fredag 22. april 2011

Den nye fedmekrisa: Småbarnsfedre

Daglig kan ein lese med krigstypar om ulike kriser som kjem i samanheng med fett og flesk. Ungar beveger seg ikkje, sunn mat er dyrt og parforhold gjer deg tjukk. Men ei fedmekrise er veldig undekommunisert. Nemmeleg småbarnsfedre.Tjukke småbarnsfedre. Ein ser dei oftare og oftare. Menn med barnvogn - og vom. 

Etter at ein velukka kjekkas har sjekka opp ei nødende kvinne på byen, så skjer det som ofte kan skje. Når man hygger seg. Og man ikkje passer på. Kvinna vert gravid. Og det er jo kjekt. Eller, det er iallefall politisk korrekt å synast det er kjekt. Ni månader svangerskap set preg på kvinna, men det set ofte meir preg på mannen. Han vert like tjukk som kjerringa i løpet av dei ni månadane. Og i motsetning til kjerringa, så skal ikkje han føde. Så når kjerringa i løpet av eit døgn vrir av seg 6-7 kilo, så er mannen sine kilo festa som om dei var limt på med gaffateip. 

Etter superduperminister Audun Lysbakken kom på plass, så har fedre fått meir permisjon. Og det er jo bra. På ein måte. Og på ein måte ikkje. For dei går dei der då. Og trillar. Og et. Og vert tjukke. Og får vom.

I tillegg  vil mange småbarnsfedre lage kjappe middagar som innheldt masse kalorier. Vidare så skrik jo dette krapylet om natta. Og søvnmangel gjer og at ein legg på seg.  Kvinna ho ammar, så ho forbruker jo kalorier som berre det. Men det gjer ikkje mannen. Så i løpet av permisjonen kjem det nokre kilo til. Som legg seg over magen.

Så veks ungen seg til. Og far skal smøre skive til ungen. Og etter han har smørt på Nugatti på skiva, så drar han gjerne fingeren over kniven og slafsar i seg 100 kalorier. Sånn utan å tenke over det. Og truleg er også ungen din jævla kresen. Så den vil berre ha pizza og denslags til middag. Og småbarnsfaren er svak - og bøyer av. For å unngå hyling og skriking. Og far vert endå tjukkare. Så medan ungen er blitt 15 kilo - er småbarnsfaren blitt 15 kilo overvektig. Og dei allerfleste får jo 2 ungar. Så ein kan altså doble dette og då slå fast at to ungar fører til 30 kilo overvekt på småbarnsfedre.

Det er med andre ord  på tide å sette inn nokre kraftige tiltak for å hindre ein ny fedmeepedemi blandt småbarnsfedre. Det kan til dømes vere tvungen trening i permisjonen, forbod for småbarnsforeldre å tinge pizza på Peppes eller kjevelås. Om ein ikkje innfører nokre tiltak no - så må ein berre vente til midtlivskrisa kjem - og at småbarnsfaren skal gjere seg klar til Birken. For den tida kjem jo før eller seinare uansett.

onsdag 13. april 2011

Ta beina fatt

Nyheitssaker om bensinprisar kjem kvart einaste år. Sutrete nordmenn hyler og skrik om den dyre bensinen - og det verste av alt, dette skjer i verdens rikaste land. Det er jo klart at staten burde hatt eigne bensinsubsidier for tjukke nordmenn som kjører uansett kor dei skal.

Det er ikkje tvil om at mange bruker bilen meir enn dei treng - og no har du ein moglegheit til å spare pengar og miljøet samstundes som du kjem i form. Du kan begynne å gå på butikken. Eller til jobben. Kjøp deg ein sykkel. For om du les kommenatar på VG, så kan ein tru at ein sykkel kostar det same som 5 usle liter bensin.

Så. Mi snusfornuftige oppfordring til deg. Ta beina fatt din late sytekopp.

fredag 8. april 2011

Onkel reisende BigMac

Hola!

Altså. No er det lenge sidan eg har blogga. Men sånn er det. Eg har regelrett hatt viktigare ting å drive på med enn å mase om fett. Men no er eg attende. Med nyvunnen internasjonal inspirasjon. Eg har nemmeleg vore ein svipptur i Barcelona. Og drukke litt Cava og freista å ete salat. Men det var mest Cava. Store mengder av det faktisk. Fordi salat har dei lite av.

Og det kunne ein sjå. Påfallande mange personar kom dissande med ei vom. Ikkje superstor vom, men likevel - ei slapp og dissande vom. Og det er freistande å nytte begrepet hummer på mange av desse folka - altså mest kjøt i bakdelen. Eg hadde liksom trudd at alle var supertrente og supersunne, men det var dei altså ikkje.

Eg har gjort litt undersøkingar om Spania og fedme. Og for spanjolane er det ikkje god lesning. Dei er no verdas tredje feitaste land. Og det er ikkje rart.Og det faktum at det ikkje er rart baserer eg då på feltstudier:

1. Frityr er overalt. Det er knapt den ting som ikkje vert fritert. Og det er jo ikkje akkurat sunt.

2. Velg mellom pommes frit eller grønsaker til kjøttet ditt. Hæ? Det var ei standard val ein måtte ta. Og grønsakene dei kunne servere var ikkje noko å klaske fleskeræva i taket for.

3. Ikkje eit treningssenter i mils omkrets. No treng ein ikkje det for å trene, men det var og påfallande få sportsbutikkar.

4. Loff. Overalt. Til ei kvar tid.

5.Lite bevgelse. Dei set og et til ei kvar tid.

Eg har og sett litt etter kva tiltak dei prøver å sette i verk. Og dei vil slanke befolkninga med hasj og tv-serier. Kanskje ikkje verdas beste tiltak. Me får sende nedover vår Helseminister og så kan ho samhandle dei. Til dei vert like smekre som ein tenkjer at strandlfolket i Spania er.

Adios.