torsdag 24. februar 2011

Gratis forslag til Åfjord Kommune

Åfjord Kommune vil ha fleire ungar. Ordføraren har fleire tiltak for å få folk til å ha seg meir - for å få fleire ungar. Mellom anna vil ha jevnleg straumstans, registrering av single, stogge informasjonsprosjekt om prevansjon i skulen og ei eiga sexveke i Åfjord Kommune.

Men det som manglar er ein plan for korleis folk skal verte meir attraktive. For det er ingen hemmeligheit at tynne folk får pula meir enn tjukke. Ikkje veit eg korleis det er i Åfjord Kommune, men det er jo på bygda - og folk er tjukkare på bygda enn i byen. Og ein kan seie at begge delar er fordommar - men om du sjekker på deg sjølv - så stemmer det sikkert.

Så om kommunen lager treningsprogram for å få folk i shape og bli meir attraktive - så vil ordføraren nok sjå at det vert fart i pulinga. Kanskje tilogmed i dusjen etter trening?

onsdag 23. februar 2011

Kven skal ein tru på?

Idag melder VG at lubne mennesker lever lengst. Dersom du har nokre kilo ekstra så lev du nokre år meir. Men det er ikkje lenge sidan DN meldte av lett overvekt også er farleg. Du dauar av valkane dine. Kven skal ein tru på? Kva trur du? Lever du fett med fett, eller vert du kvelt av dine eigne valkar?

tirsdag 22. februar 2011

Hurra for Japp!

Du veit det kjem plutseleg. Det er som eit sug som sprer seg fra magen, til hovudet, til sjela - og tilslutt til munnen. Sjokoladesuget. Denne djævelsk gode saken som er lukke, fest, farge og fyrverkeri på ein og same gong. Einaste som sug hard balle - er at det er så mange kalorier i den at du må trene i dagesvis for å kvitte deg med ei lita plate.

Men i dag er det ein liten gladnyheit. Ein liten, men dog glad. Dagbladet har ikkje andre ting å skrive om - for det skjer så lite i verda - så dei har testa sjokolade. Og Japp gjekk sigrande ut av testen. Iallefall som den sjokoladen som har minst kalorier i seg. Så altså. Om du kjenner det fantastiske suget - så gå for Japp.

søndag 20. februar 2011

Ein spade er ein spade

I dag har VG eit oppslag,  om korleis du kan fortelle kjærasten eller sambuaren din at han eller ho bør gå ned i vekt. Samlivsterapeut Frode Thuen har mange gode råd om korleis du kan sei alt, utan å såre. Ikkje bruk ironi, ikkje gjer det ein eller det andre.

Eg syns du skal seie det som det er. Kalle ein spade for ein spade. Du kan tildømes spørre om vedkommande syns det er kult å være tjukk? Får du eit ja - så er det vel fett nok, men då kan du true med at du kjem til å være utru. Fordi du ikkje vil bange på ein tjukkas. Om vedkommande seier ja - kan de begynne å gå tur saman. Det har du sikkert ikkje vondt av du heller. Og alle veit jo at ein blir tjukk av å ha kjærast. Då er det så mykje matkos og vaflar.

Vil du halde deg slank - så får du halde deg singel.

lørdag 19. februar 2011

Baconrelatert dødsfall?

I dag er det laurdag. Og det er jo liksom sjølvaste kosedagen. I dag er alt lov. Smør, rosa gelefisker, øl i store mengder, tilfeldig sex, sjokolade,  røyking til du hostar tjære og ikkje minst laurdagskosematen. Om du er tom for ideer for korleis du skal synde med mat - så er her ein. Denne retten innheldt truleg like mange kaloriar som bør ete på ei heil veke - og kan truleg også føre til eit baconrelatert dødsfall. Men det ser godt ut - på ein motbydeleg måte.



torsdag 17. februar 2011

Det er for mange tjukke personar på tv

Altså. No er eg berre så lei av at det er så mange tjukke folk på tv. Eirin Hagstrøm i Top Model foreksempel. Ho er så tjukk at dersom eg hadde sett Top Model , så måtte eg ha satt på vidvinkel for å klare å få heile ræva hennar inn i skjermen. Kva for forbilde er denne blubba for barn og unge som slit med eigen kropp? Dei får liksom eit inntrykk av at det er greit å være så tjukk og lubben som Hagstrøm. Nei fysjom. Det kan ikkje vere slik at så tjukke folk som Hagstrøm skal få gå fritt vilt. Ho burde heller vore med i Tjukkholmen og fått trimma flesket sitt litt.

Christer Falck som er den fornuftige og sylslanke dommaren som påpeika for heile verda Hagstrøm sin ubegripelige fedme bør få sitt eige tv-program i belønning. Til dømes kan titlane vere - Lobotomiskolen, Bakerste Benk, Dummaste guten i klassen eller regelrett Fat Camp.

Fleskekjerringa - foto:TV3

onsdag 16. februar 2011

Senk prisen på sunn mat

I dag melder Rema 1000 at dei må auke prisane på mat. Kanskje dei skal vurdere ei diffransiert prisauke? Auk pris på sjokolade, potetgull og anna usunne greier - og senk prisen på sunn mat. Slik at alle har råd til å leve sunt. For eit sunt kosthold handlar og om økonomi for eindel personar i landet. For det er jo galskap at nesten ein kilo med kjeks - kostar det same som ein liten bunt med Brokkoli?

Og om du då treng hjelp til å lage sunn og god mat, kan du få ein kokk på besøk. 

Innlegg i Dagbladet i dag

Innimellom vert eg litt provosert. Av mange ting. Men i det siste er eg blitt litt provosert av kvinna sitt monopol på offerrolla. Så då måtte eg sette meg ned å skrive litt. Og har dette innlegget på trykk i Dagbladet idag.


Menn har også ein kropp

Det vart tidlegare denne veka publisert ein rapport om menn og sal av sex i Bergen. Dette er den mest omfattande undersøkinga som er gjort av prostitusjon blant menn i Noreg. Kunnskapen om dette feltet er skremmande liten.

I fleire saker dei siste vekene har ein og kunne lese om raudgrøne kvinner som mellom anna ynskjer å forby stripping. Dette i følge ei av damene fordi ”stripping er med på å gjøre kvinnen til et objekt og en salgsvare”

Dette kan ein meine mykje og mangt om. Utan at eg meiner så mykje om akkurat det. Men det eg meiner noko om er dei raudgrøne kvinnene og andre si manglande evne til å tenke på at begge kjønn opplever det å være offer. I følgje Pro-senteret viser fleire undersøkingar at blant dei unge, er det fleire unge gutar enn unge jenter som oppgjer å ha solgt sex.

På lik linje med andre felt der kvinner har ”monopol på å være offer”, har ein og på området mannleg prostititusjon lite kunnskap og kompetanse. Men det ein veit er at eit ungt utsjånad og ein ung alder er ettertrakta. Noko som bringer ein vidare til eit anna område som jenter har eit monopol på offerrolla – kroppspress og venleikstyraniet.

I ei britisk undersøking som vart gjort for nokre år sidan, ser ein at det er ei kraftig auke i talet på menn som lir av etevegring og eit forstyrra syn på eigen kropp. Kropp og utsjånad er eit tema på ein meir omfattande måte blant gutar og menn enn det var tidlegare. Ein av dei tinga som er med på dette fokuset er at mannsidealet er å være slank og muskulaus – og ha ein bra og perfekt kropp.

I følgje same undersøkinga kan ein og sjå at menn i langt mindre grad enn kvinner søkjer hjelp for problema sine. Dette fordi det å ha ei etevegring er ein sjukdom som vanlegvis assosierast med kvinner – og det vert ein tabu og noko som er særs skambelagt. Ein veit ikkje mykje om gutar og etevegring, av di det vært forska svært lite på dette – og er svært lite i fokus. Ei lita ringerunde til senter i Noreg, som rådgjev personar med etevegring, viser at berre ein stad har dei eit tilbod til menn. Og der er det typisk nok, berre kvinner som arbeider.

Det er viktig at ein gjer rom for at menn også har ein kropp. Ein kropp som ein og kan kjenne skam for, som vert vurdert, som vert tolka og som må få like mykje merksemd som kvinnekroppen.  Også når ein vert offer for eigen kropp.

For likestilling handlar ikkje berre om jenter – og søstersolidaritet. Det handlar om at alle skal kunne leve og delta i samfunnet på like vilkår – og få den hjelpa dei treng. Uavhengig om ein har pikk eller ikkje.



søndag 13. februar 2011

Feite tankar

Dersom du eller dykk ynskjer å høyre meg bable i veg om fett, slanking, skam, heimegymapparat så kan eg suse avgårde med foredraget "Feite tankar". Det tar omlag 40 minutt og passar både som eit fagleg foredrag om korleis det er å være tjukk og feit, samstundes som eg trur eg evnar å få deg til å le - av både meg og sjølv. Ta kontakt på Facebook

Bilde frå Sigridkongressen

Foredragshaldarar og konfransier

Etter foredrag

Fantastisk publikum

torsdag 10. februar 2011

Slanketips for menn

Nye tal syner at heile 60 - 70 % av menn i 40 åra er overvektig. 1 av 5 har sjukeleg overvekt.Assisterende helsedirektør Bjørn Guldvog er bekymra over tala i følge VG. Og er det eigentleg rart han er bekymra over dette? For det er jo all grunn til å være bekymra. Og sidan eg er ein superduperslankesuksess - skal eg knekkande gratis dele mine beste råd med deg. Det er i alle fall ein start.
  • Kast alt av sjokolade, potetgull og andre fristelser. Når du då ”voldtar” kjøleskåpet på natta – så er det berre gulrot i skapet.
  • Gå ein tur i dag. På 30 minutt. Og så kan du være fornøgd med at du har gjort det. Og så ser du om du ikkje skal gjere det same i morgon.
  • Begynn å røyke. Det døyver når sulten gneg noko innforjævlig og dessuten ser du kul ut. 
Og hugs - målet er ikkje å demme opp for diabetes og andre livstilsjukdommar. Det er sjølvsagt å ha meir sex. For tynne har meir sex enn tjukke. Banna bein. 


Forskningsfjas 2

Altså. Ein får heile tida høre at me er så feite. Og at feite folk levere kortare enn tynne. Og no er omlag 30 % av befolkinga tjukke. Men samstundes så lever me som nasjon lengre. Det får eg ikkje heilt til å gå opp? Lever dei tynne menneska sjukt mykje lengre enn tjukkasane?

Ikkje bare vert du tjukk - du vert dum og

NRK melder i dag at dersom du et junkfood så vert du i tillegg til tjukk - dummare enn andre. Likevel er det lov å reklame for junkfood overalt. Utan begrensing. Kvifor skal hamburgerkjedene og andre få lov til å feite oss opp - og gjere oss dummare, utan at dei må betale ein viss prosent av helsebudsjettet til A/S Noreg?

Slappfiskar

I Agder så vert ein altså sjukemeldt i vekesvis på grunn av slappheit. Om ein er slapp og dvask - så bør ein gå seg ein tur. Om ein slappfisk går i 30 minuttar kvar dag - så veddar eg på at han ikkje er så slapp lengre. Eg innser at eg er blitt ein jævla friskus, men likevel - fysisk aktivitet hjelper på det meste. Men ikkje kall det for trening. Då er det kjipt. Opp og ut - kameratar.

Kosdrit

Altså. Det er ikkje det at eg ikkje syns at ein skal jobbe for å ha mindre mobbing i skule og andre arenaer. Det er vont for dei som opplever det - som eg og gjorde når eg var unge. Fordi eg var tjukk. Tjukkebollefeita. Men eg kjenner at no er eg  lei av mobbesaker - og den der helsikens Framsnakkinga. Eg har det ikkje i meg. Eg skal gje fine ord når dei er behov for - men faen om eg orkar den der jævla gnålinga om Framsnakking.

Så eg vil slå eit slag for Kosdrit. Og det er når ein snakkar om mennesker ein eigentleg er veldig glad i, men som avogtil fortjener ein god baksnakk. Litt usikker på om tonen i KRF er baksnakk eller Kosdrit Då snakker ein ikkje ondskapsfullt, men baksnakk med kjærligheit. Så Kosdrit. Eg går for Kosdrit.

onsdag 9. februar 2011

Feit - on tour

Altså. Eg er på turne i Nord-Noreg. Eller turne og turne. Eg har to stoppestadar. Men i Nord-Norge er jo ting så langt frå kvarandre, at det vert som ein turne. I dag har eg vore på konferanse saman med Fresk Bodø. Og snakka om fleskevalker og omkringliggande hærlegheiter. Bra steming og gode spørsmål i etterkant.

Leser frå Feit i Bodø.
I morgon sett eg kursen mot Sandnessjøen og Sigridkongressen. Og alvorleg talt. Når eg endeleg skal relativt normalvektig og gått frå tjukkas til smukkas - kven er det bilde av ved sidan av meg. Joda. Kjendis hunkyhunk Jan Thomas. Og ved sidan av han ser jo alle ut som takras. Helvete heller.

Lille spegel på veggen der -

Kven er venast i landet her?

Vert Obama ein tjukkas?

VG meldte i helga at Sturla Berg Johansen hadde lagt på seg 16 kilo etter at han slutta å røyke. I dag melder VG at sjølvaste president Obama har stumpa røyken. Det store spørsmålet er om han no kjem til å verte ein tjukkas? Og fleske seg ut. Og då får han garantert kjerringa på nakken. Ho har sitt eige opplegg for å trene tjukke ungar. Så ho lar seg sikkert ikkje be to gongar for å trene mannen og.

tirsdag 8. februar 2011

Mannsfett i Bodø

Altså. Eg er på tur. Og skal snakke om feit folk. Eller om meg om du vil. No er eg komen til Bodø, og skal i morgon delta på møte i nettverket Freskt Bodø, som har ein folkehelsekonferanse her i byen. Det er bikkjekaldt og den sukkerfrie brusen er dyr.  Så det er i bunn og grunn like greit å gå å legge seg, før ein vert frista til å nafse i minibaren.

Det er så kaldt at eg har så stive brystvorter.

Tynnlefse er ikkje mat for menn i Framstegspartiet

Staten ernæringsråd la fram nye kostholdsråd førre veke. Egg var vel av dei tinga som ein framleis kan ete. Med godt samvit. Sjølvsagt ikkje for mykje. Men har ein lyst på egg, så har ein lyst på egg. Så får ein ete egg. Om ein så må gå frå kommunestyremøte. For å ete egg. For sakspapira til kommunesyremøte var berre ei tynn lefse. Og lefse skal ein være litt meir forsiktig med.

Tynnlefse. Ikkje mat for medlemmar i FRP

mandag 7. februar 2011

Bør vurdere lågare lønn for tjukkasar

Det er gode argument for å gje tjukke og feit lågare lønn enn andre. Snøggast råd kjem eg til å publisere ei rekkje forslag om korleis ein  skal endre rettigheitane til tjukkasar i Noreg. Her på bloggen kjem eg til å legge fram forslag for å avgrensa velferdsordningar for tjukkasar. Detaljane i forslaget er ikkje klare endå, men avgrense sosiale rettigheiter som fastlege og uføretrygd.

Det kan og vere ein god ide og gje lågare løn til dei som er feite, for dei jobbar sikkert seinare enn andre.Og arbeidgjevarar tek og ein større risiko med å ansette tjukkasar.  Fordi dei brukar lengre tid på å bevge seg og integrere seg blandt vanlige tynne mennesker. Og dersom dei får mindre løn, kan dei kjøpe mindre snop og potetgull. Det vil vere ei slags innsnevringsløn. Ein kan jo ikkje gå rundt å være så stor som dette.



Takk til Framstegspartiet for inspirasjon.

søndag 6. februar 2011

Detox-dining

Altså. Milde jesus. Detox-dining. Rensemiddag. Ein ny resturant i New York som lagar middag som er helsefremmande. Dette skriv dei om den nye etestaden:

Sammensetningen av råvarene skal sikre gjestene en helsefremmende effekt.
Mengden av kjøtt eller fisk er nøye tilpasset mengden av grønnsaker, mengden nøtter veid opp mot mengden frukt, smør og fløte er byttet ut med avokado og nøtter, ingen ting grilles eller friteres og det holdes regnskap over kalorimengden.


Og dette på ein sundag. På sundagar er ein fyllesjuk. Og då må ein ha smelta ost. På kjøtt. Uansett kur. Så kan ein heller byrje på ein ny frisk i morgon.

lørdag 5. februar 2011

Strippestøl

Etter gårsdagens strippetrening er eg så støl i armar og bein, at eg nesten ikkje kan løfte armane over hovudet. Men eg har til ein viss grad verdigheita i behold. Iallefall meir enn denne dama her.

fredag 4. februar 2011

Slanking i Malawi

Om ein slankar seg, så et ein gjerne fiber. Knekkebrød, korn og andre greier. Og når ein et eindel fiber så får ein eindel luft i magen. Så difor vil eg sende ut ei slankevarsel. Om du et fiber og avogtil må prompe: Ikkje reis til Malawi. Der vert no promping forbudt. Lurar på om dei har mykje fiber i kosten der? Me får venta i spaning på at NRK køyrer igong ein ny runde av - Slik lev dei der.

Mannsfett på strippetrening

Altså. I dag var den store dagen. Den dagen der eg skulle svinge meg i strippestanga i all mi prakt. For i mi nye bok, så skal eg freiste å verte perfekt. Og for å bli perfekt, så må ein verte meir sexy. Og då har eg tenkt - at det å lære seg å svinge graisøst på ei strippestang - må vere ein bankers måte å bli sexy på. Iallefall betre enn isdans eller Rybakstil. 

Saman med Norsk Ukeblad som lagar ein reportasje der eg gjer gode slanketips til lesarane (dei er tom for andre ekspertar) tok eg med meg shorts og t-skjorte og køyrde til Ski for å besøke The Pole Room. Eg hadde like mange fordommar mot denne forma for trening, som eg har fra folk frå Sotra.

Vel framme i Ski, vart eg tatt i mot av ei dame, som eg syns var skummelt kledd. Eg tenkte umiddelbart at eg spring mot togstasjonen og reiser heimatt til heimegymapparatet mitt og blir der til evig tid. Men ho tok vel i mot, og gratulerte meg som den fyrste mannen som hadde våg seg inn i studioet hennar.

The Pole Room
Så var det berre til å kaste seg i gong. Rundt ei stong. Og i helvete. Eg berre seier det, dette er den tyngste treninga eg nokon sinner har vore med på. Etter berre fem minuttar, svei det i alle musklar, og svetten hagla. Fotografen frå Norsk Ukeblad, ba meg om å halde meg fast og smile, medan eg såg i kameraet. Eg hadde mest lyst å be ho brenne og dra seg til helsiken ut av studio. Smiling og strippetrening er etter mi erfaring - ikkje lett. Etter 45 minuttar med klatring, snurring, hopping, gliding og andre akrobatiske øvelsar, var eg så utslitt, at eg kasta inn handkledet. Men den gode instruktøren gav meg god skryt og sjølvkjensla steig nokre hakk.

Relativt grasiøst.
 Etter endt trening og med pusten tilbake, kan eg konkludere med dette:

1. Strippetrening gjer meg korkje meir sexy eller grasiøs. Det gjer meg i beste fall sjølvironisk - og det er det jo nokon som syns er sjarmerande.

2.Dette er regelrett ikkje trening for pyser. Og handler lite om stripping. Eg er "instantstøl" og gruar meg til å vakne i morgon. Då kjem eg knapt til å kunne bevege meg.

3. Eg syns at menn burde prøve denne forma for trening. Eg kjenner at både musklar og brystkasse veks, medan eg skriv. Så trass alt. Dette var ei bra oppleving. Treningsfoma er iallefall ikkje noko som burde bli forbode.



Heng fast i stanga med livet som innsats


Ferdig økt. Nesten dau.

Forskningsfjas

Altså. EIn kan forske seg fram til det meste her i verden. No har nokon forska seg til at dersom ein går ned nokre kilo - så er det større sjangse for å dø tidleg. Eg som har tatt av 50 kilo, har vel slutten av livet sånn rett rundt hjørnet?

Om ein er eit fleskeberg - skal ein då døy av fedmerelaterte sjukdommar, eller skal man døy av slanking? Er det viktigaste å døy tynn? Kva skal tjukke gjere? Ete sjokolade eller gulrot?

Eg tar meg heller ein sigarett, og ventar på at nokon forskar seg fram til at det ikkje er skadeleg så likevel.

tirsdag 1. februar 2011

Pupp eller muskel?

Både puppar og musklar er alltid på moten. Men eg er litt usikker på om dette er mote? Eller litt kleint? Eller bare skremmande og eit bilde på kropp og galskap? Kva syns du?