fredag 11. mars 2011

Slankepolitisk plattform

Altså. I morgon så skal eg fleske til. Å legge fram ein slankepolitisk plattform. For Oslo Sv. På årsmøte deira. Og eg er jo listefyll. På Grunerløkka SV si liste.  Og alle veit at fyllet i bollen eller kaka er det som smakar best. Og då er det jo naturleg, at eg som den konfekten eg er legg fram ein slik plattform. Eg vil mellom anna avsløre - kva fagforbund som er det tjukkaste fagforbundet - og som me må ha eit samarbeid med.

Framlegginga mi tek til klokka 13.00 og møter er i god sosialistisk ånd - åpent for alle.

2 kommentarer:

  1. Eg vonar Oslo SV tenkjer litt nytt og går inn for å sette makspris på kål til 1 krone kiloen. Kål er sunnt og kortreist mat og bør vera noko alle har råd til. Ingen kan svelta så lenge me har kål!

    SvarSlett
  2. Ja, kålprisen treng sosialistisk handling. I dag kosta kålet 15 kroner kiloen på Rema 1000 i Bergen! Og det i fastetida!

    SvarSlett