onsdag 29. september 2010

Haustferien - bruk den til å reduser flesket

No er det straks tid for årets største tøyseferie. Haustferien. Ein har knapt kome i gong med arbeidet og skulen etter ein har bruk ein heil sommar på å fleske seg med is og grillmat - og så er det faen i meg ferie igjen.

VG presenterer i dag tips på kva du kan gjere i haustferien. Sjølvsagt mykje skrik og skrål. Eg vil gje mitt eige tips. Om du bur i Oslo eller ein annan plass i landet, er det faktisk mogleg å ta med seg ungane på tur. Som eg har skrive tidlegare på bloggen, så vert norske ungar, på lik linje med ungar i andre land - stadig tjukkare. Og det er mellom anna fordi dei sit i ro. Det er truleg fordi at du som mor eller far og sit i ro. For du vert statistisk sett og tjukkare.
Det er meldt fint ver. Det er gratis. Ein kan sjå ting som natur, oppdage nye stadar i byen, sjå på den openlyse handelen av narkotika, sjå på tjukke folk og skremme ungane dine - og masse anna fint. Så ta med dykk fleskerævene ut - då vert det endå betre å legge seg i sofaen etterpå.

Så tjukke kjem ungane dine til å bli.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar