søndag 26. desember 2010

Nissetøys

Ikkje eingong nissen skal få vere i fred. Han er for tjukk. Seier altså dei som har peiling på dette med slanking, fedme og førebilete. Når nissen er tjukk, får born inntrykk av at det er greit å være overvektig. Og ja, om ein trives med å være overvektig - så er det jo greit. Tenkjer eg. Nissen ser i allefall ut som han trivast.

Eg trur kanskje ikkje at dersom nissen ser ut som eit beinrangel at born og unge kastar frå seg lefsa, og et gulerot i staden. Eller triv på seg skoa, og går på tur i skogen.

Eg trur at dersom borna får gode vaner når dei er små, så tek dei med seg dei gode vanene når dei vert vaksne og får born. Og difor trur eg det er smart med meir fysisk aktivitet i skulen. Ikkje nødvendigvis gym, men fysisk aktivitet. Samt frukt og grønt. På skulen altså. På alle skattebetalarane si rekning. Skape gode vanar - for alle. Og dersom du er einig i det - så veit du kva du bør gjere.

Tynn nisse = Godt førebilete

lørdag 25. desember 2010

Julefeit

I år skulle eg iallefall ikkje ete så mykje. Det hadde eg bestemt meg for. Sidan eg gjekk på ein julefettvestsprekk i fjor. Eg skulle ete salat til pinnkjøtet og går mange og lange turar. Det har ikkje gått heilt slik. For det første så er det jo så jævla kaldt. Og snø. Og då er det ikkje så stas å gå lange turar. Ein kan jo dette på isen, få forfrysningar og gå glipp av noko på fjernsynet. Og for det andre. Så er det jo så mykje god mat. Og snop. Og greier.

Julaftan klarte eg meg ganske greit. Men i dag har eg gått på ein potetgullsmågodtsjokoladevalnøttkakeogdessertsmell. Men eg har og ete klementin og druer. Berre sånn for å veie opp for det enorme inntaket. No skal eg fasta fram til måndag klokka 19.00. Då skal eg på klassefest.
 
Og med alkohol utan mat i magen - så vert deg nok festens store sjarmtroll. Iallefall fram til 19.20.
Eg flesker til å ynskjer deg god jul og eit feitt nytt år.

fredag 3. desember 2010

Smart triks for å ta av nokre gram

Om du går på vekta og syns den viser litt for mykje. Så finns det håp. Ta av deg alt du har på. Og eventuelt ta ein skikkeleg reverenske av ein intimabarberingsrunde. Kor mykje du tek av, kjem jo sjølvsagt an på mengde av kroppshår. Men om du er som han karen under, så snakkar me kanskje ein liten kilo. Hurra for gode slanketips.



torsdag 2. desember 2010

Innkjøpt av Norsk Kulturråd

Hurra for meg. Det må avogtil vere lov å seie. Eg har i dag fått vite at Feit - mitt liv som tjukkas er kjøpt inn av Norsk Kulturråd i 1000 eksemplar gjennom innkjøpsordninga. Det er eg i grunnen ganske stolt av - om eg i all skam kan sei det.

Og det er ikkje kva for helst selskap ein havnar i . Både Arja Saijonmaa og Abid Q Raja er og kjøpt inn. Det er rundt 60 bøker som vert kjøpt inn gjennom denne ordninga i løpet av eit år.

Eg gjentek meg sjølv - hurra for meg. No har eg landa til ein liten førjulsferie i København og skal ut å bruke opp alle dei usle kronene eg tener på dette.

Stolt av kroppen sin

Er man stolt av kroppen så er det strengt tatt greit å vise den fram syns eg. Sånn som 19 åringen på Lerkendal i går. Fram med mage, tiss og rompe. Han var nok sikkert stolt av det han kunne by på. Hurra for han. Syns fleire folk burde være nøgd med sin eigen kropp. Eg flesker til å viser litt hud sjølv. Men berre litt. Og ei stiv brystvorte.Lurer på om eg og vil bli straffa av politiet.



Og her ser du videoen av mannen og tissen.