tirsdag 4. januar 2011

Eigen skatt for tjukke?

Den svenske politikaren Stefan Hanna vil ha ein eigen skatt for tjukke. - De överviktiga utsätter det gemensamma systemet för mycket större påfrestningar än de som äter och dricker normalt, seier han til ei svensk avis.


Eg lurer på korleis han har tenkt å rekne ut denne skatten. Kanskje ved hjelp av BMI. Når ein fylle ut likininga, så må ein og fylle inn BMI. Har ein BMI på over 25 så legg ein på 1% og har ein over 30% så legg ein på 2 %. Det same må då gjelde for personar med Anorexi. Har ein BMI under 16 så vert det og ein ekstra prosent skatt - avdi ein truleg må ha hjelp frå det offentlege.

Men kvifor stoppe der. Dei som solar seg for mykje og får hudkreft må også rapportere antall dagar i sola, for å få rekna ut sin ekstraskatt.For ikkje snakke om dei som har usikker sex, og pådrar seg Klamydia eller det som verre er. Dei får ein straffeskatt på 5%.

Ein skal jaggu være glad ein ikkje bur i Sverige. Kanskje det er derfor så mange svenskar bur i Noreg?



Svenske som reknar ut ekstraskatten sin


4 kommentarer:

  1. Og dei som røykjer må vel også betale ekstraskatt. Dei som blir skada i bilulykker må vel også betale, dei køyrte jo bil, eller kanskje dei berre må betale dersom det er bevist at dei braut trafikkreglane. Og kva med dei som insisterer på å trene og så øydelegg kneskåla etter stupet på glattisen? Dei valgte å gå der, det må vere deira eigen feil. OSB.....
    Utrekningssystemet tør eg ikkje eingong tenke på, det heile må bli veldig invikla. Kan det bli ein flat toppskatt for mange dårlege vanar eller skal ein plusse på kvart enkelt fleirtrinn med eigne satsar for kronisk eller akutt dårleg vane?

    SvarSlett
  2. Hehehe, kommer aldri til å gå igjennom det der. Da tror jeg jeg mister litt respekten for Sverige ass. Jeg mener, er ikke en smule diskrimminerende?:P A4 samfunn, hurra.

    SvarSlett
  3. Denne argumentasjonen kommer til Norge også, helt sikkert. Så hva med en ekstraskatt for dem som kjører slalom eller eldre som ikke går med brodder, eller kanskje foreldre til hyperaktive barn som spiser for mye sukker? Tusen takk for at jeg får skrive bokmål.

    SvarSlett
  4. Faktisk burde vi få fedmefrådrag. Vi døyr jo 10 år føre alle andre! Tenk alt staten sparer på sjukeheimsplassar og pensjon!

    SvarSlett