I landet der folk er feitare enn nokon stad, altså USA er også ungane blitt feitare. 1 av 5 born i USA er no overvektige. Tendensen er den same i Noreg. I år 2000 vegde ein 9 åring heile 3 kilo meir enn ein 9 åring gjorde i 1975. Det er eit under at dei billige bleiene som er på tilbud overalt faktisk går rundt desse små fleskerævene. (ikkje det at ein skal være overfokusert på utsjånad, slik som andre er - det handlar om helse) Ein ting er at ein tjukk liten unge er sjarmerande, men når den tjukke ungen er blitt 18 år, og får vonde kne pågrunn av fedme, så er det ikkje så jævla sjarmerande lengre.
Og er det rart ungar blir feite. Småbarnsforeldre er blitt late og slappe. Ferdigmat, fjernsynet som barnevakt og laurdagsgodt til kvardags. Istaden for å gå på tur, så ser ein på fjernsyn - og istaden for å lage god og sunn mat, så smell mor og far ein ferdigpizza i ovnen. Det er behov for ein nasjonal livsstilsendringsplan for born - og ein nasjonal oppstrammingsplan for slappe foreldre.
Men mens ein ventar på dette, så tenkjer eg at eg skal redde nasjonen frå ein generasjon av tjukke ungar. Eg har i dag fått kokeboka Deceptively Delicious, som er ei bok som bør finnast i alle heimar. Mange småbarnsforeldre eg kjenner, orkar ikkje ta kampen med ungane for å få dei til å ete grønnsaker. Og med denne boka, så kan du lære korleis du kan lure grønnsaker i ungane - utan at dei merker det. Mi favorittoppskrift er så langt - sjokoladekake med rødbeter. Den skal eg oversette og legge ut her. Då har late småbarnsforeldre ingen unskyldning lengre.
Stram dykk opp - gå tur og lur grønsaker i ungane dykkar!
onsdag 15. september 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Endelig, noen som sier det som det er. Godt jobbet. Gleder meg til å lese boken.
SvarSlettjeg syns du er jævla dritt hva faen vet du om dette. svin
SvarSlettProblemet er at i nesten all mat man får kjøpt nå til dags er det proppet fullt med alle slags varianter av sukker, populært kalt karbohydrater. Jeg er sikker på mange unger går flere dager der alt de spiser er sukker, f.eks. hvis de spiser youghurt, frokostblanding, brødskive med syltetøy/nugatti eller frukt til frokost, pasta, pizza eller ris til middag osv. I vår iver etter å fjerne fett fra maten har vi dessverre erstattet den med sukker, som er 10 ganger verre på vår helse og vårt sinn. Det mest tragiske oppi dette er at dette en en trend vi ikke kan snu.
SvarSlett