mandag 19. april 2010

Flesk til med ein halling

I tillegg til å være manisk opptatt av fett og denslags, er eg styreleiar i den største folkedansorganisasjonen her i landet - Noregs Ungdomslag. Ikkje det at eg dansar så mykje folkedans - eg er helst veggpryd, men eg har i dag tenkt å slå eit slag for denne vidunderleg, rare og fantastiske kulturforma. Som og ristar og slenger flesket ditt rundt - slik at det trulg vert mindre av det. Og like bra som å hoppe med hoppetau - og truleg noko meir elegant. Kanskje du ikkje veit så mykje om folkedans - då skal eg på lekmansvis freiste å forklare deg kva det er. Sjølvsagt i ein fettkontekst.

Det er viktig å byrje med dei enkle dansane. To steg fram og eit tilbake i ein ring. Alle som er i ringen kan 176 vers av ei vise som Hulda Garborg henta frå Færøyane. Det er berre du som ikkje kan denne visa. Kunnskap er makt, god miming gjer samme nytta. I sjølve verset berre beveger du leppene litt, slik at det ser ut som du syng - og så kjem det eit omkvad som truleg er Suddelida Suddelidei eller Trallala lalala hei serru serru hatten. Det lærer du fort - og då smell du til å syng for full hals. Denne forma for dans heiter stordans, og minner kanskje mest om lett gange. Då forbrenn du omlag 173 kaloriar på ein time.

Så er det runddans, turdans og songdans. Dette er når to og to dansar saman. Her er ofte tempoet hurtigare og langt meir fysisk krevjande. Ein går ofte fram, så tilbake - så går ein rundt, snur, går eit åttetal før ein kneler og spør den ein dansar med om ein vil gifte seg. Då syng ein til dømes "Det står ein friar uti garden". Og skal det kome ei kjekk jente å fri til deg - så må du nok vere ganske slank og kjekk. Då er det lurt å ha dansa mykje folkedans. Dette kan nok samaliknast med symjing eller lett jogg, og du forbrenn ganskje mykje meir enn ved stordansen.

Det som er viktig med folkedans er å sjå ut som du kan det. Nesten alle dansar eg veit om har ein lokal vri. Om nokon meiner du er ute av takta eller sviktar feil - så seier du så arrogant du berre greier - det er slik dei har dansa den i mi heimbygd i mange generasjonar. Med andre ord så er det ein tradisjon, og tradisjonar er noko folkedansarar set pris på.

Så kjem det som verkeleg sett susen på forbrenninga. Bunaden. Eg til dømes, har snart ein Nordhordlandsbunad. Dette plagget kan på mange måtar samanliknast med ein sauna. Ein sauna i bevegelse. Dansar du folkedans og har på deg ein bunad - så er det faktisk ikkje ein flekk på kroppen du ikkje svettar på, etter ei økt på dansegolvet.

Så for å komme i form til speedosesongen, så er altså oppsummeringa slik: Skaff deg bunad, meld deg inn i Noregs Ungdomslag - og flesk til med ein halling.


Snart ny bunad på plass.

3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  2. Haha - jeg vil danse av meg fettet også.

    SvarSlett
  3. Bra tiltak! NU trenger absolutt flere svette, dansende menn i bunader. ^^
    (jadda, gammelt innlegg. men det måtte sies, spesielt klokka halv fire på natta)

    SvarSlett