
Eg er litt usikker på om dette er bilete av han før eller etter han slanka seg 13 kilo. Men satsar på at det er før - for det ser no ut som det er nok å ta av.
Og fleire av desse andre har tatt av. Fordi dei syns maten var dårleg. Det sat nok langt inne å innrømme - for ting som er frå utlandet er så eksotisk og fint liksom.
Eg tar meg i ræva på at dette er mennesker som heime i Noreg går med filttøflar, høyrer på verdensmusikk og syns nakenheit er fint og flott. Ein annan kar (som dog nok ikkje går med filttøflar) som syns nakenheit er bra - varme og fine Jan Thomas. Kle deg naken seier han. Sjå på deg sjølv. Eg syns det er betre å sjå andre folk nakne enn meg sjølv.
Kvar dag skal han no gje oss "bliny" tv. Kvar dag. Eg gjentek - kvar dag. Kanskje då ein liten tur til Afrika ikkje er så dumt?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar