onsdag 22. september 2010

Fjerne feitt med bøn

Altså. Det er utruleg mange gode tilbod om ymse produkt for å gå ned i vekt. I går las eg om Eva frå Tronheim som hadde tatt av 30 kilo med å ta ei pille full i organisk jævelskap - som stoppa lysta på sukker. Vips hadde Eva blitt vakker og ven. Vidunderkuranes dagar er ikkje talde tydeligvis.
Og det skjer jo støtt og stadig  små og store mirakel. I denne barnehagen har visstnok Gud vore på besøk. Og fiksa og ordna. Og då tenkjer eg. Gud kan tydeligvis fikse det meste. Frelse folk frå rushelvete og homofili. Så då må ein kunne søkje hjelp til vektreduksjon også? Kristne organisasjonar har jo fleire behandlingsstadar for rusavhengige.

Kanskje ein også burde starte opp vektklinikkkar, med eige slankebehandlingstilbod med bøn. Om ein drar på med 15 Fadervår i løpet av ein dag - så mister ein eit kilo? For om desse mirakla kan skje - så må dei jo funke på fett og?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar