kjempegøy og være tjukk å sole seg. Det å ligge med fleskevommen syneleg for alle og ein kvar. Kjenne lukta av bacon spre seg. Svetten som renn nedover. Blikka som borer seg inn i sjølvtilliten, som stemmen til Fedon Lindberg borer seg inn i tålmodigheita di. No er det sånn at 20 minutter i sola, tilsvarer ei tredjedels flaske med tran. Og tran er jo og fint. Og med 3 flasker tran i veka, vil du sikker også få fin avføring, fint hår, dårlig ånde og mindre kreftmoglegheiter. Og dessuten er det jo berre streik om du skal sole flesket på Kanaria

Eg går for tran.

tirsdag 2. november 2010

Skomaker - bli ved din lest

Fotballspelerar er flinke til å spele fotball. Og dei bør halde seg til det. Sjølv om det er ei god sak. Meir frukt og grønt til folket. Færre kleine reklamer til folket.