søndag 13. juni 2010

Eit fett VM-tips

At menn er mange menn som er oppteken av sport og idrett er ei kjennsgjerning. Og i desse VM-tider så eksploderer jo intressa. Menn som normalt sett ikkje bryr seg så mykje om sport, benkar seg rundt fjernsynet for å halde rede på scoringar, feite taklingar og kven som stikk av med sigeren. Men der det er ein vinnar - er det og ein tapar. Mannen i gata. Eller rettare sagt, mannen i sofaen. Eg vil tru at under denne fotballfesten, vert det konsumert så mykje pizza, hamburgarar, øl, snacks og anna - at ein kunne sytt for at alle i eit middels stort afrikansk land var mette i eit år. Så medan fotballspelarene vert betre og betre trent, vert norske menn tjukkare og tjukkare. Og det er jo snart badesesong - og då kan ein angre.



Men heldigvis er Mannsfett på plass med eit godt treningstips til deg. Kjøp deg eit heimegymapparat. Sett det framfor fjernsynet. Og bruk det - gjennom begge omgangane og eventuelle ekstraomgangar. Og vips - når VM er over, så er du sprek som ein fole. Og badebuksa vil sitte som eit skudd. Eller så kan du gje faen - og heller gå på stranda slik som du er. Det funkar det også.


Pust pes.Pust pes. Stønn. Pust pes.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar