mandag 3. januar 2011

Inspirerande eller irriterande?

Det er berre til å stålsette seg. Er du overvektig eller feit utan verken ønske eller lyst til å gjere noko med situasjonen, går du tøffe tider i møte. Kvar einaste forbanna dag i vekesvis, kjem du til å sjå artiklar om slanking, supre, slankande, smaksfulle rettar (som truleg smakar som avkok kupiss), folk som tar av supermasse og reklame for vidunderkurar.

Den beste slankesaken i dag, syns eg er denne saka om Jørn Hoel. Han går inn for ei slankare linje no i 2011. Det skal han gjere med ein personleg trenar. Det har han fått i julegåve av dama si. Kanskje ikkje det å "ælske i sneen" var så forlokkande lengre? I tillegg skal han gje ut plate og bli jorunalist og greier. Det er ikkje måte på kva han skal ta seg til med i 2011. Mannsfett skal monitorere denne slankinga til Hoel.

Den alles kjære Kari Jaquesson skal trene Christer Falk. Det vert nok superkjekt. Men trass alt bra, at menn som Christer Falk slankar seg offentleg. Han er jo liksom ein tøff jævel, som eigentleg ikkje burde bry seg om slanking. Så lett kudos. Ikkje for mykje altså, det er jo trass alt måndag.

Men er dette inspirerande eller berre jævla irriterande? Eg er slett ikkje heilt sikker. Eg trur at ynskje om trim, trening og gnafsing av grønsaker kjem liksom frå innsida. Eg vert iallefall ikkje inspirert av glade superdupersmilande trimdamer og menn. Då får eg større behov for å unna eige oppkast. Det er jo ikkje noko morosamt å trene om du er tjukk. Det er eit forbanna slit.  Vert du inspirert av denslags artiklar? 

Denne veka har eg i bunn og grunn nok med meg sjølv. Eg gjorde fullt styreprogram i dag for første gong sidan midten av desember. Og det er med relativt store smerter eg skriv dette blogginnlegget. Så no tek eg meg ein røyk for å nulle ut effekta.

Og vrir meg lett i smerte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar