mandag 14. juni 2010

Ny lærdom og såre brystvorter

Eg er ein fersk joggar. Og eg oppdager stadig ny og smertefull ondskap denne aktivteten fører med seg. Eg har smerter så sterke at ei kvinne ikkje ville kunne forstå den smerta eg kjenner no. Eg er sikker på at ein fødsel ikkje kan måle seg litt ein gong. Smerta riv og slit - og eg er nesten døden nær. Men berre nesten. Og det som ikkje tek livet av ein - må ein ta lærdom av. Og det eg har lært er at det er ein ting som er heilt vesentleg når ein joggar. Vaselin. Eller plasterlappar. Eg vrir meg i smerte.

2 kommentarer:

  1. Jeg kan komme med en rekke gode tips fra mine ammeperioder som du sikkert kan dra nytte av:

    Det beste er luft, luft og atter luft. Altså må vase litt rundt i bar overkropp hjemme. Eller ute. Alt ettersom. Det neste gode tipset er ammeinnlegg av ull. Fås på Babyshop. Har sikkert en god og beskyttende effekt, også for joggere. Du kan også prøve Lanolinsalve, det skal visstnok gjøre susen. Annen påsmøring som skal hjelpe godt er morsmelk. Men da må du kanskje alliere deg med en ammende kvinne (vi har vel en felles bekjent på det området for tida?), og det spørs litt hvor gode venner du har.

    Jeg venter spent på oppfølgeren.

    SvarSlett
  2. Er det lov å le? For eg ler. Eg ler høgt, faktisk. På same tid har eg vondt av deg.
    For meg er det totalt usannsynleg at ein blør av jogging, så du bør kjenne deg privilegert. Du er unntaket som påviser regelen. På ein litt trist måte.

    (Hatar forresten uttrykket: "Unntaket som påviser regelen")

    SvarSlett