lørdag 29. mai 2010

Mannsfett på Eurovisionstrening

Eg hatar treningsstudio. Verkeleg. Overtrente gutar som heilt sikkert nyttar dop for å bli store og jenter som sminkar seg før og etter trening. Supertrente mennesker som ler av oss som ikkje ser ut som ein konfektbit der ein står å svettar på ei tredemølle. Så slikt svineri har eg aldri besudla meg med.

Men når eg hadde bursdag - så fekk eg av min gode ven Åsgeir eit kort med sju dagars gratis trening på Elixia. Stedet som skal gje meg både trening og velvære. Og saman med det kortet, måtte eg love at eg kom på treningstimen hans i dag. Laurdag 29.mai. Og kva dag er det i dag. Jau - det er jo Eurovision. I Oslo. Share the føkkings moment.

Eg fann det plagget eg har som ser mest ut som ein Eurovisionsrekvisitt - Ei t-skjorte med Kristin Halvorsen i gullskrift og la på veg mot Hellhouse. Så her er ein bildereportasje med Mannsfett på "Eurovision workout".



Spent og nervøs fann eg det sjølvagte helvetsstedet Elixia


Sjølvsagt. Her på Elixia kan me ikkje røyke utanfor inngangen. Møkkafolk.


Åsgeir i paljettshorts. Heimelaga. Snill fyr. Men som du ser. Ja, eg seier ikkje meir.


Sal som er pynta med ballonger og stas. Hjelpes.


Bein utan koordinasjonsevne skal på saltrening. Diggolo Diggolei - alla kommer faen til å titta på mei.

video


Dette er Maria. Eg vart litt forelska i ho. Tidlegare treningsinstruktør. Eg sto ved siden av henne. Ho var ei god moralsk støtte. "Berre konsentrer deg om beina Kristian - ikkje så nøye med armane". Jepp. Enig!


Etter timen. Lett svett overalt. Og eg seier deg - overalt!


Jammen var ikkje Ida Speilvendt på trening. Eg legg ut bilde av deg som hevn, sidan du sa eg måtte jogge litt fortare. Er du ikkje lett raud i ansiktet Ida?


Begge instruktørane. I Paljettar.

Eg er heime att. Drikk kaffi og røyker. Men det var ganske kjekt. Og eg har kanskje pittelitt mindre fordommar enn før. Men ein skal ikke kimse av ein god fordom.

Eg gjer dog endelaust faen i om Didrik Tangerudbakken vinn i kveld. Eg skal feire meg sjølv. I kveld er det Kristianfestival. Hurra!

fredag 28. mai 2010

Mannsfett anbefaler: Island

Det der jævla Grand Prix tar snart alvorlig knekken på meg. Det var gøy i gamle dagar. Når ein song på morsmålet sitt, når Åse Kleveland stråla og det var nok med 18 land. No er det heilt og fullstendig galematias. Kvifor i helvete veit eg at dumme Per Sundnes har ei øgle som ikkje er lov til å ha og at den kjempegamle mannen hans har gitt sjenerte Didrik Solheim Tangerudbakken ein bil. Kvifor har VG videoar av Jostein Pedersen som dansar og artiklar med krigstyper om refsing av juryar.

Men i morgon er det altså denne store musikkfesten. Eg gjer lett faen og skal feire meg sjølv i staden. Sidan eg akkurat har hatt bursdag. Men eg vil då likevel komme med ei tilråding. Det er lenge sidan nokon skikkeleg feite folk har vunne Grand Prix. Og ho frå Island, har nok ete sin mengde av godsaker og bacon. Og verda treng fleire feite kjendisar. Feite folk må vinne meir. Stem på Island.


Fleskefia fra Island synger og skråler

onsdag 26. mai 2010

Bursdagsbarn med lefsefest

I dag har eg bursdag. Og den skal feirast med noko av det beste eg veit. Lefse. Og særskild Tykklefse frå Lierene Lefsebakeri. Denne lefsa innheldt 406 kalorier for kvart 100 gram ein glefsar i seg. Om eg då glefser i meg 300 gram lefse i dag, så vert det omlag 1200 kaloriar, som automatisk finn vegen til fettvalken. Då må eg jogge i 2 stive timar for å kvitte meg med tilsvarande kalorier. Satan.

Eg kan jo eventuelt freiste å prøve akupunktur for å sjå om det kan ta knekken på alle dei lefsene eg skal ete idag. Om det kan hjelpe mot alvorlege sjukdommar, så må det kunne fjerne litt lefsekalorier. Ei eller 10 nåler rett i flesket. Vips, så er det borte. Eg har trua.

Men samma faen. Idag er det bursdag - så eg skal glefse lefse utan ein einaste tanke om at bukselinningen kjem til å sette merke på magen.

fredag 21. mai 2010

Sniff your troubles away

Dei gongane eg har gjort tapre forsøk på slutte å røyke, så har eg stilt meg heilt opptil dei som røyker, for å snylte litt på dei. Lukta den gode røykelukta, og kjenne at eg får pittelitt nikotik og pittelitt tjære ned i lungene. Så har eg då til sjuande å sist gått på ein smell. Men kvifor skal ein slutte å røyke? Det er jo verdas beste slankemetode. Har du lyst på mat - fyr opp ein sigarett i staden.

Denne geniale slankemåten har no den kyniske slankebransjen kasta seg over. No kjem det eit nytt produkt som skal hjelpe deg ned i vekt. Eit produkt som luktar sjokolade eller mat med smelta ost. Sånn at når du får lyst å trøkke trynet ditt fullt av godsaker - så kan du berre ta ein liten sniff. Og så er sjokoladesuget borte. Genialt - kjem sikkert til å tjene millionar på dette produktet av mennesker som er redde for å bli tjukke. For er det noko slankeindustrien er god på så er det å spele på folk si frykt for å ikkje vere tynne nok.

Her er jo og utviklingsmoglegheiter. Om man er på byn og ikkje greier å få seg noko, så kunne det vere eit slikt produkt som lukta sex. Og tok du ein sniff, så var lysta på tilfeldig sex borte. Tenk alle dei uønska graviditetane ein kunne unngå. Dette bør vere noko for Kristeleg Folkeparti. Bort med angrepille og denslags grusomme greier - og inn med ein antisexsniff.

La helga berre begynne


Lystne kvinner som sniffer prevansjon

torsdag 20. mai 2010

Lille speil på veggen der

- kven er den sunnaste minsteren i landet her. Det tru eg må vere Audun Lysbakken. Ein mann som er minister for utruleg mange ting. Småting vil enkelte meine - store å viktige ting vil andre meine.

Men eg har altså vore på besøk hjå ministeren og snakka med han om menn, kropp, frykt og fett. I tillegg til å sjå ut som den norske utgåva av Brad Pitt er han og irriterande triveleg og klok. Og sa mange smarte ting. Sjølv om Lysbakken aldri sikkert har hatt litt baybyfett eingong, så har han gode perspektiv - og veltenkte tankar. Så det var lett å sette seg ned å skrive etter samtalen.

Det er lett irriterande når folk er så perfekte. Han hadde tillogmed bytta ut all sjokoladen som vanlegvis ligg på bordet til statsråden med frukt. Irriterande flinkis ass. Men snill og klok. Så det får heller gå. Såvidt.


Vakre, kloke og sunne Audun et eit eple til ære for fotografen

tirsdag 18. mai 2010

God 17.mai

Sånn ein dag for seint må eg gratulerere alle tjukkasar og andre med dagen. Håpar du fekk fleska deg med pølser, is og øl. I dag skal det joggast til det svir i mellomgolvet.

Sjølv møtte eg radmagre Ida som skriv denne bloggen. Og den er morosam. Ho er passe sur og gretten. Gode greier.


Radmagre Ida og tjukke Kristian

fredag 7. mai 2010

Feit opp ein kompis dagen

Dette tykkjer eg er morosamt. I eit blogginnlegg fortel Happy Cheerio om ei undersøkjing som eit eller anna velmeinande dameblad har laga. Her har ein funne ut at kvinner freister å feite opp veninnene sine. Smart tykkjer eg. Vil du vere den kjekkaste av gutane på jobben - kjøp inn is og del ut. Kjøp pølser når du har kompisane over på ein øl - og et ei banan før dei kjem. Vips - så er du den slankaste. Og er det noko alle veit så er det at den slankaste er den kjekkaste. Og er dei andre tjukke, så vil du automatisk bli slankare enn dei andre. Glimarande slankekur - utan trening og denslags drit. Og storleik er minst like viktig for menn som for kvinner.

Eg utroper med dette 8.mai til - "Feit opp ein kompis dagen"


Berre et gutar - det er meir på kjøkenet

Møte med ein minister

Eg nærmar meg no slutten på bokmanuset mitt. Berre nokre få sider til, så kan eg levere det frå meg til ei gjennomlesing. Så det er bra. Det som og er bra, er at eg har fått intervju med sjølvaste Audun Lysbakken. Altså Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren. Eg skal snakke med han om menn og fett. Alle partia fekk før valet spørsmål om kva dei ville gjere med fedmeepedemien. Eg lurar på korleis han som minster som har ansvar for likestilling - vil jobbe vidare med menn og kropp?

Har du nokre innspel til kva eg bør spørre minsteren om?

onsdag 5. mai 2010

Ting eg faktisk ikkje trudde det var mogleg å forske på

Ein veit lite om menn og menn og etevegring. Ein veit og at menn bryr seg mindre om kva ein et enn kvinner. Og kvinner er ondskapsfulle og lager nye formar for kalorihaldig mat som me men puttar i oss. Ein veit og at det er stusseleg å vere tjukk - og at du dauer lenge før du skal.

Men det sluttar ikkje der. Det er faktisk ikkje måte for elendighet ein kan verte utsatt for om ein er tjukk og slankar seg. Vert tjukk og slankar seg. Vert tjukk og slankar seg. Ikkje berre er det vanskeleg å få seg noko på byen, men ein kan og knekke armleddet oftare. I ein studie som er gjort menn som slankar seg og underarmsbrudd - ser ein at det er langt større hyppigheit med armbrudd, blant menn som har slanka seg.



Kanskje det hadde vore meir nyttig å forske på menn og etevegring? Sånn på meir generelt grunnlag. Ei jente som har bulimi er det synd på, medan ein bolegutt er ein idiot. Men begge to er jo eigentleg sjuke og burde få hjelp. Jenter som har bulimi veit samfunnet mykje om, medan ein veit lite om gutar med etevegring. Kan hende ein burde ha forska litt meir på det enn slanking og armbrudd - eg berre spør. Ropar i skogen - og får nok lite svar.


Idiotisk bolegut eller offer?

tirsdag 4. mai 2010

Lar seg ikkje knekkje

Og eg som trudde at gutane i paradis var mest oppteken av å bygge musklar etter vekesvis med fyll, sex og muskelsvinn på hotellet sitt. Men nei. Dei fortsett å drikke. Faktisk så mykje at dei vert kasta ut frå bustaden sin. Så grusomt. Så forferdelig. Og eg er så glad for at TV2 framleis syns at dette er viktig at me vert orientert om. Tenk om eg ikkje hadde fått vite dette idag. Og ikkje kunne hatt denne moglegheiten til å ause ut min sympati over denne stakars guten.

For no er det ikkje lenge til speedosesongen er i gang. Og då må paradisgutane vere i form. Ellers vert det nok fullstendig kjendiskrise på norske badestrender. Og då kan dette verte resultatet.

mandag 3. mai 2010

Kakeidioti

Når ein skal ete kake så syns eg ein skal ete kake. Då skal ein fleske til å ete som om det ikkje er nokon morgondag. Då har ein allereie skeia ut, og om ein får i seg 500 kalorier for mykje eller 800 - det kan då vel faen meg ikkje spele ei enorm rolle?

Glade slankere som Jeanette Roede og Fedon Lindberg har forslag på sunne kaker. Bruk blant annet Menkomel Wipping i staden for kremfløyte. Men alvoreleg talt. Menkomel Wipping smakar jo god gammaldags drit. Kven gidd å ete ei kake som har 10 % mindre kalorier enn ei vanleg kake, men smakar berre halvparten så godt? Då kan ein likså godt ete ei banan eller eit eple.Skal ein ete kake, skal ein kjenne av valken veks. Sjå magen vert større og at skjorteknappen sprikar. Også får ein heller ha dårleg samvit dagen etter. Trene litt ekstra og love seg sjølv at det skal gå lenge til neste gong ein et kake.

Eg åt lefse i går. Og har dårlig samvit idag. Men eg skal ut å jogge med tjukke Liv, så eg reknar med at den joggeturen tek knekken på lefsa (og Liv). Og i morgon er alt gløymt.

søndag 2. mai 2010

Endå fleire ting ein kan spare seg for når ein er tjukk

Kvifor er det eg lurar mest på? Men han ser og høyres ut som han kosar seg. Og ein skal jo nyte. For alle skal jo dø. Nokre skal truleg dø før andre.

Ny meningsmåling

Som alle nettstadar med respekt for seg sjølv, må frå tid til annan gjere ei undersøkjinga av kven som les det som vert publisert. Eller kven som stemmer på politiske parti. Som denne meningsmålinga her. Mon tru om dette hadde vore to menn. Hadde den eone vore dobbelt så stor som den andre, eller er denne overskrifta eit lite spark til Erna fordi ho er litt fyldig?

Iallefall så skal eg finne ut kven som les denne bloggen. Er det feite eller skrale mennesker som syns det er kjekt å lese om menn og fett. Eg tenker at det er tynne som syns det er kjekkast å lesa om treningstips og denslags. For å godte seg over at dei slepp å gjere noko med det. Dei kan berre vere like tynne og slanke som dei alltid har vore.

Røyst i vei.

lørdag 1. mai 2010

Krise i paradis

Det er med stor sorg eg i dag har motteke det tunge bodskapet om at Niklas i Paradis Hotel har mista 15 kilo musklar. Niklas kan fortelle at det har vore meir fristande å drikke øl, enn å pumpe jern. Han har gått frå 100 kilo til 85 kilo. Det posetive oppi dette er med andre ord at øl tydelegvis er ein fin slankekur. Uansett så er det ein tung dag. Eg kryssar fingrane for at han kjem i form att til han skal trekke på seg speedoen og ha fine dagar på stranda i sumar. Noko anna ville være for grusomt å tenke på. Då er det derimot mogleg å søke trøyst frå høgare makter, som andre paradisgutter gjer.

Det er likvel med desto større sorg at nok ein sesong med Paradise Hotel har gjort det norske folk dummare og meir overfladiske.



Bilete er av anonym paradisgutt etter heimkomsten frå idiotfabrikken.