onsdag 16. februar 2011

Innlegg i Dagbladet i dag

Innimellom vert eg litt provosert. Av mange ting. Men i det siste er eg blitt litt provosert av kvinna sitt monopol på offerrolla. Så då måtte eg sette meg ned å skrive litt. Og har dette innlegget på trykk i Dagbladet idag.


Menn har også ein kropp

Det vart tidlegare denne veka publisert ein rapport om menn og sal av sex i Bergen. Dette er den mest omfattande undersøkinga som er gjort av prostitusjon blant menn i Noreg. Kunnskapen om dette feltet er skremmande liten.

I fleire saker dei siste vekene har ein og kunne lese om raudgrøne kvinner som mellom anna ynskjer å forby stripping. Dette i følge ei av damene fordi ”stripping er med på å gjøre kvinnen til et objekt og en salgsvare”

Dette kan ein meine mykje og mangt om. Utan at eg meiner så mykje om akkurat det. Men det eg meiner noko om er dei raudgrøne kvinnene og andre si manglande evne til å tenke på at begge kjønn opplever det å være offer. I følgje Pro-senteret viser fleire undersøkingar at blant dei unge, er det fleire unge gutar enn unge jenter som oppgjer å ha solgt sex.

På lik linje med andre felt der kvinner har ”monopol på å være offer”, har ein og på området mannleg prostititusjon lite kunnskap og kompetanse. Men det ein veit er at eit ungt utsjånad og ein ung alder er ettertrakta. Noko som bringer ein vidare til eit anna område som jenter har eit monopol på offerrolla – kroppspress og venleikstyraniet.

I ei britisk undersøking som vart gjort for nokre år sidan, ser ein at det er ei kraftig auke i talet på menn som lir av etevegring og eit forstyrra syn på eigen kropp. Kropp og utsjånad er eit tema på ein meir omfattande måte blant gutar og menn enn det var tidlegare. Ein av dei tinga som er med på dette fokuset er at mannsidealet er å være slank og muskulaus – og ha ein bra og perfekt kropp.

I følgje same undersøkinga kan ein og sjå at menn i langt mindre grad enn kvinner søkjer hjelp for problema sine. Dette fordi det å ha ei etevegring er ein sjukdom som vanlegvis assosierast med kvinner – og det vert ein tabu og noko som er særs skambelagt. Ein veit ikkje mykje om gutar og etevegring, av di det vært forska svært lite på dette – og er svært lite i fokus. Ei lita ringerunde til senter i Noreg, som rådgjev personar med etevegring, viser at berre ein stad har dei eit tilbod til menn. Og der er det typisk nok, berre kvinner som arbeider.

Det er viktig at ein gjer rom for at menn også har ein kropp. Ein kropp som ein og kan kjenne skam for, som vert vurdert, som vert tolka og som må få like mykje merksemd som kvinnekroppen.  Også når ein vert offer for eigen kropp.

For likestilling handlar ikkje berre om jenter – og søstersolidaritet. Det handlar om at alle skal kunne leve og delta i samfunnet på like vilkår – og få den hjelpa dei treng. Uavhengig om ein har pikk eller ikkje.



2 kommentarer:

  1. Hei, har nettopp lest boka di, som jeg likte svært godt. Siden du fokuserer så mye på puling, så synes jeg du skal skrive litt mer om en av årsakene til homofili kanskje er at noen gutter som er under- og over-vektige i puberteten kanskje retter sitt begjær mot den perfekte, normale mannekroppen.

    SvarSlett