onsdag 1. september 2010

Sunne svin

Ikkje nok med at dei er superslanke, supertrente, superkjekke og tener superbra - no skal dei verte endå betre mennesker. Svenske fotballspelarar får no forbod mot godis. Altså smågodt, brus og anna snacks. Då er det jo liksom ingen sjangs eingong for at dei går på ein smell. Og at dei vert feite svin. No vil dei for evig tid vere sunne svin.

Spanande å sjå om det vert bøter på dei som et smågodt. Om det er nokon som dett av lasset. 1000 kroner i bot og ein kamp i karantene om du glefsar i deg ein sjokoladeplate. Tanken på det er iallefall ei lita trøst. Tenk om tillsvarande forbod skulle komme i Noreg. Til dømes blant spelarane til Rosenborg. Eit forbod mot karsk, sodd, bart og vest. Det ville jo blitt ramaskrik i Trøndelag, mens resten av Noreg ville tenkt at endeleg er Trøndelag blitt ein sivilisert stad.

Eg har ikkje godisforbod. Men eg et ikkje godis sålikevel. Eg trenar istaden med muskelstimulator. Rare effekter av det. Eg berre seie det.

FORBUDT!

3 kommentarer:

  1. Tja, jeg har da sett endel fotballkamper (under tvang fra forloveden), og jeg finner dem hverken spesielt superslanke, supertrente eller superkjekke.

    SvarSlett
  2. Likar du ikkje godis? Eg syns eg får gode resultater sjølv om eg på laurdagen et kake, eller litt godteri. Men igjen, eg er SVÆRT streng dei andre dagane i veka. Likar bloggen din, den er artig, informativ og nynorsk!:D

    SvarSlett
  3. Itj å måbb trønderan og ERRBEKÅÅÅÅÅ
    NEIOGNEIOGNEIOGNEIOGNEI
    Då kjem fettdraugen og tek deg!!!!

    SvarSlett