onsdag 9. februar 2011

Feit - on tour

Altså. Eg er på turne i Nord-Noreg. Eller turne og turne. Eg har to stoppestadar. Men i Nord-Norge er jo ting så langt frå kvarandre, at det vert som ein turne. I dag har eg vore på konferanse saman med Fresk Bodø. Og snakka om fleskevalker og omkringliggande hærlegheiter. Bra steming og gode spørsmål i etterkant.

Leser frå Feit i Bodø.
I morgon sett eg kursen mot Sandnessjøen og Sigridkongressen. Og alvorleg talt. Når eg endeleg skal relativt normalvektig og gått frå tjukkas til smukkas - kven er det bilde av ved sidan av meg. Joda. Kjendis hunkyhunk Jan Thomas. Og ved sidan av han ser jo alle ut som takras. Helvete heller.

Lille spegel på veggen der -

Kven er venast i landet her?

3 kommentarer:

  1. Du er absolutt venast i landet her!

    SvarSlett
  2. Du greier deg veldig bra :) Opp med handa dei damene som er gale etter Jan Thomas! Eg løftar ikkje ein fing :)

    SvarSlett
  3. Du går Jan Thomas ein høg gang:-)

    SvarSlett