søndag 31. oktober 2010

Det spørsmålet som eg gjerne skulle ha stilt....

Eg skulle ha spurt mens eg hadde sjangsen. Foto: TV2
..til Kari Jaquesson er: Syns du feite er late? Om ho ikkje syns det, så kan ho vel berre sei nettopp det. Feite er ikkje late. For kva meiner ho eigentleg om dette spørsmålet?I dag har ho fått eit ope brev. Utan at ho eigentleg svarar.

Ho kan jo seie kva ho vil om kva ho har sagt og ikkje. Men folk er såra. Og det er jo ikkje den beste motivasjon for å folk til å trene uansett.

lørdag 30. oktober 2010

Endå ein kjekkas

Helvete heller. No skal endå ein kjekkas spele endå ein rollefigur i endå ein tv-serie. Kvifor er det aldri tjukke menn som spelar førsteelskardoktoren? Finns det ikkje tjukke legar?

Her er iallefall ein. Kanskje han kunne operert ei nyre samstundes som han sender heite blikk til sjukesøstra? Og har ei lekker kone heime? Han er sikkert rik i allefall. Og det er jo det som betyr noko. Jau, sjølvsagt i tillegg til det å være tynn då.

Flyplasstjukk

Eg sit fast i Tromsø. Flyet manglar ein ledning. Eg har kort lunte. Her sit eg og har lyst å trene. Men eg har berre dansesko på. Ikkje joggesko. Og dessuten er denne jævla flyplassen så liten at det knapt er mogleg å bevege seg.

Og det er strengt tatt ikkje mykje å gjere på her. Ei heller mange serveringsstadar. Og dei som er her kjipe.Og serverer pølse i brød. Og brød med majones. Ikkje ein hamburger å få.  Eg drikk cola zero.Og går inn og ut å røyker.

Eg og ein av sikkerhetsvaktane har blitt gode vener. I allefall nære. Eller iallefall nærgåande. Eg er blitt befølt meir i dag enn heile det siste året.

Men det kunne vært verre. Eg kunne vore i Gøteborg. Eg er tross alt glad for at eg skal fly frå Tromsø i stadenfor. Eller vonleg fly. No et eg sjokolade. Eg kjem til å legge på meg tusen kilo i løpet av denne dagen. Og det er jævla SAS sin feil. Så om eg no må ha to seter på flyet - så får dei faen spandere sete nummer to på meg.
Fin by + jævlig kaldt + jævlig drit flyplass = sur x-feit

torsdag 28. oktober 2010

FRP vil ha fleire treningsformer

Ho som tener minst på Stortinget. Den glade Mette Hanekamhaug slår eit slag for trim og trivsel. Ho vil avkriminalisere proffboksing. Ingenting er jo som gladvold. Og det er jo sjølvklart at ein må få lov til å drive med slossing i organiserte formar. Ein kjempeviktig sak når det gjeld idrett og folkehelse. Godt at ho fokuserer på dei sakene som verkeleg betyr noko. For folk flest.

Og som eit bevis for at ho har rett har ho fått med seg to av dei hardslåande samfunnsdebattantane i Noreg. Linda C. Hofstad Helleland frå Høgre argumenterer for at ein skal få lov til å drive proffboksing, med denne harde klinken: - Barn blir eksponert for vold daglig på TV. Sjeldan godt argument for at ein skal få lov til å sloss i organiserte formar. Vold er kult ass.


Ole Klemtesen er også tung og får inn ein frå høgre og seier, at det er absolutt på tide. Ola Nordmann må våkne opp og ikke være huleboer lenger.
Herregud med så tungtveiande argument er det jo berre å slå til.

Ein hjerneskalle eller ein tomhjerne?

onsdag 27. oktober 2010

Det er berre ein ting å sei: Fanden

Skuffa. Langt inni sjelen. Eg som hadde sett mitt snitt til å få den six-packen på magen. Og ein liten økonomipakning på rompa. Men det kan eg no sjå lang etter. Abtronic virkar ikkje. Det melder TV2. 

Og eg som trudde eg kunne sitte i sofaen og sjå på tv-seriar, sport, og anna stas - medan denne elektrostimulatoren gjorde all jobbben. Trening samstundes som ein røyker. Men det som er for godt til å være sant - er som ofast det. Så difor så må eg vel til å tråkke meg ut igjen. Eller på den stepmaskina eg har att (den som ikkje knekte)



Sorg i stova

Kristenbråk er alltid gøy

Endeleg. Dei kristne har fått ein kampsak. Nei til tøysetve om sex og denslags. Ja til meir fordømming, mørke tankar og kyskheit.

Eg berre håper dette programmet også har ein sekvens for overvektige. Puling for tjukke kan den heite. Korleis skal tjukkasar kose seg i sengehalmen - utan at senga knekk, andre ting knekk eller at ein kverkar den ein er oppå.

tirsdag 26. oktober 2010

Trening for middelaldrende damer

Dei allerfleste treningsstudio rettar seg mot den yngre befolkninga. Dei som allerhelst ser ut som dei ikkje har ete sidan konfirmasjonen. Dette er jo lite til hjelp for den store stygge fedmeepedemien som susar over den vestlege verda. Men no vert det tatt grep. Sjølvaste Madonna kjem på bana og skal rette opp denne utfordringa. Sin eigen treningssenter - kjede. Dama er jo no godt over 50 sjølv - så eg vil tru at målgruppa er damer i hennar alder.

Så dei som påstår at den "vaksne befolkninga er fortapt" (eg tør ikkje skrive kven som påstår det fordi ho meiner eg har ein mobbekampanje mot ho her på Mannsfett) må nok ete i seg orda sine. Ord med smør og flesk. Hurra for gamle spreke damer.

Dei kan ikkje vente til Madonna startar opp

Min fyrste kaktus

Måtte det berre ikkje bli den siste

Lubne karer blir tynne

For ein gjennomsnittsvestlending er ingenting meir irriterande enn ein trønder som trener eit arrogant og blærete fotballag. Utan å nemne noko namn. Sånn at ingen skal kunne ta meg på det. Men det er irriterande at Rosenborg vinn denne forbanna serien kvart år. Lommene fulle i gull.

Når Nils Arne Eggen tok alt gullet opp frå lomma, så synte vekta at han har kjefta av seg 10 kilo. Gneldre, kakle kakle, bjeff og atter kakle. 

Mannsfett gratulerer med vekttapet. Så har du iallefall tapt noko.

mandag 25. oktober 2010

Tjukkasklubben

Eg skal starte opp mi eiga bedrift. Den skal heite Tjukkasklubben. Eg er jo sosialist, så bedrifta skal ikkje tene pengar - eller koste pengar. Sånn er det jo med oss sosialistar. Men eg er på vill jakt etter tjukkasar som ynskjer å freiste å få til ei livsstilsendring. Litt meir aktivitet, litt mindre mat, ingen godsaker - og ikkje minst kokte fiskekaker. Eg veit korleis det er å være tjukk, føle seg mindre verdt - veit kor flaut det er for tjukke å trene -så ver trygg på at det vert etter "Kristianmetoden"

Eg er korkje ernæringsekspert, treningsekspert eller på andre måtar noko ekspert. Du får med andre ord det du betaler for. Og det er jo då ingenting.  Einaste eg krever er at me bloggar om det. Til inspirasjon for andre tjukkasar.Send meg ei melding på Facebook.

Kva i all verda?

Personer som får hudkreft på grunn av soling – betal sjølv!

Er det riktig at dei som er bleike og heldt seg unna sola og ikkje får hudkreft skal betale for dei som solar seg og sett seg sjølv i situasjonen?

Ein veit kven dei er. Dei er tynne, vakre og solar seg. Med ein gong sola tittar fram, flekker dei på seg bikinien og set seg i sola. Dei vil bli brune, lekre og vise seg fram for andre. Dei slikkar sol i time etter time. Er det dårleg vær i Noreg reiser dei til Hellas og solar seg der.

Den viktigaste årsaken til at ein får føflekk-kreft er soling. Særskild farleg er solforbrenning og intens solstråling. Dette er noko alle veit, og som myndigheitene informerer om med jevne mellomrom. Likevel solar folk seg. Utan skam. For å bli brune.

Eg er bleik. Solar meg sjelden. Skal eg betale for at tynne idiotar solar seg og pådrar seg kreft? Eg skal sette i gang eit opprør. Frå oss bleike. Betal kreftbehandlinga di sjølv din solbrune jævel.


(om du lurer på om eg er gått heilt av skaftet - så er altså dette ein lett ironisk kommentar til denne kronikken)

----
Oppdatering. Kva syns du helsevesenet skal tilby folk som er overvektige? Delta i helsehøyringa.

søndag 24. oktober 2010

Konfortabel med eigen kropp.

Faktisk til dei grader. Så konfortabel kjem eg aldri til å verte. Uansett om eg veg 29 kilo eller 140.

Varsko her! Forbli barnlaus

Altså. Planlegg du å etablere ein familie, få born, stasjonsvogn, katt og hygge. Tenkt deg nøye om. For dersom du vert gravid å ber bornet fram - kan det vere at du utløyser fedmen. Den store skumle fedmen. Som er/ikkje er ein sjukdom.

Så då må du spørre deg - lukkeleg familieliv eller ein nokonlunde kropp. Kva er viktigast for deg? Og svaret gjer seg jo sjølv, kva faen skal ein med ungar om ein er feit? Då kjem partneren din til å syns du er tjukk, forlate deg for ei ny og yngre dame - og du blir ei feit (og lat) åleinemor. Er det den framtida du vil ha?

Nei, kjøp deg heller ein unge frå Malawi til dømes. Madonna syns dei er supre. Dei står jævlig bra til dei nye skinnstøvlane ho kjøpte førre veke. Då kan du få familieliv - og du beheld kroppen og kjæresten din.

Tynn+unge=hurra!

lørdag 23. oktober 2010

Tjukk og singel?

Om ikkje ein sjølv skal slite med sitt eige sjølvbilde og kropp - så melder VG i dag at 25% av befolkninga i Noreg syns at partneren er for tjukk. Kven er desse menneska? Lurer du på om partneren din har svara i undersøkinga?

Du får følge med i kveld når laurdagspizzaen kjem på bordet - om kjærasten din tel kor mange pizzastykker du et og kor mange sjokoladebitar du trøkker i trynet under laurdagskosen. Kan bli ein skikkelig triveleg kveld i mange heimar i kveld. Eg sjølv skal innta flytande kaloriar og kalorifrie sigarettar på ein eller annan utestad. Og være eks-tjukk og singel. Om ikkje anna - så slepp eg no at kjærasten syns eg er for tjukk.

Litt alkoholblogging - sidan det er helg

Altså. Det finns mange måtar å få kjendisstatus på. Ein kan til dømes gje ut plate, gje ut bok, ein kan bli politikar eller ein kan delta i eit tv-program. Det er flust av fjernsynsprogram der alle og ein kvar kan delta. Eit av dei mest kjende er Paradise Hotel. I korte trekk går denne serien ut på at ein skal drikke, ha sex, krangle, drikke meir, ha meir sex, krangle meir og være så stor klyse som ein berre klarar. Mon tru om Einar Gelius vert programleiar neste år? Kanskje paradisesexen ville verte meir spanande?

Ein av dei som har gjort dette godt er Paradise Carl. Også kjend som Carl Eliassen. Etter Paradise Hotel har han mellom anna seld t-skjorter samt hatt nokre nyheitsoppslag om tildømes at han var kasta ut av leiligheita si, pågrunn av fyll. Hurra for sunne og gode forbilder!

Eg stille mer difor veldig undrande til at Vinmonopolet vel å bruke Carl som ein frontfigur for at ein skal vise legetimasjon på polet? Det er greit at du drikk deg kjempedrita, så lenge du er gamal nok? Eller er det ei djupare meining eg ikkje ser?

Bilde fra Vinmonopolet på Grunerløkka

torsdag 21. oktober 2010

Lysbakken vs Fjellanger

Eg har i dag møtt Forbrukerminister Audun Lysbakken til debatt om reklame for usunn mat retta mot barn og unge. Og sjølvsagt. Som den supre fyren han er, så er han ikkje avvisande til å sjå på lovendringar for dette. Han ventar no på ein rapport som har granske om bransjen tar ansvar i forhold til dette spørsmålet.

Me får vente i spaning. I mellomtida kan du høyre debatten her.

onsdag 20. oktober 2010

Kven tener mest pengar?

Utrykket kampestein i glasshus har vel sjelden passa betre enn til denne artikkelen i VG.Sidan skattelistene vart lagt ut i dag, kan ein jo ta ein liten sjekk.

Kari Angelique Jaquesson tente i fjor 3 070 905 kroner. Og kor mange prosent av dei menneska som betalte i dyre dommar for treningsdvdar, treningstimar og anna, er slanke i dag? Kva trur du? Lurar på om ho har kvalitetssikra tal for dette.

Eg derimot, har berre tent 20.480 kroner så langt på boka Feit - mitt liv som tjukkas, så det er berre å bestille. 

Søndagstur

Uansett om det vert snø, regn eller sol - kan du ta ein søndagstur. Du har garantert godt av det, anten det er for å kome i form - eller for å gå av seg fyllasjuka og fylleangsten.

Denne søndagen kan du gjere litt nytt for deg når du går søndagstur. Du kan være bøssebærer. Og nei, det er ikkje å bære rundt på ein dansk homo - det er å samle inn pengar  til Flyktningehjelpa.

Så altså. Søndag Gå tur. Samle inn pengar. Et eit stykke kake etterpå. Ha godt samvit.


Sko deg godt når du går på tur

mandag 18. oktober 2010

Ei pasning til Lysbakken

Vår forbrukarminster heiter Audun Lysbakken. Her er bloggen hans.  Som forbrukarminister er det han som har det overordna ansvaret for forbrukersaker her i landet. Lysbakken er og særdeles oppteken av fotball. Eller meir korrekt å seie, oppteken av Brann. Difor tenkte eg at eg skulle sende han ein pasning. Og eg håpar det vert ein målgjevande pasning. Sånn for å følge opp fedmedebatten.

Sist veke hadde eg eit oppslag i Dagsavisen om mellom anna forbud av reklame for sjokolade og anna kaloririk mat. Det er kanskje å trekke det litt langt, men eg meiner at ein også bør kunne diskutere slike framlegg. I dag var eg å vitja programmet Førkveld på NRK1 og snakka litt med programleiaren der om denne saka. For ein ting er eit generelt forbod mot reklame for sjokolade - ein annan ting er reklame for usunn mat retta mot barn og unge. Sveriges Konsumentråd gjorde ei kartlegging av reklame for usunn mat mot born og unge i Sverige.


Denne undersøkjinga synte at halvparten av all reklame på barnenettsider var reklame for usunne matvarer. Også på fjernsyn og barneblader var det nærmare 30% reklame for usunn mat - med barn og unge som målgruppe - eller som ei av målgruppene. Tenk berre sjølv når du ser på tv. Reklamen for dei kjeksa som er perfekt å dele - ein liten gut saman med hunden sin, reklame for kinderegg - spenning, eit leiketøy og litt sjokolade. Reklame for potetgull, reklame for sjokolade, for kjeks, for brus og anna usunn mat. Og frå forskningshald, ser ein at reklame for usunn mat, er ein av grunnane til at born vert overvektige. Og born ser mykje på tv.



Det er ikkje det at eg skal være ein forbanna sosialist moralist (som enkelte nok vil kalle meg uansett) - eg syns at folk må ete og kose seg. Slafse i seg potetgull og sjokolade til feitet glinsar rundt kjeften.  Men det eg syns ikkje er bra - er at bransjen kynisk rettar reklamen sin for born - for å gje dei vanar. Vanar som dei skal ta med seg til neste generasjon. I dag finns det berre nokon frivlljuge retningslinjer i forhold til reklame frå denne bransjen - i forhold til reklame retta mot born. Dette er ikkje godt nok.

Så difor Audun Lysbakken - sender ei pasning til deg. Eg oppmodar deg om å sjå på regelverk i forhold til reklame for usunn mat - retta mot born og unge. Det er strengt tatt ikkje naudsynt at sukkerbransjen skal tene seg rike på at ungane våre får dårlege vanar. Eg vonar at det er ein målgjevande pasning - og at eg sentrer betre enn dei som speler på Brann.

Audun Lysbakken. Foto: Natt og Dag

Flytte fett

Dagbladet melder i dag at ein kan flytte fett frå ræva til puppane på kvinner. Sikker kjempesmart. Og lurt. Og superfint. Og verkeleg naudsynt. Hurra for at verda går framover.

Eg har litt fett på sidene eg gjerne skulle vore kvitt. Eg tenkjer kanskje at eg kan få sprøyte det inn i penis. Så kan eg skrive Feit 2. Så mens du ventar på den, så kan du du tinge Feit - mitt liv som tjukkas i staden.

Helsedirektøren tar balletak

Etter ei veke med fedmesynsing i alle endar, er helsedirektøren kome på banen og smell til med avgiftsauke og andre godsaker:

  • Vil øke avgifter på usunn mat
  • Vil øke tobakk- og alkoholavgifter
  • Vil øke aldersgrensen for å kjøpe tobakk
Dette er etter mi mening gode tiltak. Sjokolade, brus og potetgull bør doblast i pris. Det er ikkje "mat" me treng.

Sjølv om eg skulle ynskje at han kunne byrja i ein annen ende. La sunn mat verte billegare, slik at alle har moglegheit til å leve sunt om dei ynskjer det. Det å fjerne momsen på frukt og grønnsaker, ville vere ein god start.

Kva meiner du om helsedirektøren sine forslag?
Faksimile dagens VG

fredag 15. oktober 2010

I sluttspurten av fettveka

Dette har vore ei veke i fettet og flesket tegn. Alle har meint noko om tjukke, kvardagstjukke, feite, flesk, latskap,  sjukdom, genetikk og feilsitering -og på toppen av alt, overvekt blant hundar. Det er godt det er helg, seier eg berre.

Inga Marte Thorkildsen skriv og om fedmekampen på sin blogg
i dag. Og ho trekk fram eit viktig poeng, sånn på tampen av veka (Nesten like viktig er det at ho i same innlegget syns at eg er eminent. Berre sånnn for å ha det påpeikt. Eminent altså):

Debatten, slik den har vært ført til nå, har bare som resultat at de tynne føler seg enda mer ovenpå, mens de tjukke føler seg enda mer som tapere. Imens kan Kari Jaquesson og andre slankeprofittører le hele veien til banken.


Slanking, trening og kosthald er ein millardindustri. Så tidleg som i 2004 vart det omsett for ein milliard i ymse diettar. Dette er seks år sidan, og talla har nok auka enormt sidan.

I debatten i går vart det det sagt at det ver lobba hardt for at fedme er ein sjukdom - fordi det er mykje pengar i legemiddelindustrien. Ein må balansere det synspunktet, med at det nok er mange andre som tener like mykje pengar på - at det ikkje er det.

Eige ansvar?

Lederen for Stortingets helsekomité, Bent Høie seier til VG i dag, at fedme er eit personleg ansvar. - Samfunnet kan ta noen viktige grep, men til slutt dreier det seg om at folk selv må ta ansvar for egne valg, mener han

Er og kreft eit eige ansvar? Om ein får til dømes lungekreft - skal ein då og ta ansvar for eigne valg? Sørge for si eiga kreftbehandling? Eller er det ein meir stoverein sjukdom?

Eg har alibi - tjukkasalibi

I kveld var eg med som ein av dei mange som var i panelet på den direktesendte Debatten på NRK. Slik såg den gjengen ut.



Denne veka har eg havna i en liten ordkrig med Kari Jaquesson. Litt synd,fordi eg trur egentlig eg og ho er einige om mange ting. Dama veit kva ho snakkar om når det gjeld mellom anna trening - det skal ingen ta i frå ho. I morgon er det eit intervju med ho i Morgenbladet. Der meiner ho bestemt at ho ikkje har sagt noko som er sårande for tjukke folk. Om meg seier ho dette:

Og la meg nevne en ting: Han som skrev boken Feit, Kristian Fjellanger, sier at jeg
mobber overvektige. Selv kaller han meg «glisekari», og jeg har aldri sett så mange
fordomsfulle uttalelser om overvektige som i hans bok.
– Fjellangers bok virker mot hensikten?
– Han har alibi,siden han har vært tykk. Men han bruker uttrykk som «tykk og stygg», «feit og ekkel », og tillegger folk negative holdninger han ikke har dekning for å si at de har. Han setter likhetstegnmellom «tykk» og «stygg» gjennom hele boken sin.
 Morgenbladet 15.10.2010

Eg er ingen ekspert på fedme sjølv om eg har vore eit fleskeberg. Ord som tjukk og stygg heng saman for meg. Fordi eg følte meg tjukk og stygg. Eg hadde fordommar mot meg sjølv - og var min eigen største fiende.  Etter dei mange tilbakemeldingane eg har fått dei siste dagane, så er eg ikkje åleine om dette. Ein er einsam med sin eigen kropp og si eiga skam. Eg syns ikkje tjukke folk er stygge. Folk som trives i eigen kropp er og er glade, er vakre mennesker - og dei som ikkje trivast bør få hjelp til å trivast. Og dei som vil vere tjukke - må få lov til det.

 Og ein kan ta ein runde på ulike nettsider dei siste dagenes debatt om saka - og då kan jo alle, inkludert Kari - sjå kva negative haldningar folk har til tjukke - og korleis feite folk er fritt vilt. 

Ho seier og i intervjuet at ho ikkje forstår kva som er sårande og kva som vert opplevd som mobbing av tjukke. Nei vel. Eg vel å avslutte dette blogginnlegget med å hente eit sitat frå Magasinet sist laurdag. Og så kan jo du sjølv bedømme om du syns at dette er...sårande eller om du syns det er greit å seie.


Ikke meng deg med folk som drar deg ned. Du har ikke råd. Man blir feit av feite venner.
Kari Jaquesson i Magasinet 9.10.2010

torsdag 14. oktober 2010

tirsdag 12. oktober 2010

Publikum til Debatten

Er fedme sykdom, eller er det resultat av livsstil? Og, hva hjelper, lavkarbo-dietter eller variert, norsk tradisjonskosthold.

Det er tema for Debatten fra Litterturhuset, torsdag 14.10, kl 21.30. I panelet er blant andre Kari Jaquesson, Jørgen Foss, Marit Christensen, Kristian Fjellanger og Christian Drevon.

Programleder er Erik Wold.

Du kan være publikum, for å sikre deg plass er det fint om du sender en mail til debatten@nrk.no, så holder vi av sete til deg og de eventuelt har med deg. Det er også mulig å bare komme til Litterturhuset kl 20.45, men da kan vi ikke garantere sitteplass. Oppmøte for publikum er altså 20.45.

Velkommen!!

GliseKristian

Altså. Avogtil så verdt eins egne ord så sterke når ein ser dei på trykk andre stadar enn sin eigen blogg. Og derfor følte eg no at eg måtte skrive litt om kvifor eg har brukt utrykket GliseKari.   I boka mi så skriv eg litt om korleis eg opplevd Kari Jaquesson når eg var tjukk.

No er det slik at eg synest Kari er den snillaste av dei som irriterer meg mest her i verda. Det er berre det at når ho kjem frisk og rask på God Morgen Norge, gjer halsbrekkande øvingar i eit helvetes tempo samstundes som ho pratar utan den minste anstrengelse – og på toppen av det heile gliser breitt – får eg lyst til å knuse tv-en og brenne alle klede utan elastisk liv. «Det er så lett!»

Som tjukkas syns eg at ho forenkla det så voldsomt. Ingen tjukkasar trener uanstrengt klokka 07.50 om morgonen og smilar. For tjukke folk er det ikkje berre berre. Det er eit slit. Og når ho smilte, så irriterte ho meg noko jævlig. Derfor har eg omtalt ho som GliseKari. Men når eg såg det på denne saka, så såg det så ondskapsfullt ut. Og det var ikkje meininga. Det var med ein humoristisk tone. Men eg syns framleis at framsida hennar på VG i dag, er upassande, drøy og er med på gje folk meir skam. Skamma over eigen kropp som eg skriv om her.

Men det som er det verste er at eg gliser liker jævlig som ho på God Morgen Norge. Endå klokka er jævlig tidlig og temaet er slanking. Eg er blitt ein av dei. Ein av dei som gliser og snakkar om trening. 

Glise, glise og atter glise.
  Eg går å kjøper meg ein bolle med vaniljefyll.

Gå deg ein tur Kari


Altså. Det finns ei grense og så finns det ei grense. Den grensa syns eg GliseKari har nådd i dag.

GliseKari skapte i går debatt med sitt utspel om at fedme ikkje er ein sjukdom - du berre er feit. Fedme går ikkje i arv, men er fordi du et for mykje og bevegar deg for lite. Eg er ikkje nødvendigvis heilt uenig med henne, men eg syns ho framstår som særdeles lite nyansert.( det som er lett morosamt er at VG og i dag melder at ein kan bli feit av å sove med lyset på)

Alle veit at fattigdom og sosiale forskjellar går i arv. Kjem du frå ein familie der ein må snu og vende på krona, så er det store sjangsar for at du kjem i same situasjonen sjølv når du vert vaksen. Du arvar dine foreldre sin sosiale situasjon. På same måten vil du jo sjølvsagt kunne arve fedme og overvekt.

Eg er ingen ekspert på arv og genetikk, men det er Magnus Strømmen. Han seier til VG i gå at: - Overvekt er i stor grad genetisk. Fedme er en sykdom. Kanskje Kari veit meir om genetikk enn denne doktorgradsstudenten. Kanskje ho i tillegg til å være irriterande blid og er ein genetikkekspert. Folk vert ekspertar ganske lett om dagen. Utruleg lett tydelegvis.

Eg lar meg ikkje så mykje provosere av hennar utspel for eigen retning, men det som gjer meg rasande er at ho meir eller mindre bevisst går inn for å såre andre mennesker. I går fekk eg mange meldingar på Facebook og på SMS av mennesker som følte seg tråkka og spytta på av GliseKari. Også leiar i Landsforeininga for overvektig, Jørgen Foss reagerer på dei tanketome utspela.

Når ho i dag står på framsida av landets største avis og hyler med krigstypar at feite folk er late, då er det kanskje verdt å sette bremsene på - og tenke seg litt om. Det virkar meir eller mindre desperat og direkte pinlig. Håpar du tenker over korleis du er med på å stigmatisere 20% av Noregs befolkning som late. Og at den personen som skamma seg over sin eigen kropp i går, og syns kvardagen var vond - har det endå verre i dag. Du er på same måten som Jan Thomas og Elixia, ein skammens våpendrager - og påfører andre mennesker skam. 

GliseKari: stram deg opp og gå deg ein tur - og tenk deg om.

Eg prøver å glise ho i senk. Foto: TV2

mandag 11. oktober 2010

Ein tjukkas i vinden

Dagane går utruleg fort nett no. Mange ting som skjer rundt boklansering og debatt. Eg syns dette er kjempeskummelt, og det er nesten slik at eg angrar litt på det heile - fordi det vart litt meir massivt enn eg trudde. Eg har dei siste dagane fått mange spørsmål om kvifor eg skreiv denne boka. Nok som eg egentleg ikkje hadde verdens beste svar på. Men no har eg det. Etter å ha fått langt over hundre meldingar på Facebook, e-post og telefon frå ungdommar som skammar seg over kroppen sin, som vert mobba fordi dei er for tjukke - eller som berre vil ha litt hjelp til motivasjonen for å fortsette å gjere noko med kroppen sin. Eg skal svare alle som har sendt meg meldingar - og har begynt i ein ende, men det kjem til å ta litt tid.

Ein liten røykepause må til.
 I dag har eg eit utspel i Dagsavisen om å forby reklame for sjokolade. Kanskje det er å dra det litt langt, men det er muligens behov for ekstreme tiltak? Kanskje ein i allefall bør påby at alle som reklamere for sjokolade skal være litt fyldige eller tjukke. For alle veit at dersom ein et mykje sjokolade, så vert ein jo tjukk. Kva meiner du?
Eg har og vore på nettprat og intervju med God Morgon Norge. Du kan lese svara her.

Eg må og seie at eg er ikkje reint lite stolt over at Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken skriv på bloggen sin i dag at eg har skrive ei viktig bok. No skal eg straks suse avgårde til eit intervju med Her og Nå, som du kan høyre på P1 klokka 15.03.

Tusen takk for alle fine kommentarar og tilbakemeldingar.

fredag 8. oktober 2010

Rar og spanande dag

Dagen i dag har vore spesiell og rar. I dag har eg bretta ut heile livet over mange sider i A-magasinet, hatt kronikk i Dagbladet, Morgonbladet og vore i ymse radiostasjonar. Veldig spesielt og seie så mykje om seg sjølv, men eg har fått så mange fine og gode tilbakemeldingar frå kjende og ukjende. No er eg kjempetrøtt, men skal svare alle som har tatt kontakt.

Det å ha ein kronikk på Dagbladet sine nettsider er ikkje kanskje berre supehyggeleg, fordi det er mange tilbakemeldingar av ulik art, og eg vil jo ikkje være slem med Tone Damlie Aaberget - fordi ho er jo i grunnen like søt og god som eit glass med syltetøy frå Lerum. Men ho er berre eit eksempel - og som eg har skrive, så trur eg ikkje ho har sagt dei tinga ho har sagt med overlegg. Både ho og eg for den del, må berre tenke på korleis orda våre virkar på andre.

Men det som gjer meg overbevist om at eg har satt fokus på noko som er bra, er denne tilbakemeldinga eg har fått på Facebook i dag:


Leste en flott artikkel på dagbladet nå. Stor takk til deg for det! Jeg er lærer på ungdomsskolen, og får helt angst over hvor stort press elevene har på seg når det kommer til å se "sånn og sånn" ut. Har elever som er normalvektige som mener de selv er tykke. Det sier vel sitt.Derfor blir jeg så glad når jeg ser slike artikler! God helg!

Me som vaksne mennesker kan ikkje tillate at born går rundt og skammar seg over kroppen sin. Der har me alle eit ansvar. Og det var det. No går eg beint til sengs. Over og ut. 

I salg fra mandag. Bestill den her

torsdag 7. oktober 2010

Fettnytt

Det skjer altså så mykje på tjukkas- og venleikshysterifronten at det er nesten for mykje for ein stakkar å følge med på, når ein samstundes skal gje ut bok og alt det som har fulgt med det. Men folk er altså jævla opptatt av kropp og fett om dagen.

Kelly Osbourne gret over sin nye kropp. Så glad er ho for at ho har tatt av nokre kilo. No flekker ho på seg bikinien og er stolt som ei høne. Mannsfett gratulerer og ynskjer til lykke med strandturen.

Om menn syns at ræva heng eller penisen er for liten - så fins det no håp. Marks & Specner har utvikla psuh-up undertøy for menn. "Den nye boxertrusen skal løfte baken, og har en integrert hylle for å framheve utstyret foran." Ei hylle å legge penisen på faktisk. Kven vil ikkje ha dette?


Men i dag kan alle tjukkasar rope tre gange tre hurra og velte seg i sjokolade og smelta ost. For det skal faktisk opprettast eit masterstudium i fedme. Du kan lese om gladsaken her. Kanskje dei treng prøvekaninar? Som kan ligge på sofaen og ete potetgull, medan ein vert studert av glade helsesøstre frå heile landet? Første mann til mølla får ringe matbjølla.


Men altså om du gir faen i alt dette og berre vil bli full med gode røykeforhold, så kan du komme på lanseringsfest for FEIT. Om du er så tjukk at du ikkje liker å gå ut, kan du berre bestille den her.


Er kasta ut på djupt vatn. Helvete heller.

onsdag 6. oktober 2010

Kalorier i yoghurt

Etter statsbudsjettsytinga frå FRP er ferdig, (stakars mennesker som må betale meir for sigarettane sine og for spriten sin)så slår TV2 til med nyhendesaken om at me nordmenn er umettelege på yoghurt. Me slafsar og et på denne sure melka. Eg tenkte eg skulle helle malurt i begeret - og fortelle at i tildømes Biola sviskeyoghurt er det 93 kalorier for kvart hundre gram. Et ein yoghurt med müsli så er det mykje verre. Heile 134 kaloriar for kvart 100 gram.

Så det så. Ta den. Eller les meir om kaloriar i yoghurt.

mandag 4. oktober 2010

Klining

Kven ville du helst klint med av ei jente med herpessår eller ei dame med overvekt?

søndag 3. oktober 2010

Tjukk mann - viktig sak

21 år gamle Jørgen Foss er sjefen for dei tjukke i Noreg. Han er leiar i LFO som er forenininga for feite folk i Noreg. Og i dag er han intervjua i VG. Og i motsetning til andre artiklar som VG lager om kropp, overvekt og trening - så er denne artikkelen ganske bra. Og viktig.

"Stereotypiske oppfatninger om at overvektige er trege, late og giddeløse, og at de er brautende og tar stor plass sosialt, skaper en forestilling om at det koster mer enn det lønner seg å ha en overvektig ansatt. Jeg tror også at det lave lønnsnivået kan skyldes at overvektige i mindre grad får lederstillinger av lignende årsaker, sier han."

Hurra for sjefstjukkasen. Han bør kjøpe boka mi.