tirsdag 25. september 2012

Kven kan gå god for slankeprodukta?

Etter programmet Folkeopplysning på NRK1, har debatten om healing og effektene av «behandlingsforma» rasa. Liknande tilstandar finn ein og innanfor slankeindustrien. Kaffi, kapslar og krill som skal gjere deg varig tynn. Kven bestemmer kva som er lov til og selje av slankeprodukt i Noreg?

Det siste året har lågkarbodrøftingane  gått høgt og lågt, og fleire kjende lågkarboentusiastar har med stor pondus framført at bacon, biffar, fløyte og majones er den einaste vegen til lukka og permanent strandkropp. Men eit lågkarbokosthald er både dyrt, lite klimavennleg og vil på sikt føre til ei matkrise i verda. Det fins langt rimelegare og enkle måtar å kvitte seg med overflødige kilo på – gjennom slankeindustriens produkt.

På nettsidene til produktet Termoloss, kan ein lese følgjande om dette geniale produktet: «Termoloss er et effektivt preparat som øker kroppens energiomsetning gjennom metabolsk termogenese.
Med Termoloss vil du oppleve rekordrask vektreduksjon. De tre aktive ingrediensene i Termoloss® vil samlet gi deg en trippel effekt i kampen mot kiloene. Virkestoffene i Termoloss® sørger for økt energiforbruk og forbrenning av fettvev. Bruk av termogenetisk vektreduksjon er en av de tryggeste og mest effektive metodene man nå kan benytte seg av for å gå ned i vekt.»

For usle 149 kroner i månaden kan ein få tilsendt ein boks med kapslar, som syter for at dei som nyttar produktet får drøymekroppen. Det som er minuset er at det ikkje står kor mykje ein vil kunne ta av kvar månad, så på bakgrunn av det (og sjølvsagt berre det) så er nok dette ein litt usikker slankemetode.

Termoloss er sjølvsagt ikkje det einaste gode alternative for personar som vil ned i vekt. Hjå den tunge og velrenommerte leverandøren X-life, finn ein mellom anna ein kombinasjonskur.

Ved å kombinere Frenzy Fat Loss og Fat Stop angriper du fettlagrene ved å øke fettforbrenningen, hindre opptak av fett fra maten du spiser, samt ved å dempe sultfølelse. Kombinert med at kroppen ikke tar opp alt fettet fra maten ved bruk av Fat Stop, så blir kaloriinntaket lettere begrenset.

Produktet Frenzy sørger i tillegg for økt fettforbrenning og ekstra energi, hvilket gjør det lettere og mer motiverende å være aktiv. Ingrediensen Geranium som dette produktet inneholder, er på WADA
sin liste over forbudte stoffer på grunn av sin effekt. Ingrediensen er tillatt for kjøp og salg i Norge, og har ingen negative helseeffekter. Er du utøver som kan bli dopingtestet, er ikke dette et produkt for deg.

Det einaste som er dumt med dette produktet er jo at det kan sette ein stoppar for personar som ynskjer drive med idrett på eit visst nivå.
Og dersom eit produkt inneheldt dopingmidlar, så er det kanskje ikkje veldig bra - men heilt klart eit alternativ.

Uansett andre gode produkt, så er det ingenting som slår slanke-DVD-en til den småkorpulente tv-hypnotisøren Torgrim Holte. Ingen piller, ingen pulver og framfor alt, ingen diett.

Her skal ein altså kjøpe ein DVD til den latterleg låge prisen av 398 kroner. Etterpå sett du deg i sofaen. ifølgje nettsida så vil du etter at du slår på DVDen gå inn i ein tilstand av konsentrert avspenning, og merke at suget etter feit mat vil forsvinne og at motvilje mot slik mat vil auke i kvardagen. Dette er i følje Holte sjølv (og magic.no som både leverer horoskop og spåtenester i tillegg) virke som berre det. Du vil med denne DVDen ta av 15 kilo.

Det kan ikkje bli betre. Så lett. Berre sitt der. Slapp av. Høyr på Holte. Og bli tynn. Dette meiner eg er eit så godt produkt at regjeringa straks og med ein gong bør sette i gong ein massiv produksjon og utlevring av slike DVD-plater. Rydde plass på statsbudsjettet til at alle personar med ein BMI over 28 får tilsendt ein slik DVD i posten. Betalt av staten. For tenk på kva staten kan tene på sparte helseutgifter i åra som kjem, dersom alle tjukkasane tek av 15 kilo.

Og om folk er viljuge til å ta dopingmidlar eller føler for ein metabolsk termogenese så bør dette også være klare alternativ til behandling. Tenk kor lukkelege alle som kvar dag ser reklamar med retusjerte modellar, les om perfekte menneske og som drøymer om å ha ein fin kropp og fryktar det motsette, vil bli.


Men. Om dette er produkt som faktisk verkar – for ein såpass billeg penge. Kvifor er det fremdeles tjukke folk i Noreg? 

For om ein skal vere ærleg. Kven trur eigentleg at dette er produkt som verkar? For å gå ned i vekt på den naturlege måten, må ein ta inn færre kaloriar enn det ein forbruker. Med andre ord ei negativ kaloribalanse.  For å få til det, må ein ete mindre kaloririk mat og bevege seg meir. Altså, den kjedelege trauste måten som krev innsats og forsaking.  Mange slit med å klare å motivere seg til nettopp det. Fordi det verkar så håplaust – og den kroppen ein har lyst på verkar så langt borte.  Og blandinga av ynskje om å vere perfekt og frykta vår for å ikkje vere det sett oss ut av spel. 

Ein vert desperat. Desperat etter og vere like bra som andre. 

Og desperate folk er eit lett bytte for lurendreiarar som Torgrim Holte og andre useriøse aktørarar innafor slankeindustrien.  Det er då ein kan få seg til å tru at mirakla som vert lova i reklamen faktisk verkar. At ein vert slank av og sjå ein DVD, at ein kan ta kapslar og drikke slankekaffi og få den perfekte kroppen. Hadde dette verka, så hadde ein ikkje hatt behov for slankeoperasjonar eller fedmeklinikkar. Det offentlege kunne berre delt ut DVDen til alle med ein BMI over 28, slik at dei slapp å påføre samfunnet ekstrakostnadar ved å være tjukke. 

For skal ein seie det som det er. Og det skal ein jo. Så er jo dette ikkje noko anna enn rein jævla svindel.  Som er framstilt for å lure folk. Dei som er desperate nok til å bli lurt. Så kvifor er dette tilatt å selje. Og kven fører eigentleg kontroll med dette svineriet?

Gjer helseminister Jonas Gahr Støre det, som ansvarlig for godkjente legemiddel?

Gjer matminister Trygve Slagsvold Vedum det, om metabolsk termogenese og liknande kan reknast som en form for mat?

Eller er det rett og slett forbrukerminister Inga Marte Thorkildsen som må ta ansvaret for produkt som vert solgt i Noreg faktisk verkar?  

I dag er det ingen som tar ansvar. Slankesvindlarar får lov til å utnytte usikre menneske ved å selje produkt som er rein og skjær svindel. Norge er elles eit land med strenge reguleringar på kva ein kan selje og ikkje. Kvifor er det då lov til å selje slankeprodukt som ein veit ikkje verkar?


(Innlegget er først publisert på Manifest Tidsskrift)