tirsdag 18. januar 2011

Smakebit frå mitt nye bokprosjekt: Mager

Altså. No er det nokre månadar sidan eg gav ut boka Feit. Og i desse månadane har eg opplevd mykje, fått ekstremt mange attendemeldingar, snakka med mange folk og lært mange ting om meg sjølv og andre. Så for nokre veker sidan satt eg meg ned å byrja å skrive på ein oppfølgjar. Den jævla vanskelege andre boka. Men i grunnen så er det ikkje så vanskeleg. For det er så ekstremt mykje å gripe fatt i av saker og ting.

Bokprosjektet heiter Mager. Og er ei aggresiv sjølvhjelpsbok. Sjølvsagt ikkje i tradisjonell forstand. Først og fremst skal eg jo hjelpe meg sjølv. Her er ein liten smakebit frå boka. Har du innspel til ei bok som heiter Mager - bør innehalde?

----
Eg tenker på dei andre. Dei som er rundt meg. Som et boller til lunsj, drikk brus med sukker og sjelden trener. Det eg ikkje kan fatte og begripe er at dei er tynne. Om eg et som dei og trenar like lite - synes eg at eg med ein gong ser ein bul på magen. Og at buksa strammar i låra. Og at ræva klaskar bak meg når eg går. Eg tykkjer det er blodig urettferdig - og forbannar dei i høge tonar mens eg står og trakkar på den helvetes stepmaskina.

Eg lurar på kor mange mil eg har lagt bak meg på denne maskina. Og dei fire andre. Det er ikkje få. Det er keisamt. Sjølv om eg både har ipod, ser ein tv-serie eg har sett før og samstundes ser ut vindauga - for å sjå om eg ser noko som er verdt å sjå på. Sjølv om eg no ikkje ville ha skamma meg så intenst for å gå på eit treningsstudio, byr det meg i mot.

Ein ting er å bli slank. Då har ein eit prosjekt og eit mål. Når ein meir eller mindre er nøgd med vekta, så er det ikkje noko anna enn å halde seg slik. Bare liksom halda seg i stabilt sideleie. Korkje opp eller ned. Litt dårlig samvit når ein har ete litt for godt, som vert oppvegd med litt ekstra trening. Så går ein på ein ny utskeiing, før ein på nytt - sett inn eit treningsstøt. 


Eg treng eit prosjekt. Eit tidsavgrensa mål som eg kan gjennomføre med glans. Som gjer meg ny motivasjon til å halde vekta. I sjakk.

Eg går ned frå stepmaskina, tenner meg ein røyk - og byrjar å lage ein prosjektplan. Prosjekt Perfekt.

-----

1 kommentar:

  1. Vil gjerne motivere deg til å tråkke noen skritt til. Så tenk på meg når du tråkker på, da ligger jeg høyst sannsynlig i sofaen og er tynn. Bli forbanna. Jeg erger meg derimot grønn på alle som for enhver pris, hver dag, må ha frem hvor mye de har trent, hvor gærne de har vært for de unnet seg noe godt etter trening. Kjedelig status, som bryr meg midt i ræven. Det er som forsiden på et glasert ukeblad. Du har derimot en selvironisk viljestyrke.

    SvarSlett