mandag 11. oktober 2010

Ein tjukkas i vinden

Dagane går utruleg fort nett no. Mange ting som skjer rundt boklansering og debatt. Eg syns dette er kjempeskummelt, og det er nesten slik at eg angrar litt på det heile - fordi det vart litt meir massivt enn eg trudde. Eg har dei siste dagane fått mange spørsmål om kvifor eg skreiv denne boka. Nok som eg egentleg ikkje hadde verdens beste svar på. Men no har eg det. Etter å ha fått langt over hundre meldingar på Facebook, e-post og telefon frå ungdommar som skammar seg over kroppen sin, som vert mobba fordi dei er for tjukke - eller som berre vil ha litt hjelp til motivasjonen for å fortsette å gjere noko med kroppen sin. Eg skal svare alle som har sendt meg meldingar - og har begynt i ein ende, men det kjem til å ta litt tid.

Ein liten røykepause må til.
 I dag har eg eit utspel i Dagsavisen om å forby reklame for sjokolade. Kanskje det er å dra det litt langt, men det er muligens behov for ekstreme tiltak? Kanskje ein i allefall bør påby at alle som reklamere for sjokolade skal være litt fyldige eller tjukke. For alle veit at dersom ein et mykje sjokolade, så vert ein jo tjukk. Kva meiner du?
Eg har og vore på nettprat og intervju med God Morgon Norge. Du kan lese svara her.

Eg må og seie at eg er ikkje reint lite stolt over at Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken skriv på bloggen sin i dag at eg har skrive ei viktig bok. No skal eg straks suse avgårde til eit intervju med Her og Nå, som du kan høyre på P1 klokka 15.03.

Tusen takk for alle fine kommentarar og tilbakemeldingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar