onsdag 24. februar 2010

Reklametjukkasar

Denne veka smalt nyheita om at Eva Mendes skal reklamere for den ukjente sjokoladedrikken Cocio ned som ei bombe. Supermodell og skodespelar som skal selje sjokolademjølk. Ein drikk som truleg har 400-500 kaloriar i kvar munnfull. På spørsmål om kvifor selskapet har valt nettopp henne som sjokolademjølk seier leiinga i selskape dette

- Hun er en klassisk skjønnet, en Cocio-skjønnhet. Litt mørk, men samtidig har hun det latinamerikanske i seg. Det kan være vanskelig å beskrive hvordan det er å drikke Cocio, men det forstår man når man ser Eva Mendes



Altså. Alvorleg talt. No kjenner eg at eg vert aggressiv. Denne skrale tynne kjerringa har garantert ikkje ein gong lukta på noko som minner om sjokolade dei siste 10 åra. På bilete av henne ser det ut som ho er skikkeleg glad og drikk Cocio kvar dag. For det er berre det beste ho veit. Drikk ein Cocio kvar dag, så vert ein tjukk. Eva burde heller tatt seg ein tur på Kristianfj Fatcamp.

Det er eit paradoks at tynne menneske er dei som reklamerer for godsaker. Det burde vore tjukke menneske som reklamerte for mat med masse kaloriar, og tynne folk som reklamerte for til dømes skiutstyr. Då vert det meir ekte. Men ekte er ikkje så gøy som falskt. Men det gjeld ikkje alle. Steinar J. Olsen er dagleg leiar i Stormberg. Og i denne bloggposten (som eigenleg handlar om alt mogleg anna) så skriv han at dei nyttar folk flest også tjukke i sine reklamekampanjar. Eg sende han ei melding og spurte han om han kunne sende meg eit bilete av ein tjukk modell. Eg fekk dette.



No syns eg ikkje at ho er spesielt tjukk. Ho er meir normal. Og normal er fint. Eit slags bevis på at også lett overvektige kvinner også kan gå på tur. For om ein ser storleikskjemaet som er til denne jakka, så kan ein ikkje vere så veldig tjukk om ein vil gå på tur.Berre overvektig. Eg trur ikkje at denne kvinna skremmer folk frå å gå tur – og stor kudos til Stormberg for å tørre å vise tjukke folk fram i dagslys.

Men ville du ha kjøpt potetgull og sjokolade i like stort monn om reklamebransjen lot eit lukkeleg fleskeberg smilte over tv-skjermen og oppmoda deg til å ete sjokolade – eller at det ikkje er mogleg med kos utan Kims? Truleg ikkje. Du ville ha kasta alt du hadde i skapet ditt, og tatt fatt på treningshelvete i staden. Sanninga er jo at et ein sjokolade og potetgull kvar dag, så vert ein feit. Det same gjeld om ein drikk Cocio. Med andre ord så er Eva Mendes ein lurendreiar – som driv med humbug og lurar deg ut på den vide vei. Ein kjem ikkje til å sjå ut som Eva om ein drikk Cocio. Kanskje eg skulle trekke saka inn for forbrukarombodet - for mistydande marknadsføring? Då ville eg ikkje ha gitt meg før Eva satt der og gulpa etter sin femte Cocio på rappen.

lørdag 20. februar 2010

Fatcamp

Eg trur ikkje mange vil klassifisere meg som ein roleg og avbalansert kar. Eg kan fyre meg opp for ganske små ting, som tildømes postbudet, taxisjåførar og ikkje minst så vert eg irrasjonelt rasande på snø.

Men eg smell og av, når eg les åndssvake artiklar på nett. Som denne artikkelen her. Altså råd på korleis du skal gå opp i vekt. Kven i helvete treng å vite det? Det er ganske lett. Smelt ein ost og et den. Ta deg ein sjokolade og ein lefsebit til lunsj, og gjer sofaen til din eigen favoritthobby - og vips så trur eg nok valkane skal begynne å komme. Eg trur kanskje ikkje det skal være så jævlig vanskeleg.

Men det som er det gode med denne artikkelen, er jo at ein kan snu saka på hovudet. Om desse tiltaka skal hjelpe deg å legge på deg - så kan ein gjere det motsette - og vips så tek ein av.

Så her er NRK Puls sine råd for å ta av nokre kilo:
Begynn med røyking
Prøv å skaff deg eit psykisk problem
Etabler uhensiktsmessige matvanar
Høyr med legen din om du kan få nok som aukar stoffskifte ditt


Også to vanlege kjedelige råd.
Et mindre
Tren meir


Så føl desse råda, så skal det nok gå. Eg derimot - eg ser ein ny moglegheit til å tene meg nokre kroner. Eg skal lage ein "fatcamp". Altså ein leir for tynne som vil verte feite. Ein kjekk måte å tene pengar på. Camp med fettgaranti.

torsdag 18. februar 2010

Ein vaskeekte ekspertkommentator

Den eine supertrente idrettsutøvaren etter den andre susar forbi på skjermen med hagle på ryggen. Dei skal vinne gull, sølv, halve kongeriket og framsida på VG Helg. Medan dei suser avgarde, kvitrar det ei glad røyst frå Fusa. Liv Grete frå Fusa. Avdanka skiskytar som no har fått seg ny jobb som ekspertkommentator. Med ein skada mann. Men ho reiste likevel. For det er viktig å eksperkommentera. Då slo da meg - eg og må ha ein ekspertkommentator, som kan bidra til å finne verdas beste tjukke kjendis.

Det var ikkje mange alternativa å velge mellom, og han som sa ja - er ei heller så veldig tjukk. Men han er i følgje seg sjølv, overvektig. Og han har kommentert og fortalt om sitt liv som overvektig humorist. Christer Torjussen er en bra kis - som stiller opp. Tjukkaskred til han.



Gode svar hadde han - og ikkje minst vittig. Den skal han ha. Når hausten kjem, og boka kjem til ein bokhandlar i nærleiken av deg, kan du lese kva han meiner. I mellomtida, kan du sjekke bloggen hans her.

onsdag 17. februar 2010

Fedmefrykt

Dei fleste av oss er redde for å legge på seg - og på den måten har ei slags frykt for fett og fedme. Redd for sausar, brød og det å gå bersek i butikken på veg heim frå jobb. Men at ein er redd feite folk var nytt for meg.

Outsiders er eit nytt fjernsynsprogram som handlar om spesielle livsstilar og vanar. I eit av desse programma kan sjå 28 år gamle Maja som får fullstendig panikk av å sjå tjukke menneske. Stakars jente. Når fedmeepedmien slår inn over oss for fullt, kan regelrett ikkje denne jenta gå ut. Ho må sitte inne å sjå på gamle episodar av Baywatch. Det er kanskje dette ein kan kalle ei fedmekrise?



Eg lurar på kva ho eigentleg er redd for? Er ho redd for at det skal smitte? Om det er 2 eller fleire tjukkasar i same rom, så smittar det - og over natta får ho appelsinhud og valkar? Eller er det regelrett berre så motbydeleg å sjå ei fleskerumpe dissar bortetter gata, at det ikkje er til å halde ut -og at ho av den grunn vert skrekkslagen? Har ho kanskje hatt ei skummel oppleving med ein tjukkas som har satt sine spor - kan hende ho måtte sitte mellom to tjukke på eit fly ein gong - og nesten vart kvelt i alt fettet?

På internett og andre stadar er det utruleg mange ulike formar for slankepiller og midlar ein kan kjøpe - kanskje det er eit marked for fettfobipiller? Eg håpar i grunnen ho vert feit sjølv - då snakkar ein om at det er skummelt å sjå seg sjølv i spegelen.


Dette synet kan altså få folk til å skjelve og bli redde. Vert du redd?

mandag 15. februar 2010

Matlaging for tjukkasar

Det verste med å være tilnærma sjukeleg oppteken av kaloariar og vekt - er at det ein kan trylle fram på kjøkenet er særs begrensa. Det fins korkje fløyte, smør eller noko anna som har meir enn 400 kaloriar per 100 gram i mitt kjøleskåp. Det er keisamt, for det er morosamt å lage mat. Men det finns moglegheiter også her. Ein kan lage sine eigne knekkebrød. Låg glykemisk index (som er eit jævla fancy begrep for at det er sunnare enn andre saker) og masse fiber. Eg testa førre veke - og det smakte godt. Det å ete eit rykande ferskt knekkebrød er ikkje det same, som å ete eit nybakt rundstykke, men det funkar. Om ein legg litt godvilje til. Her er oppskrifta.

Ingrediensar

2 dl grov sammalt hvete
2 dl havregryn
2 dl havrekli
2 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 dl kruskakli
2 ts salt
7 dl vatn


Som du ser - noko inni helvete med frø. Det har også "biverknadar" som eg ikkje går innpå her.

Ta alle ingrediensane i ein bolle, rør godt - og la det svelle i 30 minuttar. Del deigen, og klin det utover 2 stekeplater. Steik i steikeomn på 170 grader mellom 60 - 75 minutt, til knekkebrødet er tørka. Du kan ta det ut etter 30 minuttar og rute knekkebrødet slik at det vert fine bitar. Det smaker faktisk ganske godt. Eg bakar knekkebrød i dag og, men idag testar eg med ymse krydder og honning. Eg tenkjer og at eit lite dryss med parmesanost i røra, kan gjere eit kjedelig knekkebrød til ein fest.


Her er det ferdige produktet. Og som eit gamalt jungelord seier det - lagar ein knekkebrød, så slepp ein å tulle med vaflar.

lørdag 13. februar 2010

For feit til å arbeide?

Denne veka meldte TV2 om tjukke Tor Levertsen som no regelrett var blitt for tjukk til å arbeide på oljeplattformen sin. 120 kilo er den magiske grensa. Er du over det, så vert du satt på land. Så må far tusle heim til kone og born å fortelle at han er for tjukk til å jobbe. For "tjukke Tor" vil nok denne dagen være ganske kjip. Rekasjonanen har ikkje latt venta på seg. Fylkesmannen kallar inn til fedmemøte og fagforbundet Industri og Energi rasar. Som seg hør og bør. At "tjukke Tor" er orsaka til eit eige fedmemøte hjå fylkesmannen, lurer eg på kva han tenkjer om. Men, som ein av svært få tjukkasar, fekk han stille i bar overkropp på fjernsynet i beste sendetid.

Men det er eit spanande tema. Er det andre bransjer ein faktisk kan bli for tjukk til å jobbe i? Ta til dømes kleskjeden Zara. Ein spansk kjede som sel klede både for kvinner og menn. Storleikane i denne butikken er ganske små. Eg sjølv nyttar medium i storleik på klede eg kjøper på til dømes Hennes & Mauritz, men på Zara må eg kjøpe klede i large eller x-large. Med andre ord, så er det klede for ganske småvokste menn. Kan då menn som ikkje vil klare å kneppe att ei bukse som er kjøpt på Zara - jobbe der? Om du må trekke i klede frå Dressmann sin Living Large kolleksjon, kan ein då råde andre menn om kjøp av klede?

Og vil ein bestille mat av ein slank kelner eller ein kelner med stor vom? Og vil ein ta i mot venleikstips av ei dame på 115 kilo?

I kva yrke er det eigentleg greit å stille krav til utsjånad? Og ein treng jo ikkje stoppe ved storleik, men vurdere hårfarge, augefarge og kroppshaldning. Utdanning og erfaring er ikkje av interesse, det viktigste er at ein er vakker og ven. Og framfor alt - tynn og slank. For er ein ikkje det, så kan ein faktisk være ein trussel for liv og helse. Både eigen og andre si helse.

Eg er glad eg jobbar på kontor - og har ein solid kontorstol. Eller no er jo SV eit ungt og trendy parti - så det er jo ikkje sikkert eg sit så trygt?

onsdag 10. februar 2010

Eit førebilete for meg - eit førebilete for deg!

Det er for mange viktig å ha eit førebilete.Både i høve til jobb, til den hobbyen ein driv på med eller kropp. Dei fleste førebileta er velukka, flinke, trygge, flinke til å preike for seg - og framfor alt. Dei er tynne og vakre. Og mister dei kroppen og utsjånaden sin, mistar dei som oftast statusen som førebilete. Berre sjå på stakkars Nicole Eggert som var "skodespelar" i Baywatch for 15 år sidan. No er det og 15 kilo sidan og no er ho ikkje lengre eit førebilete melder TV2 Men poenget mitt med dette er altså. Kvar er dei tjukke førebileta? Kvar er dei suksessfulle tjukkasane? Dei tjukke kjendisane? Kvar er dei menneska som seier at det er greit å være tjukk - og som på trass av sine eigne valkar har lukkast som menneske? Og er det folk som vil trivast med å være eit førebilete for andre tjukke?

Dei må jo finnast. Men les du aviser og ser fjernsyn, så er det i bunn og grunn sjeldan du ser ein velukka tjukkas. Tjukke folk som trivast med å være tjukke, må jo også ha nokon førebilete. Omlag halvparten av alle menneske som bur i Noreg er overvektige, og dei må ha også ha eit førebilete.



Min definitive tjukkasfavoritt er Tom Nordlie. Ein ganske stor mann som har gjort karriere på å kommandere tynne spreke folk rundt på ei grasbane. Det er tjukkaskred.
På høgre sida finn du 4 personar som ikkje er radmagre, men som likevel har lukkast. Her kan du stemme på Tom Nordlie eller ein av dei andre.

I boka som eg skriv no må eg ha lister. Lister over ting ein kan gjere istaden for å ete, lister over ting ein kan ete når ein allerhelst har lyst å voldta kjøleskåpet - og lister over favoritttjukkaser. Menneske som har trassa kroppshysteriet og lukkast som tjukk, eller lubben eller kanskje berre normal. Eg er takksam om du skriv inn din tjukkasfavoritt i kommentarfeltet slik at lista over gode folk med ekstra polstring vert så god som mogeleg.

lørdag 6. februar 2010

Den store fasiten - og ei lita tevling

Sidan byrjinga av januar har eg hengt i stroppen for å kvitte meg med nyvunne valkar og ei lita dobbelthake som kom snikande i løpet av jula. Målet er jo sjølvsagt å slippe igjennom nålauga å bli deltakar i VM i smart saman med alle dei andre gløgge menneska som skal delta.

Men uansett - så kan eg fortelje at eg er på riktig veg. I løpet av 4 veker har eg kvitta meg med 4,5 kilo. Det er ni pakkar med smør eller endå enklare - delfiafett, som er fjerna frå kroppen. Buksene som er 31 tommer i livet sit laust - og verda er fin. Eg vil påstå at eg no har ei normalvekt og tilogmed i rikitg vinkel og på ei viss avstand kan framstå som slank.

Heilt til ein skal sjekke fasiten. Den store stygge BMI-testen. Den fortel meg at eg har ein BMI på 26,2. Altså overvekt. Eg er med andre ord kilovis unna å ha normalvekt. Men eg er ikkje åleine. 2 av 3 nordmenn er i følge ny forsking overvektige. BMI vert ofte brukt som det einaste som kan fortelle om kroppen din er slik den skal vere - eller då i dei allerfleste tilfelle - at kroppen din ikkje er slik den skal vere.

Men altså eg har ei lita tevling blant dei 9 menneskene som les denne bloggen. Mål din eigen BMI her - og skriv ditt resultat i kommentarfeltet. Det vankar fine premiar og omtale til personane med høgast og lågast BMI.


Ein overvektig mann kastar skugge

onsdag 3. februar 2010

Andremann er fyrste tapar

Som tidlegare nemnt, så har den glimrande treningsloggen på Fjellgeitene vore til stor inspirasjon for å gymme av seg det ekstra fettlaget ein fekk på seg i jula. Eg gjekk beinhardt inn for å vinne heile greia - og eg er krona med siger. Som ein kan sjå på Fjellgeitene så er eg kåra til Månadens fjellgeit, med 50 treningstimar i januar. Eg er treningskongen. Ein av taparane, har kome med ei utfordring til meg etter å måtte bite i det sleipe graset:

Sol deg i glansen så lenge det varer.Er du klar for en utfordring? Den av oss som logger færrest timer i løpet av året må koke suppe på egen stilongs 31. desember 2010.Er du med?

Eg er sjølvsagt ikkje redd for å tape - eg veit eg vinn. Så eg har tatt i mot utfordringa slik:

Selvsagt tar jeg utfordringen. Jeg syns i grunn og bunn det er en slapp utfordring. Oki, det er kanskje ekkelt å lage suppe på en stilongs med litt døde hudceller, og ymse kroppsavfall som er gnidd inni stilongsen gjennom en hel vinter - men det er iallefall ingen kalorier i det. Og det er tross alt det viktigste. Jeg tar i mot - og kontrer - om jeg har flest timer, skal du spise 300 gram lefse hver dag i januar 2011. Så reiser vi til Gran Canaria i februar. Jeg er ond, og innrømmer det gjerne.



Dette vert nok røynda for den tapande part i februar 2011. Ein blir det ein et, blir ein eple eller pære - eller vert ein ei lefse?

mandag 1. februar 2010

Tjukkaser i Europa

Sånn med jamne mellomrom kan ein lese om fedmekriser, vektauke og denslags. Når media er lei av å skrive om Norge og fedme, fleskar dei bokstaveleg talt til med internasjonalt tjukkas nytt. Mellom annna kunne ein lese for nokre år sidan at det var ein fedme-epidemi i Europa. Etter å ha tilbragt 24 timer i København - har eg funne ut kor denne epidemien starta. Det var her.

Korleis danske menn klarar å unngå å få kulemage og mannepupper, er meg ei gåte. Frå eg landa i går har eg fått tilbud om mat. Eg er altså på eit seminar om valkamp hos Sosialistisk Folkeparti her i Danmark. Eg vart tatt vel i mot av Villy Søvndal som er formann i Sosialistisk Folkeparti. Han ynskja velkommen til arbeidslunsj.Ein liten lunsj som han sa. Liten lunsj? Godt brød med hønsesalat, svinemedaljonger med sopp, sildesalater, potetesalater, steik, kalvefileet, bacon og leverpostei, noko udefinerbart (men det innehold sikker bacon) oster, kake og øl. Klokka 12 på ein søndag?

Vidare starta møte med servering av frukt. Så var det sjokolade, så var det kake og meir sjokolade. Før ein hadde starta fordøyingsprosessen - var det middag. Løksuppe med bacon, lammekjøtt, eplekake, meir øl og vin.

Danskar har alltid vore glade og fulle. Eg skjønnar ikkje at alle danskar er ikkje tjukke, glade og fulle.