tirsdag 31. august 2010

Aktivitetsplikt for arbeidslause

Ein skikkeleg smart forskar har funne ut at dersom det vert meir gym i skulen - så kan det vere med på å førebygge fedme. Faen. Eg skulle ringt inn for ei stund sidan og sagt det same. Så kunne eg fått forskarpengane i staden. Men iallefall - no er det svart på kvitt at slik er det.

Men kvifor skal ein stoppe der. Det er tydeleg at folk flest treng hjelp til å halde vekta innanfor det som er akseptabelt. (altså under 25 i BMI - og BMI er Gud og Jesus i ett - og har alltid rett). Ein har og i dag lese om denne mannen, som har tatt ein slankeoperasjon og blitt for tynn. Kan ein gå inn å stogge slike ting tidlegare - før folk vert feite. Og før ein treng å gå til det drastiske steget å ta ein fedmeoperasjon.

Kanskje staten skulle sørge for meir aktivitet. Kan hende ein skulle vurdere å ha aktivitetsplikt for til dømes arbeidslause. For å kvalifisere til å motta ledigheitspengar, så må ein gjennomføre minst 60 minuttar med fysisk aktivitet kvar dag. Ellers så få ein ikkje pengar. Det å verte arbeidslaus kan jo sende deg rett i sofaen og vidare rett ut i fedmen. På same måten så kan ein jo vurdere om ein kan få skattelette om ein trenar.

Mon tru om feite og fæle Fredriksen då ville holde seg i Noreg. Då kunne han både få lågare skatt og bli kvitt vomma si.

Det viktigaste er uansett at alle må bli så tynne som mogleg. For satan ass, det er ikkje bra å vere tjukk.


Sett krav - Nav

mandag 30. august 2010

Treningstips til deg med pondus

Sjølv syns eg dette var litt for lett trening, men kanskje det er noko for deg. Viktig å strekke godt. Dette kan ein sjå på som trening for nybyrjarar. Brett opp ermene og sett i gong.

søndag 29. august 2010

Mannsfett tester treningsformer

Altså. No er høsten her. Banna bein. Og sommaren - har vore fylt med grilling, is og eit for høgt inntak av kalorier i høve til menged som er forbrukt. Så no er det berre å ta seg på tak. Alle midlar må takast i bruk. Ikkje minst sidan eg i oktober gjer ut boka FEIT. Og eg berre seier deg - ein kan ikkje gje ut ei bok som heiter feit utan å være så radmager som det fysisk lar seg gjere.

Eg går rundt omkring så fort at ein skulle tru at eg både hadde stelt sko og ankelvekter. Kastar meg på eliptikalen, og gjer halsbrekkande pilatesøvingar på kontoret. Men det er ikkje nok. Så eg har i tillegg slått meg på latmannstrening.

Eg har vore på Clas Olson og kjøpt meg eit belte med muskelstimulator. Det er altså eit belte som ein festar rundt vomma (der som sixpacken skulle ha vore - eller i teorien er). Så kan eg legge meg ned på senga, starte muskelstimulatoren - og ligge der å verte trent. Det er obskurt antall situps og andre akrobatiske øvingar som vert gjort av dette beltet. Det stimulerer musklane på ein måte ein nærmast ikkje kan fatte. Det stimulerer og andre ting. Som lysta til å ta ein tur på toalettet. Samarbeider med andre ord bra, med sukkerfrie lakserande produkt - som eg i ein krisesituasjon som no - tyr til.

Spørsmål et er berre om det er verdt det. Eg heldt dykk orientert.

Feite folk ass.

Det å være feit er ikkje berre enkelt. Og det er jo ikkje grenser for kva harselas ein kan ha på feit folk sine vegne. Denne veka har ein kunne lest om at tjukke folk nyttar meir drivstoff enn tynne svin. Om ein er feit, bruker bilen meir drivstoff enn tynne brukar på å kjøre same avstanden. Ikkje berre er tjukke folk ille å sjå på, men dei er og med på å bryte ned klima og øydelegge kloden. ( sjølvsagt i tillegg til diabetes, hjartesjukdomar og fanden og hans oldemor) No burde jo tjukkasene gått, fordi då får dei jo litt fysisk aktivitet istaden. Kanskje Statens råd for ernæring og fyisk helse burde lansert ein ny kampanje. - Gå med ein tjukkas til butikken - redd helsebudsjetta og miljøet.

Denne veka har me og kunne lese om ein feit fyr som blir sittande fast i ein solstol og at jenter er så feite at dei kjem tidlegare i puberteten. Kjip veke for feite. Trøsta får vere, at neste veke truleg vert verre.

Får håpe han ikkje skal køyre så langt.

torsdag 26. august 2010

Mannsfett vurderer Botox

Eg skal snart lansere bok. Om berre 2 måneder faktisk. Tittel er blitt Feit. Så det så. Det er godt å vere ferdig med det arbeidet, sjølv om det gjenstår mykje med marknadsføring og liknande. Pappa har lova å kjøpe, så det vert iallefall solgt ei bok.

Men no er jo arbeidet med å gjere seg klar til lansering. No skal eg sjølvsagt legge meg i hardtrening, sulte meg for å framsjå mest mogleg perfekt ut (til Klassekampen lagar ei notis med eit mikroskopisk bilete)

Men sjå her. Når denne guten smiler. Noko jævlig med smilerynker. Sjølv om eg er sur og gretten på blogg - så er eg oftast blid i røynda. Kanskje eg har smilt for mykje.


Så no lurer eg på. Skal eg freiste Botox. Gjennom dei siste åra har andelen norske menn som nyttar Botox auka frå 5 til 10 prosent. Liz Hurley brukar det og - og ho har ikkje ei skrukke.

Her er flaska som gjer at eg ikkje vil kunne smile skikkeleg att før me er komen til 2011. Skal - skal ikkje?

fredag 20. august 2010

Harrytur og tjukkaser frå Østfold

Altså. I dag har eg vore på harrytur. I Strømstad og på Nordby. Det er jo spanande på fleire ulike nivå. Ein skal jo ikkje stikke under ein stol at det er stas å kjøpe billig sprit, kjøtt og flesk - men det mest spanande er kanskje å sjå på folk frå Østfold. På svenskesida er det fleire nordmenn enn svenskar - og dei allerfleste av dei er frå Østfold. Dei ser som oftast slik ut.






Veldig mange av folka frå Østfold er i tillegg til å sjå ut som eit konstant "badtasteparty", ganske omfangsrike. Med stor magar og ræver like breie som handlevognene. Eg har sjekka dette opp mot statistikk. Og det var slik eg trudde. Menn i Østfold er blant dei feitaste i landet. Fylke rangerer som nummer 3, bak Aust-Agder (menn der slankar seg ikkje - dei ber) og Nordland (folk der slankar seg ikkje - dei fiskar). Og grunnen er openbar, det er jo kvardratkilometer på kvardrakilometer med godis - nærmast for ein slikk og ingenting. Så menn reiser frå Østfold til Sverige. Kjøper godis. Trykker på gassen med den sandalkledde foten sin. Og set kursen heim mot harryfylket - og trøkker i seg. Sjølvsagt blir dei feite. Med andre ord, så må me redusere grensehandelen - slik at menn i Østfold kan komme i betre form. Ellers går det til dunders.


Slår meg laus på Godisfabrikken.

Gjev opp slanking

I motsetnad til Christine Koth, har smårunde Else Kåss Furuseth bestemt seg for å gje faen i slanking. Ho vil vere som ho er. Så bra for ho. Og så bra for Norge, at me har småtjukke kjendisar. Kanskje dette er den nye Christine Koth. Litt rund, litt lesbisk og litt glad i å vise fram kroppen sin. Og dessuten er ho jo dritvittig.

Bedre med en Else Kåss Furuseth på Burger King, enn 10 Pia Haraldsen på kålrabidiett.

torsdag 19. august 2010

Bekymra for Julie

Sidan i går har eg tenkt mykje på jålejulie. Og sett på bilder av ho. Som mellom anna her. Syns ikkje du ho ser litt tynn ut? Litt for høge kinnbein og litt tynne lepper? Og her ser ho veldig tynn ut, men brukar og eit godt gamalt knep. Stiller seg ved sidan av nokon som kanskje ikkje er ei sylfide.

I dag får tynne jålejulie pepper. Blant anna av "prettyboy" Arnulf Refsen. Til VG seier han.
- Jeg tror ikke det er mye kroppspress blant mannlige modeller. De mannlige modellene er nærme det som er normalen, og skal helst se veltrente og sunne ut.

Utan at eg har vore modell eller nokon sinne kjem til å bli det, så trur eg han tar feil. Ein veit av ny forsking at etevegring og megarexi meir eller mindre har eksplodert blant unge gutar. Men han såg vel sitt snitt til å komme i media igjen. Lenge sidan sist no for denne karen. Så sjølv om ho verkar som ein "lettvektar" så trur eg han er tjukkare i hovudet enn ho.

Men eg håpar at jålejulie ikkje blir endå tynnare av peparen ho får i dag. Eg tenkjer eg skal invitere ho heim på raspeballar. For eg kan lage bondekosten sjølv.

onsdag 18. august 2010

Ein tjukk kjendis takkar for seg

Det er med stor sorg Mannsfett har motteke meldinga om at Christine Koth har tatt av 16 kilo. Endå ein korpulent kjendis har forsvunne. No er ho berre ei morsom tynn dame. Og dei finns det jo mange av.



Høgt elska
Djupt sakna



Konstant sulten og Julie Voldberg

I dag har eg kjørt Bergen - Oslo. Ferien går mot slutten, og da merkast på mange ulike måtar. Shortsen strammar rundt livet (eg vel å tru det er nyvunne musklar etter mykje trening - og ikkje nytt fett etter mykje grilling), eg er konstant sulten, og må no ete meg ned til eg skal begynne på jobb att, samt at det byrjer å bli nokre nyhende i media.

Når eg har kjørt mot Oslo, så har eg tenkt på mat. God mat, medan eg har ete frukt. Eg har kjørt forbi Smalahoveflaten - og fekk lyst på lammekjøt, eg har sett siloballar - og fekk lyst på grilla marshmellows, dama på Shell på Voss hadde vaska håret i mandelshampoo - og eg fekk ekstremt lyst på fyrstekake, og ikkje minst forbi skilt med hjortevarsel - og fekk lyst på hjortesteik, med poteter og saus.



Men eg sto an av. Og åt fisk på Gol. Jævla skummel bygd. Fleire skumle folk enn andre plassar altså.

Også har eg høyrt på radio. Mellom anna at jålejulie fra Høgre, syns mannlege modellar er for tynne. Eit sånn "no gnir eg ut siste safta av agurkensak". Kunnskapslausa hennar satt tjukt utanpå. Eg er jo enig med henne, men kanskje ho burde hatt rådgjevar sjølv - og ikkje berre rådgje Erna i kva kjole og kva leibis ho skal bruke.

Stjernesitatet hennar - omlag på Hønefoss, var at ho hadde lyst å ta dei mannlege modellane frå Oslo Fasion Week med heim til svigermor for eit godt måltid mat. Eg tolka det slik at jålejulie faktisk ikkje kan lage mat. Og alle veit kva som skjer med familar som nyttar ferdigmat og halvfabrikata. Dei vert feitare enn dei ander. Så då er jålejulie trygg. Ho kjem ikkje til å få born som vert for tynne.

Sofa i Oslo. Og her skal eg vere til i morgon. Då skal eg finne asfaltskoa mine og trakke laus. Velsigna asfalt.

Grilla Marshmellow med smelta sjokolade og nøtter.

tirsdag 17. august 2010

Tjukke kjerringer vert kjappare smelt på tjukken

Er ikkje innimellom livet herleg ironisk? Når ein er tjukk så er det så mykje elende som kjem saman med flesket. Diabetes, hjarte- og karsjukdomar, sopp mellom valkane og i det heile tatt. Men denne tar faktisk kaka. Det er no gjort ein studie på om tjukke kjerringar vert lettare gravid enn tynne kjerringar - og sjølvsagt, til trass for flesket så - fleskar dei fleskete kjerringane til, for å sei det sånn. Og dette er med beskyttelse.

"I fire av studiene konkluderes det med at det er kvinnene som veier mest som har størst sannsynlighet for å bli gravide mens de bruker prevensjon"

Men tjukke kjerringer har jo kanskje større problem enn tynne kjerringer med å få seg noko, og er er usikker på om dette er tatt med i studien. Og dessuten så er jo tynne kjerringar dummare, enn tjukke ( ja eg nevner ingen eksempel - det ville vert frekt) - så det er truleg fleire av dei som går på sitat som "eg hoppar av i svingen" og "eg er ufruktbar" - så eg tippar at det er fleire blonde, dummer damer som får uønska graviditet - en fleskeræver på McDonalds.

mandag 16. august 2010

Tjukketom på ein smell

Sjokket var stort og enormt då eg las at Tom Nordlie skulle delta i ekstremsportprogrammet "Skal vi danse". Her skulle han då svinge sideflesk og vom i takt til vals og samba. Tom Nordli har gjennom lang tid vore min tjukkasfavoritt. Ein smellfeit kar som bossar tynne og skrinne karar rundt på fotballbana. Eg såg med stor skrekk på at Tom Nordli skulle bli tynn og slank - og ein heilt vanleg fotballtrenar. For om eg skal vere heilt ærleg, så har han jo ikkje så mykje å fare med bortsett frå flesket sitt.

Men i dag har han tatt til vetet. Både TV2 og VG melder at han ikkje vil svinge seg så likevel. Han vil trene fotball i staden. Og truleg ete pizza og sjokolade. Ein slik ponuds må jo haldast vedlike.

Dagens blome går altså til Tom Nordli - for å ta ansvar for at me framleis har tjukke kjendisar i landet.
Tilbake i sofaen. Mumse mumse.

søndag 15. august 2010

Feite folk på ferie

Sommaren går mot slutten, og det er på tide å stramme inn vomma etter fleskete månadar. Det er sjølvsagt ei ny trend på trening som skal suse innover oss. Rockeringtrening. Eg har prøvd dette før ( eg er no så jævla trendy), og det er berre vondt. Men er det grunn for deg å trene? Veit du om folk i utlandet har kommentert kor feit du er. I Noreg er det lett. Om nokon ropar fleskeræv, tjukkas, smellfeite faen - så er det ganske openbart at du bør trene litt. Men kva om du er i utlandet - og ikkje forstår om folk baksnakkar deg.

Dersom du har vore på sommarferie i Russland, og nokon har grynta жирный, så er du i faresonen. Det er då russisk for feit. Og i rask rekkefølge oversettelse av ordet feit:

Somalisk - dufan leh
Tyrkisk - yağlı
Fransk - graisse
Tysk - feist
Finsk - rasva
Spansk - grasa
Islandsk - feitur
Italiensk -grasso

Så om nokon har ropt dette ordet etter deg i sumar, så bør du kanskje vurdere å bestille denne rockeringen. Ellers kan du velgje å gjere som eg har gjort i dag. Trampolinetrening. Stor stas. Høg perspireringsfaktor. Hopp Forrest, hopp.

onsdag 11. august 2010

Sjokoladetur 2010 og innvirkning på vekt

Eg har i grunnen berre eit ord å seie. Faen.

Etter å ha trakka opp og ned i dagesvis, står vekta på staden kvil. Dessuten har eg fått større lårmusklar, slik at "skinnyjeansa" ser ut som eit pølseskinn. Eg legg meg på sofaen og sultar i staden.


Eventuelt kjøpe dette plagget. Då kan eg ete så mykje som eg vil og i tillegg sjå ut som ei jente frå Oslo Vest/Narkoman/Trygdemisbrukar/Målungdom/Gladkristen (stryk det som ikkje passar)

tirsdag 10. august 2010

Guten som overlevde

Altså. Eg overlevde. Fjelltur. Ikkje berre overlevde, men syns det var skikkeleg kjekt. Eg kjenner meg lett gladkristen fordi eg er så jævla posetiv til denne turen. Eg er et negativt menneske, og likar ikkje heilt denne følelsen av lovsang og glede som snik seg innpå. Men det var altså skikkeleg kjekt. Og mange erfaringar rikare. Eg tar sjølvsagt ikkje to kalorier for å gnåle om denne fjellturen her på Mannsfett. Over fleire innlegg. Først ein liten bildekavalkade.

Frisk,rask og på veg mot høgfjellet. Lite ante beina mine kva dei skulle igjennom.

Lett vondt. Litt meir enn lett vondt. Sårt og ømt. Men eg er då ein "survivor". Så eg taklar det meste, med enkle midlar.

Som eit fotbad i 800 meters høgde. Nett det som var behovet. Så i rask rekkefylgje.

Knall og fall og DJUPE skrubbsår på leggen.

Samt eit ENORMT ope sår på kneet. Må sikkert syast.

Det viktigaste med fjellturar er å spele kort. Det viktigaste med å spele kort er å vinne. Om eg ikkje vinn vert eg sur, så eg vinn som ofast. Eg er og ein skikkeleg dårleg vinnar.


Det er faktisk mogleg å bake på fjellet. Med gasskomfyr og hermetikk. Her er ei pærekake.

Jegergryte. Rart kor hermetikk kan smake så godt.

På ein eller annan topp.

Glade bein som er ferdig med tur.

Dessuten var det jævla fin natur. Det kan google ein annan stad. Naturbilder finns i søkk og kav på internetten. Eg skal og finne nokre biltete av dei gode folka som var med på tur. Skikkeleg gode folk.

Men det viktigaste med denne turen. Gjekk vekta opp eller ned. Mange timar gange kvar dag - men og mykje sjokolade. Eg skal stige på vekta i ettermiddag - og eg veddar på du sitrar i spenning på resultatet. Det kan du lese her på Mannsfett.

tirsdag 3. august 2010

Straks klar til avgang

No har eg vore å brukt spenn(eller det vil seie - pappa har brukt litt spenn). Iallefall så er sekken full av nye greier. Eg som tenkte denne fleskereduserande turen min skulle vere ein billig ferie. Ny sovepose, regnkle, strileplagg nummer ein - fleecegenser, sportsape og masse andre greier. Om eg ikkje kjem heilskinna gjennomm denne turen no - så er det iallefall ikkje utstyret det står på. Det verste er fem dagar utan mobil, utan nett og utan tv. Det kan verte litt godt og. Me får sjå. Full rapport for denne turen blir iallefall å finne på denne bloggen - når eg eingong kjem meg ned frå fjellet. OM eg kjem meg ned.


Utstyr i søkk og kav.


Solbriller. Berre sånn for ironien sin del.

mandag 2. august 2010

Kjæresteri og fleskeri

Alle veit at dersom ein er to eller fleire, så et ein meir enn om enn er ein. Om ein sitt åleine å ser ein film, så kan ein gjere det utan å ete. Men er ein to eller fleire - så skal ein kose seg. Med smågodt, potetgull eller vaflar. Når ein giftar seg så vert dette berre værre. Dette er denne mannen eit tydeleg bevis på. Kanskje han burde tatt ein fettsuging?

Eg har den siste månaden hatt ei meniningsmåling om fettsuging - og kor mange av dei som deltok som ville fettsugast. Omlag 36% av dei som svarte - ynskjer ei fettsuging. Resten vil ikkje. Dei syns dei er fine som dei er. Og det er jo bra. Og de 36 som gjerne vil fettsugast. Stram dykk opp - sjølve. Gå ein tur - ta fleskeræva di med ut i skogen. Og bruk pengane på klede i staden - etter du har trimma av deg fettet. Lenge til neste sommar, så du har god tid til å komme i badedraktform.

søndag 1. august 2010

Fleskereduserande ferietur?

Altså. Då er eg kome heimatt til vestlandet på ferie. Her regnar det. Kraftig. Sånn regn som ein ikkje har på austlandet. Det regnar nedover og bortover på same tida. Eg sit i sofaen og ser på alt som kan sjåast på når det er sundag. Eg er skikkeleg heldig, og har funne ein ny tv-serie med Anna Anka, intet mindre. Heldigvis kjem iallefall Silje Stang tilbake på tv i løpet av hausten, ei langt betre blondine enn Anna Anka. Men det er ikkje så lenge til eg skal opp av denne sofaen. For saman med en kompis, skal eg om nokre dagar ut på ein slags ekspedisjon. Tur i fjellheimen. For å være heilt eksakt, så skal eg gå turen "Gjennom hjarta av Stølsheimen".


I løpet av fem dagar skal eg og Marius slite oss opp og ned i fjellheimen, bærande på svære sekkar og ete tørr og langtidshaldbar mat. Eg gler meg lett - og gruar meg lett på same tid. Det vert sikkert jævlig fin natur og sikkert gode folk - og truleg bein som ser ut som dette.


Og så er jo dette vestlandet. Ein skal ikkje stikke det under ein stol. Og veret vert truleg deretter. Her ser du værmeldinga. I løpet av dei dagane turen varar, så er det nett no meldt 25 mm nedbør. Og ikkje litt sol i sikte. Denne mannen må ut å kjøpe regnklede i morgon. Og gnagsårplaster.

Uansett utfall av turen så er det iallefall ein god greie med dette. Ein er i aktivitet heile dagen og forbrenn difor mange kalorier. Og eg skal nytte sjangsen til å ete all den sjokoladen eg vil - utan fleskeangst og dårleg samvit. Sjokoladeturen 2010.