Me vert feitare. Og med me - så meiner eg menn. På 10 år har andelen menn med alvorleg overvekt auka med 4% prosent. 11 % av menn i Noreg er no alvorleg overvektige. Etter 10 år med smelta ost, snøggmat og sofasliting, esar mannen ut som ein ballong med fett. Og kven kan me skulda for dette. For mannen er jo uskuldig i dette fettdramaet som no utspiller seg.
Min teori er at dette er kvinna sin feil. Før i gamle dager var menn tynne og slanke - medan "kånemor" var rund, med raude kinn - og hadde middagen på plass når mannen kom att frå arbeid. Men så endra det seg. Kvinna skulle på død og liv arbeide. Så vart det ferdigmat og halvfabrikata - med høgare innhald av kalorier. Dermed vart mannen feit. Og så vil ikkje kvinna ha den feite mannen. Ho vil ha tynne menn med musklar. Sånn at mannen får dårlig sjølvtillit. Og så vert alt bere elende. Og konsekvensane kan bli fatale. Eg berre seier det - eigne aldersheimar for tjukke foreksempel.
Så konklusjonen er at likestillinga har øydelagt mannskroppen. Eller så trener me berre for lite - men det er så kjedelig løysing på problemet.
lørdag 4. september 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)


5 kommentarer: