onsdag 29. september 2010

Ferdig bok

Idag fekk eg mi eiga bok. Sånn heilt ferdig trykt og greier. Jævlig rart. Og jævlig skummelt. Og du må kjøpe den. Ellers så ringer eg foreldra dine å fortell korleis du oppfører deg i fylla. Og dessuten må du komme på lanseringsfest. Ingen mat. Masse vin. Gode røykeforhold. Reinaste slankekvelden.

Eg har regelrett lest mi eiga bok på kafe.

Haustferien - bruk den til å reduser flesket

No er det straks tid for årets største tøyseferie. Haustferien. Ein har knapt kome i gong med arbeidet og skulen etter ein har bruk ein heil sommar på å fleske seg med is og grillmat - og så er det faen i meg ferie igjen.

VG presenterer i dag tips på kva du kan gjere i haustferien. Sjølvsagt mykje skrik og skrål. Eg vil gje mitt eige tips. Om du bur i Oslo eller ein annan plass i landet, er det faktisk mogleg å ta med seg ungane på tur. Som eg har skrive tidlegare på bloggen, så vert norske ungar, på lik linje med ungar i andre land - stadig tjukkare. Og det er mellom anna fordi dei sit i ro. Det er truleg fordi at du som mor eller far og sit i ro. For du vert statistisk sett og tjukkare.
Det er meldt fint ver. Det er gratis. Ein kan sjå ting som natur, oppdage nye stadar i byen, sjå på den openlyse handelen av narkotika, sjå på tjukke folk og skremme ungane dine - og masse anna fint. Så ta med dykk fleskerævene ut - då vert det endå betre å legge seg i sofaen etterpå.

Så tjukke kjem ungane dine til å bli.

tirsdag 28. september 2010

Ein god grunn

A: Du er tjukk!
B: Det er fordi eg var forkjølt når eg var liten.

Det er no ein gangbar forklaring på kvifor ein er tjukk. Før kunne ein berre skylde på kraftig beinbygning og låg forbrenning. No kan ein i følge ei undersøkjing skylde på at ein har vore forkjølt. Godt.

Om du gjer faen i det - og berre vil drikke deg full kan du komme på lanseringsfest for boka mi, FEIT - istaden.

søndag 26. september 2010

Eg vil berre presisere:

At sjølv om eg har eit lett utfordrande forhold til toppidrettsutøvere - så er eg uskuldig i dette. Det eg finn mest fasinerande er at i skrivande stund (22.42) så er det heile 256 personar som anbefaler dette. Dei må ha eit større problem med grusomt spreke mennesker enn eg har.

Tjukk og blid

Er den gamle sanninga om at folk som er tjukke også er blide i ferd med å bli ei løgn? Runde tjukke mennesker som ler slik at magen ristar og tårene triller. Ein ny studie synar at overvektige er meir humørsjuke enn tynningar. Det første ein her kan stille seg spørsmål med er kvifor ein faktisk studerer dette? Kanskje ein i staden kunne brukt pengane på å hjelpe tjukkasar som vil bli tynne? (og så kan ein la dei tjukkasane som vil vere tjukke - i fred) Tynne folk er jo meir sure enn tjukke. Tynne folk er som oftast arrogante fordi dei trur at dei er betre enn dei tjukke. Heller tjukk og blid - enn tynn og sur.

Tjukk og glad dame

Slankekjendis

Det er alltid ei nyheit at folk slankar seg. Det er skikkelig stas - og ei gladsak på lik linje med kongelege graviditetar og kjendisbegravelsar. Siste ut i rekka no er skodespelaren Drew Carey. Relativt ukjent kar, som har spelt i ein tvserie som eg trur har gått på nattestid på ein eller anna kanal. Strengt tatt ikkje ein kjendis i Noreg. Men han har tatt av 35 kilo - og vips er han ein kjendis. Eg lurar på kor lenge det går før eg vert kjendis - sånn at eg kan selgje masse bøker

Øver meg på kjendisposering

Innvandrarar og overvekt

Altså. Det er ikkje ei aldersgruppe, folkegruppe eller kjønnsgruppe som slepp unna - me vert alle feitare. Og ei gruppe som aukar raskt - er innvandrarar. Åtte av ti innvandrarar frå Tyrkia er overvektige til dømes. Overvekt og fedme er også eit stort problem for innvandrarar frå Sri Lanka og Pakistan.

Og sjå på dette bilete. Og så ser du etterpå på dette bilete, som tydeligvis er nokre år gamalt. Har ikkje mullaen lagt seg litt ut? Sikkert dårleg med fysisk aktivitet og han ser ut som han er litt for glad i godsaker. Han er jo ein såpass kjent innvandrar at han burde gå framfor som eit godt eksempel. Han kan jo få litt moglegheit til å rette opp ryktet sitt?

For dei bør garantert slanke seg. Fort. For om ikkje dei gjer det, så kjem nok ein eller annan glatt,usympatisk harrytass fra FRP om å skrive ein kronikk om at me skal krevje at alle innvandrarar skal på slankekur - om ikkje kan dei miste oppholdstillatelsen.  Send dei tjukke ut.


Les meir om tjukke innnvandrarar.

torsdag 23. september 2010

Drikk du kaloriar?

Eg er heilt bestemt på at alle kalorier eg får i meg, skal tyggast(dette gjeld sjølvsagt ikkje alkohol - og alkohol må ein ha). Så derfor er juice heilt bannlyst. Visste du at eit glas med appelsinjuice innheld nesten 100 kalorier. Og drikk du juice til kvart måltid vert det raskt ein betydelig mengde kalorier. For å brenne av to glas juice, så må du faktisk gå i nesten ein time for å komme i null. Og det er det ikkje verdt.(eg gjentek - når det gjeld alkohol er det verdt det)
Men no er det nytt håp her i verda. EU vil forby å tilsette sukker i juice. Dette er godt nytt. Folk treng ikkje dette sukkeret. Folk er regelrett feite nok. Hadde dette skjedd for lenge sidan, hadde sikker folk sett anneleis uy (og turt å kaste kleda) Ja til meir regulering. Nei til at folk tenkjer sjølv. For ein ser jo at det evner dei jo ikkje.

onsdag 22. september 2010

Bill Clinton fortel om slankehemmligheitane sine

Her er ei lita perle. Noko så sjeldan som ein mann som snakkar om korleis han har slanka seg. Sjå og lær fleskeræver!

Fjerne feitt med bøn

Altså. Det er utruleg mange gode tilbod om ymse produkt for å gå ned i vekt. I går las eg om Eva frå Tronheim som hadde tatt av 30 kilo med å ta ei pille full i organisk jævelskap - som stoppa lysta på sukker. Vips hadde Eva blitt vakker og ven. Vidunderkuranes dagar er ikkje talde tydeligvis.
Og det skjer jo støtt og stadig  små og store mirakel. I denne barnehagen har visstnok Gud vore på besøk. Og fiksa og ordna. Og då tenkjer eg. Gud kan tydeligvis fikse det meste. Frelse folk frå rushelvete og homofili. Så då må ein kunne søkje hjelp til vektreduksjon også? Kristne organisasjonar har jo fleire behandlingsstadar for rusavhengige.

Kanskje ein også burde starte opp vektklinikkkar, med eige slankebehandlingstilbod med bøn. Om ein drar på med 15 Fadervår i løpet av ein dag - så mister ein eit kilo? For om desse mirakla kan skje - så må dei jo funke på fett og?

tirsdag 21. september 2010

No kan du tinge Feit

No er det ikkje lenge til boka mi,  Feit - Mitt liv som tjukkas kjem i handelen. Du kan førehandstingen den no om du vil. Til ein heilt innforjævlig låg pris. For eg må jo selgje ein del om eg skal bli rik. Eller så kan eg vere med i røyndomstv. Kanskje eg skal spele inn at eg kan slanke tjukke bønder, istaden for den der helvetes jakta på kjærleiken.


FEIT – Mitt liv som tjukkas

«Eg ser på meg sjølv i spegelen: Feite tjukke svinet.»Ein ulukkeleg Kristian (140 kg) står i prøverommet og bestemmer, lett desperat, at nok er nok. Eitt år seinare har han slanka vekk halve seg. 

Dette er Kristian Fjellanger si forteljing om skammen ved å vere den feite mannen. Om at det berre er kjerringar som slankar seg. Og at sjølv om heimegymapparata knekk og svolten gneg innforjævlig, så er det mogleg å nå det store målet: 

Å bli en vellukka slank mann. Og få pult

Deporter svenskane heim

Eg tenkjer at det er på sin plass at me glade sosialdemokratiske småtjukke nordmenn, må gje klar melding til våre naboar i aust - om at me ikkje syns det er greit at dei er blitt ein rasistnasjon. (Du kan finne namna på ein del av dei her) Så eg tenkjer, at me må slå fleirer floger i ein smekk. Som er til det beste for landet. Og for vår nasjonalkjensle.  For kva er det verste for småtjukke nordmenn - jau skraptynne svenske gutar og jenter. Dei er jo så tynne at dei kan få kven som helst til å føle seg som Moskva Marit før tarmopersjonen hennar.  Og no syns eg me skal sende dei tilbake til det landet der dei kjem i frå. Dei høyrer ikkje heime her, dei snakkar rart, luktar rart, et rare ting og er for tynne.Dei må ut for godt. Det må være en endelig avskjed, uten at de trenger å stryke med for den del.

Så eg vil foreslå for staten at det frå og med neste veke vert sett opp ekstrabussar til Sverige og at me set inn ekstra politi, for å røske dei tynne, skrale kroppane deira opp av køya midt på natta - og sende dei heim. Hadde dei vore heime så kunne dei delteke meir i samfunnet i landet der dei høyrer heime.

For fan Sverige. 

Her er eit lite knippe av dei svenske servitørane på Karl Johan. Alle må tilbake no. 
(Kanskje ikkje han lett asiatiske - han slepp nok ikkje inn over grensa att)

mandag 20. september 2010

Mannsfett i Dagbladet

Skal seie. I dag har eg vore aktiv på mediefronten. Og verre skal det forhåpentlegvis verte. I dag fekk eg førehandsomtale av FEIT i Dagbladet. Sjå under.

Side 14 i Dagbladet 20.september 2010

Mannsfett på radio

Den feitaste musikken høyrer du vistnok på radio. Og i dag kunne du og høyre om menn og fett på Radio. Eg var gjest på Sytten Tretti i dag for å snakke om menn og slanking. Om du er jævla intressert, så kan du finne sendinga på denne linken. Om du ikkje gidd det, så kan du sjå bilete av studio under. Det var dett.

søndag 19. september 2010

Tjukkasar - kverk ein rasist!

Altså. Det er ting som er værre enn tynne svenske gutar som et ein kjeks og drikk eit halvt glas vatn i veka. Det er ting som er verre enn fedmeepedemi og fleskeræver. Det er ting som er verre enn at det er ein nyheit at tjukke damer kan sjå bra ut.

Det er verre å være tjukk i hovudet. 5,7 % av menneska i Sverige er tjukke i hovudet. Dei har i dag bidratt til at 20 rasistar får plass i det svenske parlamentet. Det er skummelt og skremande at rasistar skal få ein slik moglegheit å påverke korleis eit land skal utvikle seg. Ei allereie kald og kynisk høgreregjering, må no sette sin lit til rasistar for å få fleirtal.

Ei slik utvikling har alle me som har hjerneceller som er nokonlunde velproposjonert med fettprosenten eit ansvar for å ta på alvor. Men tjukkasane må og på banen. Ser du ein rasist tar du fleskeræva di å set deg på han, og la han kjenne like mykje smerte som han påfører andre. Er du dame med store fleskepuppar, lurar du ein rasist til sengs, og dasker og kverk han med puppane. Ta dei, ta dei - la dei kjenne at det svir.

For om ein må velge mellom eit samfunn med tjukkasar eller eit samfunn der nokon folk er mindre verdt pågrunn av hudfargen sin - så vert det flesk for alle penga.

Glade rasistar feirer seg sjølv. Med fleskeræver som våpen skal dei knusast.

torsdag 16. september 2010

Skamlaust av Tone Damli Aaberge

Altså. Alvorleg talt. Er du sløkk eller er du bare fullstendig taktlaus? Det er eit faktum at fedme er eit klassespørsmål. Er ein rik og velutdanna så er sjangsen stor for at du er ganske slank. Jobbar du i eit lågtlønna yrke og snur på krona, så er sjangsen større for at du er overvektig.

Det er dyrt å leve sunt i Norge. Og det er fleire fattige på Oslo Aust - enn det er på Oslo Vest (der ho nettopp har kjøpt leilighet for 13 millionar). Det finn Tone Damli Aaberge det på sin på plass å harsele med.

Tone Damli Aaberge er no ein frontfigur i ein reklamekampanje for joggesko. - Det er ein grunn til at me lev lengre enn dikkan, seier ho. Så altså spyttar ho på fattige, folk med dårlegare helse - og folk som faktisk lev 12 år kortare enn dei på vestkanten. Ho gjer iallefall ein god jobb med å rakke ned på andre. Flott Tone. Vekas sure treningssokk går til deg!

onsdag 15. september 2010

Om tjukke ungar og late småbarnsforeldre

I landet der folk er feitare enn nokon stad, altså USA er også ungane blitt feitare. 1 av 5 born i USA er no overvektige. Tendensen er den same i Noreg. I år 2000 vegde ein 9 åring heile 3 kilo meir enn ein 9 åring gjorde i 1975. Det er eit under at dei billige bleiene som er på tilbud overalt faktisk går rundt desse små fleskerævene. (ikkje det at ein skal være overfokusert på utsjånad, slik som andre er - det handlar om helse) Ein ting er at ein tjukk liten unge er sjarmerande, men når den tjukke ungen er blitt 18 år, og får vonde kne pågrunn av fedme, så er det ikkje så jævla sjarmerande lengre.
Og er det rart ungar blir feite. Småbarnsforeldre er blitt late og slappe. Ferdigmat, fjernsynet som barnevakt og laurdagsgodt til kvardags. Istaden for å gå på tur, så ser ein på fjernsyn - og istaden for å lage god og sunn mat, så smell mor og far ein ferdigpizza i ovnen. Det er behov for ein nasjonal livsstilsendringsplan for born - og ein nasjonal oppstrammingsplan for slappe foreldre.

Men mens ein ventar på dette, så tenkjer eg at eg skal redde nasjonen frå ein generasjon av tjukke ungar. Eg har i dag fått kokeboka Deceptively Delicious, som er ei bok som bør finnast i alle heimar. Mange småbarnsforeldre eg kjenner, orkar ikkje ta kampen med ungane for å få dei til å ete grønnsaker. Og med denne boka, så kan du lære korleis du kan lure grønnsaker i ungane - utan at dei merker det. Mi favorittoppskrift er så langt - sjokoladekake med rødbeter. Den skal eg oversette og legge ut her. Då har late småbarnsforeldre ingen unskyldning lengre.

Stram dykk opp - gå tur og lur grønsaker i ungane dykkar!

Tjukke gravide kjerringer

Det skal faen ikkje vere enkelt. Tidlegare i år var det ein studie om at tjukke kjerringer vert meir utsatt for uønska graviditet. Og det til tross for prevansjon. Og i dag er det ein mann som har skive ei bok - der han slår fast at det å være tjukk og gravid er skadeleg for både mor og barn. Mellom 10 - 20% av dei gravide er for tjukke.

Så altså. Dersom du er tjukk, bør du strengt tatt ikkje ha sex. For då er du meir fruktbar enn enn ein gjennomsnittskanin. Og om du slumpar til å bli gravid, så må du straks og med ein gong begynne å slanke deg. For ellers går det åt skogen. Eller så kan du byrje å slanke deg no. Og så slepp du å bli gravid. Eg berre seie det.

Tjukke og fruktbare kvinner

tirsdag 14. september 2010

Framsida

Helvete heller. Så skummelt.

Større legger og mindre rynker

Er det rart at folk flest slit med sjølvtilliten? Når kjekkasen Josh Duhamel skulle ta bilete til den nye filmen sin - skulle han retursjerast. Og ikkje skulle han ta vekk rynker, eller ein fleskevalk rundt magen - nei gjer den eine leggen min større. Sjå her - for ein super legg han har.

Altså. Det får vere grenser for greier og kroppshysteri. Verkeleg. Neste gong eg tek bilde, så skal eg be fotografen gjere blodårene på armen og i tinningen større. Samt at eg har litt tørr hud rundt eine negla. Det må jo kunne rettast. Men det er jo vistnok vanleg med lett retursjering. Dette er forfattarportett av meg - trur du det er retursjert eller ikkje?

mandag 13. september 2010

Venleikhysteri

Herrejesus. Ikkje eingong dyra får vere i fred. Denne stakkars apen er no så tjukk at den må på slankekur. For den har det garantert ikkje bra som tjukk - seier dei som forstår seg på det. Hmm. Men tenk om det ikkje er slik. Tenk om apen berre er supernøgd med å være tjukk? Og er det då så ille?

Om ein mann er skikkeleg tjukk, altså skikkeleg feit. Et og kosar seg - er det så ille. Han kjem jo til å være ein dyr mann for samfunnet (hjarteoperasjonar og dieabetes og denslags), men han kjem jo til gjengjeld å daue tidleg. (og tilogmed då kan ein få kontakt om ein vil) Kan han då ikkje berre få vere tjukk? Eller skal han måtte tvingast til å bli tynn og lukkeleg?

Tjukk og glad mann

Slankereality

Kvar laurdag framover kan dei som er så heldige og sit heime, sjå politisk korrekte mennesker som har tatt turen til Afrika. Dette er mennesker frå Noreg som skal leve i det store landet Afrika. Truleg er dette programmet like spanande som arbeidsprogrammet til Sentrepartiet frå 1957 - men det som er gode nyhende, er jo at deltakarane har fått slanka seg. Rune som du ser bilte av her - han har slanka seg 13 kilo.


Eg er litt usikker på om dette er bilete av han før eller etter han slanka seg 13 kilo. Men satsar på at det er før - for det ser no ut som det er nok å ta av.

Og fleire av desse andre har tatt av. Fordi dei syns maten var dårleg. Det sat nok langt inne å innrømme - for ting som er frå utlandet er så eksotisk og fint liksom.
Eg tar meg i ræva på at dette er mennesker som heime i Noreg går med filttøflar, høyrer på verdensmusikk og syns nakenheit er fint og flott. Ein annan kar (som dog nok ikkje går med filttøflar) som syns nakenheit er bra - varme og fine Jan Thomas. Kle deg naken seier han. Sjå på deg sjølv. Eg syns det er betre å sjå andre folk nakne enn meg sjølv.

Kvar dag skal han no gje oss "bliny" tv. Kvar dag. Eg gjentek - kvar dag. Kanskje då ein liten tur til Afrika ikkje er så dumt?
Her har Jan Thomas kledd av seg. Ikkje åleine, men saman med andre menn.
Dei hadde det sikkert kjekt.

søndag 12. september 2010

Dans er god trening.

Og det er jo berre til å kaste seg i det.Og Fugledansen innheldt jo foreksempel mange gode øvingar. Bøying og tøying - og koordinasjon. Og no til dags er det jo ikkje så mange som kan fugledansen. Dei kan berre vals og denslags. Så eg tenkte eg skulle finne ein instruksjonsvideo til deg.Og det fann eg sjølvsagt. Om denne videoen står det. "Johann danser fugledansen på Juleshowet på Grindvold skole. han får til slutt med seg Steffen"

Tippar Steffen er drithappy med det. Se og lær.

torsdag 9. september 2010

Ein gløymt tjukkaskjendis

Herrejeus. Eg hadde heilt gløymt at Tor Endresen er ein liten tjukkas. Eller no er han ikkje det lengre. Han har tatt av 12 kilo, den mannen. Den glade grandprixmannen har lagt om kostholdet og momser ikkje lengre sjokolade og pottis.

Tor i litt meir kvapsete dagar

onsdag 8. september 2010

Eit bilete seier meir enn tusen ord

Så fleire ord enn - Ja til auke i sukkeravgifta no, er kanskje nok.

Noko spanande i snopehylla?

lørdag 4. september 2010

Klæssetryne

Altså. Skrinne kjerringer frå Sogn og Fjordane, som vil bli spreke. Er det verkeleg ein nyheit? Hadde denne skrinne kjerringa ønska å bli ei tjukk lita bondekone og drive eit småbruk utanfor Førde - så ja, då tenkjer eg det hadde vore ein nyheit. Er ho ikkje sprek nok no? Ho er regelrett dagens klæssetryne.

Herregud - eg må trene meg til lengre bein

Menn vert feitare - og det er kvinna sin feil

Me vert feitare. Og med me - så meiner eg menn. På 10 år har andelen menn med alvorleg overvekt auka med 4% prosent. 11 % av menn i Noreg er no alvorleg overvektige. Etter 10 år med smelta ost, snøggmat og sofasliting, esar mannen ut som ein ballong med fett. Og kven kan me skulda for dette. For mannen er jo uskuldig i dette fettdramaet som no utspiller seg.

Min teori er at dette er kvinna sin feil. Før i gamle dager var menn tynne og slanke - medan "kånemor" var rund, med raude kinn - og hadde middagen på plass når mannen kom att frå arbeid. Men så endra det seg. Kvinna skulle på død og liv arbeide. Så vart det ferdigmat og halvfabrikata - med høgare innhald av kalorier. Dermed vart mannen feit. Og så vil ikkje kvinna ha den feite mannen. Ho vil ha tynne menn med musklar. Sånn at mannen får dårlig sjølvtillit. Og så vert alt bere elende. Og konsekvensane kan bli fatale. Eg berre seier det - eigne aldersheimar for tjukke foreksempel.

Så konklusjonen er at likestillinga har øydelagt mannskroppen. Eller så trener me berre for lite - men det er så kjedelig løysing på problemet.

"Djevelen står i alt som minner! Djevelen står i alle kvinner"

onsdag 1. september 2010

Sunne svin

Ikkje nok med at dei er superslanke, supertrente, superkjekke og tener superbra - no skal dei verte endå betre mennesker. Svenske fotballspelarar får no forbod mot godis. Altså smågodt, brus og anna snacks. Då er det jo liksom ingen sjangs eingong for at dei går på ein smell. Og at dei vert feite svin. No vil dei for evig tid vere sunne svin.

Spanande å sjå om det vert bøter på dei som et smågodt. Om det er nokon som dett av lasset. 1000 kroner i bot og ein kamp i karantene om du glefsar i deg ein sjokoladeplate. Tanken på det er iallefall ei lita trøst. Tenk om tillsvarande forbod skulle komme i Noreg. Til dømes blant spelarane til Rosenborg. Eit forbod mot karsk, sodd, bart og vest. Det ville jo blitt ramaskrik i Trøndelag, mens resten av Noreg ville tenkt at endeleg er Trøndelag blitt ein sivilisert stad.

Eg har ikkje godisforbod. Men eg et ikkje godis sålikevel. Eg trenar istaden med muskelstimulator. Rare effekter av det. Eg berre seie det.

FORBUDT!