mandag 29. november 2010

Ut i kulda

I rein frykt for å ikkje få nok fysisk aktivitet, går eg fram og tilbake til jobben - berre sånn for å ha litt basis bevegelser før eg tek dagens treningsøkt (sjølv om eg innser at eg ikkje vert overtrent, slik som andre) I dag holdt det hardt. Kulda er bitande, og skal vare lenge. Det er jo så kaldt at håret under armane frys.  Låra var kalde som is, fingrane heilt frosne og humøret på bånn. Eg tenkte at i dag er dagen eg reglerett skal fleske til med ein lett kakao frå Toro med fantastiske 40 kalorier per kopp.

På veg heimatt så gjekk eg forbi ein mann eller gut på min alder eller yngre som sto å solgte =Oslo sitt julemagasin. Uten hanskar og han hutra og fraus med andre rasa forbi. Eg og rasa forbi, for eg ville heim i den varme stova mi for å trene på elipseapparatet mitt. Etter å ha gått i nokre minutt til så stoppa eg. Og så snudde eg. Og gjekk tilbake.

Eg fekk ein samvit som var svart som den svartaste natt. Her går eg og bekymrar meg for at eg skal legge på meg i julebordsesongen, slik at den muskuløse leggen min skal forfalle, medan han står der. Så då tenkte eg at han kunne få kakaoen min i dag. Han trengte den nok meir enn meg. Så då kjøpte eg ein kakao på ein eller annan møkkakiosk, sånn at han kunne varme seg på den. Og han trengte ikkje akkurat å passe vekta - for å seie det sånn. Sånn reint basert på det smilet, blikket og dei orda eg fekk av han - så trur eg at dei 25 kronene er dei best investerte kronene eg har brukt i år.

Så mi iskalde oppfordring til deg, er at neste gang du kjøpe deg noko varmt å drikke, så kan du kjøpe to varme drikker - å gje den eine til den som du kjøper =Oslo si julebok av. Ikkje det at det endrar så mykje her i verden, ikkje det at det vert fred på jord og alle vert lukkelege av det - men for den kalde mannen eller dama ute i gata, så trur eg likevel at det kan bety litt. Og dessuten er du sikkert feit nok frå før - og kan stå over den eine kakaoen. Og heller bruke energien din på å syte og klage over strømregninga. Så få fleskeræva di opp av sofaen - og gjer dagen til nokon andre litt bedre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar