torsdag 24. juni 2010

Mannsfett lar seg provosere over Ida Wulff

I ei undersøkjing som vart gjort i 2008, føler 49,7 % av alle jenter i alderen 15-16 års alderen at dei er for tjukke. Venleikspresset når man er i dei sårbare tenåra (både jenter og gutar) er enormt - og langt hardare enn me "vaksne" kan forestille oss. Ein kan lese denne artikkelen, som fortel mykje om korleis enkelte har det i forhold til utsjånad og perfeksjonisme.

Og jente er jente verst. Det er ei sannheit som har levd lenge. Og jenter kan også provosere gutar Og ein av dei verste jentene eg veit om i dag er "kjendisblogger" Ida Wulff. Som "kjendisbloggar" får ho slengt etter seg den eine gratis greia etter den andre, slik at ho kan reklamere for produkta på bloggen sin - og på ein billig måte nå ut til mange tusen lettpåverkeleg unge kvar dag. Denne jenta er rundt 20 år gamal. Og i dette blogginnlegget prøver ho Restylane. For å få større lepper - og bli endå meir perfekt. Og skryt av det. Og nærmast oppfordrer andre unge til å gjere det same. Og når slike mennesker som Ida Wulff - som av ein eller annan grunn faktisk er ein helt for unge jenter, skamlaust promoterer slike inngrep - vert eg lett provosert.Nokon burde nekta ho tillgang på nett ei stund - og gitt ho ein lang tenkepause.



Kjendisblogger som har fått gratis Restylane i leppene, gratis trikkebilett, gratis jakke fra Cubus - og gratis sjampis, på veg heim.

2 kommentarer:

  1. som du seier er Ida wulff rundt 20 år, og då er ho gammal nok til å bestemmesjølv om ho vil ha restylane eller ikkje. Sånn som eg (som 21 år gammal utan dårleg sjølvbilete og ikkje usikker 13åring med kvalpefett) les innlegga hennar, oppfordrar ho ikkje til restylane, men skriv at ho er nøgd og ikkje har hatt nokon dårleg opplevelse mned dette. Istadenfor å nekte ho tilgang til nett, burde man nekte småjentene du meiner ho er dårleg forbilde for tilgang til bloggen hennar.

    SvarSlett
  2. Hei, Tone.

    Er det ikke lettere å fjerne problemet enn alle de som blir påvirket?

    SvarSlett