torsdag 8. juli 2010

Langtidseffekter av trening

Det vert forska på alt. Det er jo ein grunn til at ein finn ut dei mest utrulege ting. Ein forskar sjølvsagt og på trening. Trening er jo eit relativt nytt fenomen. Eit behov me fekk, når pølser, øl og smågodt frå Sverige vart ein naturleg del av eit næringsrikt og balansert koshold. Men er det nokon som har forska på langtidseffektene av trening? Ein har forska på langtidseffektene av røyking og det er jo ganske stusselege framtidsutsikter ein har der. Men det tok jo ganske lang tid frå ein byrja å røyke, til at ein kom fram til at det var skadeleg. Og tenk då - om 10 år, så har forskarar kome fram til at det er skadeleg med trening. Du får ikkje lengre beinhinnebetennelse av å jogge - du får regelrett beinhinnekreft?

Og ein kan jo stille seg spørsmål om trening i det heile teke, er viktig ( for det handlar jo om utsjånad - ikkje noko anna) - no når også supernerder kan verte supermodellar.

Så kanskje ein skal vurdere dette med trening på nytt. Gjere ei god og brei vurdering, medan ein drikk øl, et hamburger og tek ein røyk. Dei tre tinga er ein iallefall heilt sikre på er skadelege - sånn på lang sikt.

Dette kan umuleg vere bra på lang sikt?

1 kommentar: