mandag 17. januar 2011

Eller ein kan gjere det gratis?

I desse treningstider, då alle skal bli kvitt fettvesten etter jula - er media fulle med gode slanke- og treningstips. I dag har VG tatt for seg kor mykje det kostar å trene av seg flesket på treningsstudio. Og me snakkar ikkje småpengar.

Eg likar ikkje treningsstudio. Eg meiner dei er med på å bygge opp under folk si skamkjensle og frykt. Skamkjensle over å ha nokre kilo for mykje - og frykt for å ikkje vere perfekt. Om ein ser på desse heimesidene dei har, så finn ein berre "perfekte" folk med bleika tenner og solbrun hud. Ikkje at det er noko gale i å være sokalla perfekt - men det er heilt greit å vere som oss andre og. Oss som har nokre skavankar. 

Ein langt billigare og mindre ambesiøs måte å gå fram på, er å ta på deg joggeskoa, og gå deg ein tur på den glatte og holkete veien.  Då brukar du alle musklar du har i beina og ræva heiser seg i rekordfart. Gå ein god time. Du kan eventuelt gå i ditt eige protestog for ein meir human asylpolitikk. Flesker du og til med å ta nokre situps og armhevningar når du kjem heimatt, så kan du klaske flesket på sofaen etterpå. Med godt samvit.

Og sofa med godt samvit, er den beste sofaen.

3 kommentarer:

  1. Media har slått ring rundt Madina. Har det norske folk det? Nei, det ser ikke slik ut, om man leser kommentarer til avis artikler og blogger.

    Her kan du stemme slik at vi får en pekepinn på hva folket egentlig mener.

    http://stem.start.no/15811

    SvarSlett
  2. Generelt sett er kommentarer på blogger og aviser av en slik karrakter at jeg mister troen på menneske. Jeg tror ikke disse menneskene som ikke har noe bedre å gjøre på en å rive av seg brunt grums, representerer folket. Iallefall ikke mitt folk.

    SvarSlett
  3. Den einaste morosamme treningsreklama eg har sett var den SiO hadde i fjor, med ein sånn kjip gymlærar med svetteband i hovudrolla. Teksten handla om at her var det ingen gymlærarar som passa på, ein kunne trena som mykje eller lite ein ville, og kanskje til og med koma i litt betre form.

    SvarSlett